Hopp til innhold

Gløymde å sjekke prislappen – kjøpte sengetøy til 45.000

I NRKs nye dokumentar «Draumen om EM» opnar fleire av dei norske landslagsspelarane opp om kva lønningane går til. Ikkje alle kjøp er like heldige.

SØRLOTH SELNES

BOM UTANFOR BANEN: Alexander Sørloth, her saman med sambuar Lena Selnes, er som regel treffsikker på banen. Utanfor, og særleg i luksusbutikkar, hender det han bommar.

Foto: NRK/Drømmen om EM

I den ferske fotballdokumentaren, som følger spelarane på det norske herrelandslaget over ein lang periode, blir pengar eit tema.

Det er nemleg ingen hemmelegheit at mannlege fotballspelarar på toppnivå ofte har litt meir pengar på konto enn mannen på gata.

Kort fortalt: Ikkje alle bruker lønningane på like gjennomtenkte kjøp.

Sengetøy til 45.000

Alexander Sørloth, som i det siste har gjort det svært godt og har blitt ein viktig spelar for Villarreal i spanske La Liga, har for eksempel gått på ein real shoppingsmell.

Sørloth sin sambuar Lena Selnes får i dokumentaren spørsmål om når ho første gong merka at ho lever eit luksusliv saman med ei fotballstjerne.

– Då vi først flytta til London merka eg ei lita endring. Det var ikkje sånn at vi gjekk amok, men vi gjekk på ein liten tabbe og kjøpte eit sengetøy til 45.000. Vi sjekka ikkje prisen, flirer ho.

Sørloth

SHOPPINGTABBE: Alexander Sørloth sjekka ikkje prisen på sengetøyet. Det blei dyrt. Her i munter samtale med Draumen om EM-programleiarar Morten Ramm og Erik Solbakken.

Foto: Drømmen om EM/NRK

Alexander Sørloth sjølv må berre le av heile situasjonen.

– Når du er i «fancy» butikkar står det ikkje pris, ikkje sant. Og så er ein for kul for å spørje. Vi kom til kassa og ser at det står 4500 pund. For sengetøy! Og det viste seg å vere jævlig dårleg, seier Sørloth galgenhumoristisk.

Sjå alle episodane av «Draumen om EM» på NRK TV nå.

ramm solbakken

Hugsar første månadslønn

Trønderen hugsar godt at han plutseleg begynte å tene pengar utanom det vanlege.

– Då eg begynte å slå gjennom skikkeleg og gjekk til Crystal Palace og Premier League, var den første månadslønna jævlig kul. Men det er som med alt i livet, ein blir vant til det. Det høyrest flåsete ut, men det er jo sånn, seier spissen.

Football, UEFA Euro Qualifier, Cyprus - Norway

GODE PENGAR: Alexander Sørloth og dei norske stjernene opnar i NRKs nye dokumentar opp om eige forhold til pengar.

Foto: Vegard Grøtt / BILDBYRÅN

Ødegaard si monsterløn

Sørloth sin lagkamerat på landslaget, Martin Ødegaard, har også råd til sengetøy til 45.000 om han skulle ønske det.

Ifølge The Times og The Athletic tener Ødegaard meir enn 200.000 pund i veka etter å ha signert ein ny og lukrativ avtale med Arsenal i september 2023.

Det svarer til over 2,6 millionar kroner i vekelønn og 135 millionar i året etter dagens kurs.

På spørsmål frå NRK-programleiar Erik Solbakken om kor viktig pengar er for Ødegaard, svarer drammensaren slik:

– Det er ikkje det som er det viktigaste for meg, og ikkje det som motiverer og driv meg. Men eg er sjølvsagt heldig, tener godt og treng ikkje tenke så altfor mykje på kva eg driv med. Det har aldri vore pengane som har vore motivasjonen min, men ja, eg er veldig heldig og privilegert, seier han.

Ramm Solbakken Ødegaard

IKKJE OPPTATT AV PENGAR: Men det hender Martin Ødegaard unner seg litt meir enn firestjerners hotellbesøk.

