Juks med elektriske motorar har skapt storm i sykkelsporten den siste månaden.
Eitt av dei store samtaleemna har vore korleis Det internasjonale sykkelforbundet (UCI) avslørte såkalla mekanisk doping under VM i sykkelcross i januar.
Til no har UCI nekta å snakke om den nye og revolusjonerande testmetoden.
Men i eit videoklipp frå rittet Omloop Het Niewsblad viser det nederlandske profflaget Team Lotto Jumbo korleis det heile foregår.
Sjå video her:
Med eit ipad-liknande brett skannar kontrollørane sykkel etter sykkel effektivt utan å skru dei frå kvarandre.
– Det er rett og slett eit brett som skannar magnetisme. Ein motor med batteri vil gje frå seg ein viss magnetisme. Det gir utslag på dette brettet, seier president i Norges Cycleforbund, Harald Tidemann Hansen.
Forhindrar hektiske situasjonar før start
Brettet har ein skala frå ein til ti, som gjør det mogleg å sjå graden av magnetisme i sykkelen.
– Om talet er lågt er det ingenting å uroe seg for. Kjem 10-talet fram er noko gale, og vi må skru sykkelen frå kvarandre, seier Philippe Marien i UCIs disiplinærkomité til road.cc.
I fjor gjennomførte UCI stikkprøvar ved å skru eit fåtal syklar frå kvarandre før ritt. Då kunne det hende at laga som blei testa fekk det travelt med å rekke starten.
Den nye metoden er langt bedre. Førre helg fekk UCI sjekka heile 139 syklar under Omloop Het Nieuwsblad i Belgia.
– Det er eit system som gjør det veldig enkelt å teste mange syklar. Utstyret gir ein veldig rask indikasjon på om det er noko ulovleg i ramma eller hjulet, seier Tidemann Hansen.
– Med denne testmetoden trur eg ikkje motorjuks vil vere noko problem i framtida, legg han til.
Vil ha testing i norske ritt
Ifølge sykkelpresidenten kostar eit test-brett mellom 60.000 og 70.000 kroner.
Det belgiske forbundet har investert tungt i teknologien, og handla inn brett for rundt ein halv million kroner for å kunne gjennomføre omfattande testing under ritt som Flandern Rundt og De Panne, som Alexander Kristoff vann i fjor.
Tidemann Hansen ser også for seg at det også kan bli gjennomført kontrollar under norske Tour des Fjords, Arctic Race og Tour of Norway denne sesongen.
Men på grunn av den høge prisen trur han Norges Cycleforbund må vente med å kjøpe inn teknologien.
– Vi har ikkje sett av pengar til å kjøpe inn i år, men etter kvart som det blir produsert fleire vil prisen truleg gå ned, seier Tidemann Hansen.