Hopp til innhold

Solbakken åtvarar Strand Larsen mot klubb­skifte

Jørgen Strand Larsen har levert ein strålande sesong i La Liga. Nå vil han teste ut kva han kan utrette på eit lag som ikkje alltid er «underdogs», men Ståle Solbakken er skeptisk.

Football, International friendly, Norway - Czech Republic

USIKKER FRAMTID: Jørgen Strand Larsen er heilt ærleg om at han håpar på ein overgang i sommar.

Foto: BILDBYRÅN

– Målet med å dra til Celta var jo komme dit eg er nå.

Det seier Jørgen Strand Larsen til NRK om gjennombrotet han har fått i Spania denne sesongen.

Haldensaren har vore i knallform for Celta Vigo i La Liga og skåra ti mål på 29 ligakampar for laget som kjempar i botnen av den spanske toppdivisjonen.

Slike prestasjonar blir lagde merke til. No er målet hans å ta eit nytt steg i karrieren.

– Men eg stressar ikkje, det må vere det rette steget. Det er framleis lenge til sommaren, så målet er å skåre i kvar kamp fram til det. Klarer eg å gjere det, så kan det bli ein kul sommar, seier han til NRK.

– Kva legg du i ein «kul sommar»?

– Ein kul sommar for meg er at det kjem store klubbar som har lyst til å kjøpe meg. Det er framleis lenge dit, og eg veit korleis dette fungerer. Fotball er ferskvare, så du må heile tida levere. Klarar eg å halde oppe det eg har gjort no i dei siste ni kampane, så er det fullt mogleg, seier han.

Football, International friendly, Norway - Czech Republic

GOD: Jørgen Strand Larsen er ein fast del av Ståle Solbakkens A-landslagstropp. I Spania har han for lengst fått gjennombrotet sitt.

Foto: BILDBYRÅN

Kontrakten til 24-åringen med Celta Vigo strekker seg til sommaren 2028. Han blir neppe ein billig mann for den klubben som vil kjøpe han fri frå laget som i skrivande stund ligg på 17.-plass i La Liga, plassen rett over nedrykksstreken.

Har mykje å utvikle

Strand Larsen blir freista av å få høve til å prøve seg i ein betre klubb.

– Eg veit sjølv at eg har mykje å utvikle, men eg er litt sånn «fox in the box». Eg har ennå ikkje spelt på eit bra lag, så målet er å komme seg til eit lag som ikkje alltid er «underdogs» når det er kamp. Då trur eg man kan få sjå eit enda større potensial som eg har inne, seier han.

Montasje NTB/Bildbyrån

Angrer: – Jeg tok til de grader feil av Martin Ødegaard

– Er det noko interesse rundt det allereie no, frå større klubbar?

– Ikkje som eg veit om, men eg er jo ikkje dum. Eg skjønner jo korleis det fungerer. Så eg reknar med at ein spiss på 24 som har skåra ti mål i ligaen, blir det interesse rundt. Og så veit eg at agentane mine, Tore Pedersen og Patrick Ferreira, har full kontroll. Så dei jobbar nok på med å mobilisere inn mot sommaren, og så skal eg berre gjere det eg kan gjere. Det er å levere på landslag og klubblag fram til det, slår han fast.

Football, International friendly, Norway - Czech Republic

TØFF KONKURRANSE: Jørgen Strand Larsen hadde nok fått meir speletid på Noreg om ikkje hovudkonkurrenten heitte Erling Braut Haaland.

Foto: BILDBYRÅN

Solbakken åtvarar

Landslagssjef Ståle Solbakken ber spissen tenke seg godt om før han eventuelt vel å skifte klubb i sommar.

Eg ville vore varsam med det. Det har eg sagt til Jørgen òg, ikkje hopp på noko som nødvendigvis er litt betre, eller der du trur at graset er litt grønare på den andre sida, når du først har fått ein posisjon i ein klubb, seier Solbakken til NRK.