Foto: Drømmen om EM/NRK

– Drar kanskje på nokre dyrare hotell

Sjølv om det sikkert er fort gjort å la seg trollbinde av dei enorme summane som kjem inn på konto, understrekar Ødegaard at det ikkje betyr veldig mykje for han personleg.

Han røper likevel at det hender han unner seg ting han truleg elles ville ha droppa.

– Eg drar kanskje på nokre dyrare hotell enn eg ville gjort elles, men det er ikkje sånn at eg kjøper meg mange ting heile tida, seier Arsenal-spelaren.

Då Erik Solbakken spør om Ødegaard er ein typisk «klokkefyr», det er jo ikkje heilt uvanleg for fotballspelarar med mykje pengar, drar Noreg-kapteinen opp genseren og viser at han går utan.

– Eg har nokre klokker, men det har aldri vore noko sånn ... Klokker, bil, eg har aldri skjønt greia. Ja, eg har ei klokke eller to, og eg har ein bra bil, men det gir meg ikkje noko enorm glede, seier han.

QWuqjTFID4c

TENER GODT: Martin Ødegaard skrev nylig under på en lukrativ avtale med Arsenal.

Foto: AFP

Strandberg: – Då kjøper ein leilegheit

Stefan Strandberg, som ifølge Finansavisen skal ha tent 70 millionar på berre fire år i russisk fotball, har gjort det godt økonomisk i løpet av karrieren. I 2020 kjøpte han ein penthouseleilighet på Aker Brygge for 38 millionar kroner.

I NRKs nye dokumentar får han spørsmål om kva han bruker pengar på.

– Då kjøper ein leilegheit, svarer han med eit smil.

– Nei, ein er privilegert når ein speler fotball på høgt nivå. Ein tener gode pengar, og det blir berre meir og meir. Det er viktig at ein enten har tenkt litt over det sjølv, eller så må ein ha eit bra apparat rundt seg, som gjer at ein investerer dei smart, seier lyngdølen.

Strandberg

SKAFF PENGEHJELP: Det er rådet frå Stefan Strandberg.

Foto: Drømmen om EM

Også Strandberg innrømmer å ha gått i luksusfella nokre gonger.

– Eg har vel litt for mange Louis Vuitton-vesker i skapet. Du får vel ikkje meir stereotypiske fotballspelarar enn det, seier Strandberg med eit smil.

Sko til 12.000

Også dei yngste på landslaget har nokre luksusvanar på lur.

Manchester City-spelar Oscar Bobb, som nyleg underteikna ein lukrativ femårskontrakt med den engelske gigantklubben, fortel i programmet at skoa han har på seg den dagen kosta 900 pund. Det svarer til over 12.000 norske kroner.

S

DYRE SKO: Desse kosta skjorta, men Oscar Bobb bladde opp.

Foto: NRK

– Eg har brukt dei mykje, seier Oscar Bobb i programmet.

– Når du har sko til 12.000 kroner er det fint at du får brukt dei litt, fleipar Morten Ramm.

Sjølv om han ikkje lenger treng vere bekymra for økonomien, Bobb har ifølge TV 2 ei vekelønn på over ein halv million norske kroner etter den nye avtalen med City, har det ikkje alltid vore sånn.

– Eg hugsar første gong eg fekk ein «paycheck», eg trur det var i august 2019, fekk eg 700 pund inn på konto og brukte alt med ein gong. Det var noko Gucci, minnest Bobb og ler.

Football, International friendly, Norway - Faroe Islands

HUGSAR FØRSTE LØNN: Den forsvann fort, fortel Oscar Bobb.

Foto: Vegard Grøtt / BILDBYRÅN

Stefan Strandberg meiner at det er nokre openberre fallgruver når fotballspelarar slår gjennom og skriv sin første store kontrakt.

– Det er jo ofte unge gutar som får masse pengar kasta over seg. Det er ikkje berre-berre, det heller. Det er lettare å sitte utanfor og kritisere, men viss ein hadde vore i same sko, så skulle ein ha gått på ein smell eller to sjølv, seier Strandberg.

Sjå alle episodane i «Draumen om EM» på NRK TV i dag.

ramm solbakken

Siste nytt

  • Norge slo Danmark etter forlengning i andre kamp på rad

    Ole Einar Engeland Andersen ble matchvinner da Norge slo Danmark med 2-1 etter forlengning i lørdagens ishockeylandskamp.

    Viktor Granholm sendte nordmennene i ledelsen i midtperioden på pasning fra Petter Vesterheim.

    Max Krogdahl og Lucas Andersen barket i sammen etter en duell foran mål hvor nordmannen var litt vel røff i taklingen. Begge endte med å kaste hanskene og fikk med det hver sin matchstraff.

    Norge ble felt av veldig mange utvisninger. De klarte å ri av mange undertall, men på den åttende klarte danskene å score og utligne til 1-1 ved Joachim Blichfeld.

    – Jeg synes at vi spiller bra ut fra de forutsetningene dommerne gir oss. Jeg er glad for at vi slipper unna skader. De (dommerne) tillater at man går over grensen og det preger spillerne, sa Tobias Johansson til TV 2.

    Fredag slo det norske laget Danmark med 4-3 etter forlegning hvor Michael Brandsegg-Nygård ble firemålsscorer. Mora-spilleren spilte bare to perioder.

    Neste helg skal Norge møte Latvia i de to siste VM-oppkjøringskampene i Riga. Norge innleder VM i Praha mot Sveits 10. mai. (NTB)

    U7bBRSwIpKs
    Foto: NTB
  • Stabæk tapte uten Jönsson - Rosenborg fortsatt ubeseiret

    Anna Aahjem ble matchvinner da Brann slo Stabæk 1-0 i Toppserien lørdag. RBK fortsatte sin perfekte sesongstart med 1-0 over Røa.

    Timen var spilt da Aahjem avsluttet et vakkert Brann-angrep og sørget for 1-0 på bortebane.

    Etter tapet for LSK Kvinner i serieåpningen, har Brann tre strake seire.

    Stabæk måtte greie seg uten hovedtrener Jan Jönsson på sidelinjen i oppgjøret. Han er utestengt i to kamper etter at han tok seg inn på banen og gikk i kroppen på VIF-spiller Karina Sævik i tirsdagens 2-3-tap.

    Rosenborg fikk besøk av Røa, og med sitt mål i 88. minutt sørget Sara Hørte for 1-0-seier for trønderne.

    Med det har Rosenborg full pott etter fem kamper. De fire siste kampene har alle endt med 1-0-seier for RBK, og i de tre siste har de avgjort etter 80 minutters spill.

    LSK Kvinner vant 3-1 over Åsane, mens Kolbotn beseiret Arna-Bjørnar 4-1.

    Runden avsluttes med byderbyet mellom Vålerenga og Lyn, som sendes direkte på NRK 1 klokken 16:45 lørdag. (NTB/NRK)

    Toppserien fotball kvinner, Stabæk - SK Brann
    Foto: Frederik Ringnes / NTB
  • EM-bronse for Benske og Tjøm: – Råimponert

    Lars Benske og Ask Tjøm leverte en god avslutning og rodde til bronse i dobbeltsculler i EM i Ungarn.

    – Jeg er råimponert. Det er det best disponerte løpet jeg har sett dem ro noen gang, sa NRKs ro-ekspert Lars Bjønnes idet duoen passerte målstreken.

    Det ble en svært tett og jevn affære gjennom de 2000 meterne som ble rodd. Den norske duoen så lenge ut til å ta sølvet, men måtte seg seg slått på målstreken av italienske Stefano Oppo og Gabriel Soares.

    Jan Schäuble og Rafael Ireland fra Sveits tok gullet etter å ha ledet hele veien. De ble utfordret av italienerne, men hadde krefter igjen mot slutten og vant med 2,27 sekunders margin.

    Norge har allerede sikret OL-plass i dobbeltsculler for menn.

    Lars Benske og Ask Tjøm leverte en god avslutning og rodde til bronse i dobbeltsculler i EM i Ungarnn

Sendeplan

Kl. Program Kanal