– Eit ikon som toppidrettsutøvar

Sarah Louise Rung blir rost opp i skyene etter sin fjerde medalje under Paralympics i Rio. Og det er fleire sjansar igjen.

Sarah Louise Rung vant med over 20 sekunders margin og tok dermed sin andre gullmedalje i OL i Rio.

– Ho er eit ikon som toppidrettsutøvar – ein komplett idrettsutøvar. Ho er fullstendig dedikert til det ho held på med, og trass eit godt støtteapparat veit ho at ho må gjere jobben sjølv, seier idrettspresident Tom Tvedt til NRK, rett etter at han har sett Sarah Louise Rung knuse nærmaste konkurrent med 20 sekund på 200 meter medley.

– Berre det å sitje 55 minutt på kanten før du får beskjed om å gå i vatnet igjen, viser at ho er sterk i hovudet, seier Tvedt.

– Sarah Louise Rung er eit enormt stort førebilete. Ho viser stor entusiasme for det ho driv med, spreier utruleg glede, og ho er ein komplett symjar. Det er til inspirasjon for at andre kan begynne i det små og bli paralympiarar i framtida, seier Cato Zahl Pedersen, hovudleiar for den norske troppen og sjølv tidlegare Paralympics-vinnar.

Han håpar dette skal gi fleire paralympiske symjarar i framtida.

– Ho har ikkje tenkt å gi seg med det første.

To medaljesjansar igjen

Norge har no teke ti medaljar i Rio – seks av dei i Paralympics.

Rung har teke fire–to gull, ein sølv og ein bronse. Ho reiste til Rio med målsetjing om fem medaljar på sju øvingar.

Det ligg ho godt an til. I dag skal ho ut på 50 meter rygg, i morgon 100 meter fri.

– 50 meter rygg er ingen favorittdistanse for meg. Den er litt for kort, men eg skal gjere så godt eg kan. På 100 meter fri har eg større sjansar. Men det blir tette heat, seier Rung.

Sarah Louise Rung

IKON: Sarah Louise Rung nærmar seg målet om fem medaljar på sju startar

Foto: YASUYOSHI CHIBA / Afp

Stigning gjennom meisterskapet

Ho har berre blitt betre og betre gjennom meisterskapet, etter å ha innleia med sølv på 200 meter fri.

– Innleiinga var ikkje nokon innertiar. Men vi hadde lagt opp til ei stigning, seier trenar Morten Eklund, som karakteriserte gulløpet torsdag som det beste Rung nokosinne har symt.

– Det var veldig sterkt av henne å levere dette resultatet etter den utsetjinga. Men ho heldt hovudet kaldt og handterte det. Ho var også tett på verdsrekorden, så dette er det beste ho nokon gong har symt.

Vil halde fram–minst ut veka

Han analyserer løpet, der ho slo nærmaste konkurrent med nesten 20 sekund.

– Sarah er gjennomtrent og råsterk, og beherskar alle fire disiplinane. Ho beherskar også taktomslaget mellom dei ulike symjeeartene, det er det som er vanskeleg i medley.

– Var du redd då det blei nesten ei time utsetjing på medleyen torsdag?

– Nei. Ho trivst godt i eige selskap og er dessutan god venninne med eit par av dei andre symjarane. Så dei hadde sikkert ei god foreining der inne.

– Kva med framtida–kjem ho til å halde fram?

– Vi har ein plan for det. Ho skal iallfall halde fram ut veka, seier trenaren.

Siste nytt

  • Avis: Zlatan kan miste EM-åpningen

    Zlatan Ibrahimovic sliter med en kneskade. Ifølge italienske Gazzetta dello Sport kan svensken komme til å gå glipp av åpningskampen i sommerens EM-sluttspill.

    På en pressekonferanse tirsdag opplyste Milan-trener Stefano Pioli at klubbens svenske målmaskin ikke er aktuell for spill denne uken. Han håpet samtidig at Ibrahimovic kunne bli klarert for spill til den siste seriekampen mot Atalanta i neste uke.

    Svensken fikk en vridning i kneet i storkampen mot Juventus søndag og måtte forlate banen.

    Onsdag skriver Gazzetta dello Sport at svensken kan bli borte fra banen noe lengre. Avisen oppgir ingen åpne kilder til opplysningene, men hevder å kjenne til at skadeoppholdet kan bli på minst tre uker.

    Milan møter Torino i Serie A onsdag, og søndag er Cagliari motstander.

    Sverige innleder EM mot Spania 14. juni. (NTB)

    Sweden Soccer Ibrahimovic
    Foto: Jonas Ekstromer / AP
  • Norske padlere til semifinale

    Lars Magne Ullvang og Maria Virik er begge klare for semifinale i den europeiske OL-kvalifiseringen i padling i Ungarn.

    Ullvang var i aksjon på K1 1000 meter og tok tredjeplassen i sitt innledende heat onsdag. Det ga plass i semifinalen senere på dagen.

    I K1 500 meter for kvinner padlet Maria Virik inn til annenplassen i sitt heat.. Hun var 1,10 sekunder bak vinneren, og også hun må ut i semifinale.

    NM-Veka 2020
    Foto: Fredrik Hagen / NTB
  • VM-runde i rallycross flyttes

    Strenge norske innreise- og karanteneregler som følge av koronapandemien gjør at det ikke blir noen VM-runde i rallycross på Hell i Trøndelag denne sesongen.

    Det bekrefter Det internasjonale motorsportforbundet (FIA) onsdag.

    Portugisiske Montalegre overtar arrangøransvaret for VM-runden som skulle vært arrangert på norsk jord. Arrangementet på Lånkebanen i Stjørdal skulle etter planen gått 12. til 13. juni.

    VM-runde i rallycross på Lånkebanen på Hell.
    Foto: Ned Alley / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal