– Såg du det? Eg letta frå bakken! Det har aldri skjedd før!
Etter fleire månadar med arbeid er første utetur med den nesten heilt ferdige kjelken unnagjort. Birgit Skarstein frå Levanger konkurrerar i langrennspigging, og testar idag ut ein heilt ny kjelke. Tidlegare har ho konkurrert med ein 6 kilos tung, umoderne kjelke - medan konkurrentane sine har voge halvparten.
– Neste år vil eg merke at det blir noko heilt anna å gå med den kjelken her, framfor gamlekjelken, seier Skarstein.
Birgit Skarstein seier at det er ein draum å køyre den nye kjelken.
Foto: Bent Lindsetmo / NRKSpesiallaga karbonkjelke
Det er første gongen nokon bygger ein slik kjelke i Noreg. Prototypen er på plass, og neste steg i prosessen er å støype kjelken i eit meir kostbart materiale - nemleg karbon. Sjølv om paralandslaget hevda seg heilt i toppen, har dei ikkje vore konkurransedyktige på utstyr. No vil Skarstein få dei same forutsetningane som kunkurrentane har i Paralympics.
– Det vi jobba med no er å sikre både stabilitet for å få kraftige tak, men og fleksibilitet for å kunne utnytte den krafta eg har, seier Skarstein.
Foreløpig skal ho køyre kjelken på rulleski, men reknar med å få på skikkelege ski til sesongopninga ved Beitostølen i november. Vidare blir det Pyongyang til neste år.
– Det er heilt konge å få prøve dei siste justeringane på kjelken. Den responderar veldig bra, så det kjem til å bli ein draum å køyre med den.
– Siger kan eg ikkje love, men kjelken er vertfall eit vikitg skritt på vegen!
Birgit Skarstein testar ut den spesiallaga kjelken ho skal konkurrere i Paralympics med.
Foto: Bent Lindsetmo / NRKVil gagne fleire
Skarstein har vore med å utvikla kjelkar sidan ho sjølv vart skada i 2009, noko som har vore artig - men og bydd på mykje utfordringar.
– Ein må vie mykje tid, energi og pengar for å få dette til, så ein må verkeleg ville det. Den jobben vi gjer no med testing og utvikling av ein ny kjelke gjer og at vi får utvikla eit produkt som kjem fleire til gode.
– Ja, eg får ein god kjelke eg kan bruke, men det gjer at nestemann får ein kortare veg til idretten. Det er det som er det viktigaste, seier Skarstein.