Noreg-sjefen meiner at Celta Vigo, sjølv om dei slit i botnen, er omtrent på nivå med halvparten av dei andre spanske laga.

Dei har hatt veldig mykje stolpe ut i heile år. Dei er det laget som har fått klart flest mål annullert av VAR. Dei er det laget som har fått klart flest mål mot seg dei siste fem–ti minutta. Eg trur Celta Vigo lett plutseleg kan vere eit midt på treet-lag i Spania neste år. Då speler Jørgen på eit veldig høgt nivå, seier Solbakken.

Solbakken Strand Larsen

ÅTVARAR: Ståle Solbakken ber Jørgen Strand Larsen tenke seg godt om før eit eventuelt klubbskifte.

Foto: NTB

Han trekker fram at Celta har mange profilar i stallen og har spelt jamt med både Real Madrid og Barcelona i år.

Så vær litt varsam med å heile tida jakte. Det har eg sagt til Jørgen òg, at nå har du fått ein posisjon. Sjølvsagt, kjem det noko som du kjenner er veldig mykje betre, så skal du gjere det, men du skal også tenke deg godt om, seier Solbakken.

SØRLOTH SELNES

Gløymde å sjekke prislappen – kjøpte sengetøy til 45.000

Nyleg fekk den norske landslagsspissen ny trenar i Celta Vigo da Rafael Benitez fekk sparken etter berre åtte månader i sjefsstolen.

For Strand Larsen, som er oppvaksen som Liverpool-supporter, var det ei trist nyheit, men han liker foreløpig starten under etterfølgar Claudio Giraldez, som blei forfremja frå Celta B.

– Han er ein spelande spansk trenar som eg gler meg til å komme tilbake til etter pausen, seier han.

Les også Opnar opp om einsemd: – Var aleine kvar dag i tre månader

dd

Får ekspert-hemn etter veddemål

Når sesongen er over, ventar også ein velsmakande hemn mot Noregs kanskje fremste ekspert på spansk fotball, Petter Veland.

Han hadde lita tru på at Strand Larsen ville nå 10 mål i ligaen denne sesongen, så dei to inngjekk eit veddemål. Då spissen nyleg skåra sitt tiande mål, då han blei matchvinnar borte mot Sevilla, feira han med ti fingrar mot kameraet.

Ei feiring som han bekreftar var retta mot Veland.

– Eg trur eigentleg straffa hans var å komme ned til Viggo og springe doggies med Rafa Benitez. Men nå blir det litt vanskeleg ettersom han er ferdig. Så eg får finne på noko nytt, men det skal ikkje bli nokon hyggeleg straff. Det er ikkje berre berre å gå ut og melde at eg ikkje skal nå ti mål. Han skal få kjenne på han, seier han med eit smil.

Som å sjå ein lastebil komme imot

Petter Veland sjølv har vore førebudd på å tape veddemålet.

– Det har jo vore som å sjå ein lastebil komme imot meg i 100 km/t, men i ganske lang tid i forkant. For han låg jo på ni skåringar lenge. Men det er fullt fortent at han kom seg på ti no, og ikkje minst er det ei god nyheit for Ståle Solbakken, som no har tre spissar i troppen sin som har runda tosifra i ein topp 5-liga i Europa, seier Veland til NRK.

Les også Tallene skremmer Solbakken: - Det er blitt et traume

pVF0YD7haVQ

– Vi får sjå kva vi landar på, ballen ligg på Strand Larsens banehalvdel, legg han til om den kommande veddemålsstraffa.

