– Eg stivna noko heilt sjukt, det var ikkje meir att. Eg prøvde å auke farta etter vendinga, men det var heilt tomt, seier Rung til NRK etter løpet.
Kinesiske Li Zhang, spanske Teresa Perales og brasilianske Joana Maria Silva tok dei tre medaljane.
Rung tok i går ein litt overraskande bronse på 50 meter rygg og sa då at ho håpa på å ta ein sjette i dag, men i finalen på 100m fri gjekk det ikkje heilt vegen.
– Ho fekk det ikkje til å stemma teknisk og då vert det slik, seier trenar Morten Eklund.
Sjå løpet til Rung lengre nede i artikkelen.
- Les også:
- Les også:
– Ein sjette hadde vore herleg
Trass i at det ikkje vart medalje på den siste øvinga i Paralympics, Rung klarte målet om å med seg fem medaljar heim.
– Det hadde vore herleg å tatt ein sjette medalje, men eg er nøgd med det eg har gjort i meisterskapen. Eg skulle gjerne ha avslutta betre, men i dag var det heilt tomt, seier Rung.
På dei ti siste dagane har ho svømt i 14 løp, når ein tel opp både forsøk og finalar. Neste Paralympics er om fire år i Tokyo.
– Eg har ikkje sagt at eg skal dit, men eg har heller ikkje sagt at eg ikkje skal vera med. Vi må ta ei evaluering no etter Rio, men eg ser for meg at eg skal vera med der og, seier ho.
Etter fem medaljar i Rio og fire i London står Rung med ni medaljar i Paralympics – fire av dei gull.
På den doble distansen tidlegare i meisterskapen tok ho bronse, slått av kinesiske Li Zhang og spanske Teresa Perales.