Veland, som truleg ser flest minutt av La Liga-fotball kvar sesong i heile Noreg, er full av lovord om prestasjonane til spissen denne sesongen:

– Det Jørgen Strand Larsen har levert for Celta Vigo denne sesongen, det må eg berre presisere igjen, det er ein enorm prestasjon. For å vere litt tabloide og overdrive litt, Iago Aspas har skåra 98 prosent av Celta Vigos ligamål sidan krigen. At det er nokre andre som no er toppskårar og har målansvaret, det er noko heilt nytt, det set eit heilt anna perspektiv på ting, seier Veland.

null
Spiller nå
Scorer fra egen banehalvdel (!) 00:28
Neste

Siste nytt

  • Leicester rykket opp igjen til Premier League

    Leeds tapte hele 0-4 borte mot Queens Park Rangers fredag kveld. Dermed ser det ut til at et direkte opprykk glipper for den tradisjonsrike klubben, mens Leicester kan feire retur til Premier League neste sesong.

    Etter fredagens kamp har Leeds fire poeng opp til Leicester, men kun én kamp igjen å spille. Leicester har på sin side to kamper igjen å spille.

    For Leeds' del jakter Ipswich Town like bak. De er ett poeng bak Leeds, men har spilt to kamper mindre. Dermed vil fem poeng på de siste tre kampene sikre et opprykk for Ipswich.

    For Leicester ble oppholdet på nest øverste nivå i engelsk fotball kortvarig. Klubben som vant Premier League i 2016, rykket ned fra Premier League i fjor.

    Seieren til Queens Park Rangers gjør at de har sikret plassen på nest øverste nivå.

    Leicester
    Foto: AP
  • Medier: Liverpool og Feyenoord enige om Slot-overgang

    Arne Slot blir etter alt å dømme arvtakeren til Jürgen Klopp som Liverpool-manager. Ifølge flere medier har Feyenoord gått med på å slippe ham.

    Det skjer etter at Slot torsdag bekreftet at han ønsket seg til Liverpool.

    – Jeg vil gjerne til Liverpool. Nå venter jeg på å se om klubbene kommer til enighet. Jeg er veldig trygg på det, sa Slot til ESPN.

    Nå melder flere medier, blant dem The Athletic, at klubbene har kommet fram til en kompensasjon for nederlenderens tjenester. Også nederlandske medier hevder at Slot nærmer seg Liverpool-jobben.

    Liverpool har vært på managerjakt siden Klopp i vinter varslet at han kom til å gi seg ved sesongslutt. Tyskeren hadde egentlig to år igjen av kontrakten.

    I Nederland er 45-årige Slot kjent for å stå for en offensiv og energisk spillestil. Han ledet i fjor Feyenoord til serietittelen og fulgte i år opp med å vinne cupen.

    Slot tok for to år siden Rotterdam-laget til finalen i Serieligaen. Han leverte også sterke resultater som AZ Alkmaar-trener. (NTB)

    Arne Slot
    Foto: AFP
  • Stortalent herjet da Norge vant i VM-test

    Treningskampen mellom Norge og Danmark i Asker endte 4-3 fredag kveld etter spilleforlengelse.

    18 år gamle Michael Brandsegg-Nygård er blant verdens mest ettertraktede talenter og han viste hvorfor fredagens kamp.

    Brandsegg-Nygård ble kreditert alle Norges tre mål i ordinær tid.

    – Jeg vet ikke. To i hvert fall, sa Brandsegg-Nygård til TV 2 i pausen mellom andre og tredje periode.

    – Den gikk på skøyta mi, men så jeg ikke hva som skjedde etter. Jeg tror Petter (Vesterheim) slo den inn, sa Brandsegg-Nygård videre - noe også TV 2s kommentatorer konkluderte med.

    Norge ledet 3-1 etter den andre perioden, men Danmark kom tilbake i den tredje perioden og fikk utlignet til 3-3. Dermed ble det spilleforlengelse i Asker.

    Der var igjen Brandsegg-Nygård sentral og scoret Norges vinnermål i spilleforlengelsen.

    Norge og Danmark møtes til ny treningskamp lørdag. Deretter skal Norge spille to treningskamper borte mot Latvia neste uke, før VM starter 9. mai.

    Michael Brandsegg-Nygård
    Foto: NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal