– Det var eit veldig sterkt løp. Eg visste at eg var sterk, og eg er fornøgd med korleis eg løyste det, seier Sarah Louise Rung til NRK.
– Dette var deilig, seier trenar Morten Ekelund.
Arrangør-tabbe
Stavanger-jenta var overlegen i bassenget i Rio.
Det var aldri tvil om kvar sigeren skulle havne. 26-åringen vann gullet med 20 sekunds margin, og kom inn på tida 3.15,83.
Teresa Perales frå Spania tok sølv, mens bromnsemedaljen gjekk til Inbal Pezaro frå Hellas.
26-åringen blei gratulert av idrettspresident Tom Tvedt før intervjuet med NRK.
– Det eg er mest fornøgd med er at eg klarte å nullstille meg, og gjorde det eg trengte for å vinne, seier Rung.
For mange lurte på om finalen var i ferd med å utvikle seg til ein farse og ein arrangør-skandale. Løpet blei plutseleg utsatt.
Først trudde mange årsaken var ei badehette i botnen av bassenget. Så kom beskjeden om at utsetjinga skuldast feil på sirkulasjonsanlegget i vatnet.
Finalistane måtte ut av hallen. I over ein time sat Rung og dei andre i det såkalla «call-room» og venta på å få starte.
– Nær verdsrekord
– Eg truddde først det var ei badehette i bassenget, så fekk eg beskjed om at det var strømningar i bassenget som dei ikkje fekk slått av.
– Eg prøvde ikkje å la det påverke meg, men det var litt lenge å sitje stille. Når sånt skjer, må det ikkje distrahere deg, seier Rung.
– Det var veldig sterkt å gjere det løpet etter utsetjinga. Ho heldt hovudet kaldt. Dette er det beste ho har svømt nokon gong, og det var veldig nær verdsrekord, seier trenar Morten Ekelund.
På fem øvingar i Rio har Rung no teke fire medaljer, og er Norges symjedronning i meisterskapen.
11. september tok Rung ein overlegen gullmedalje på 100 meter bryst. I tillegg har ho bronse på 200 meter fri og sølv på 50 meter butterfly.
Fredag er det klart for 50 meter rygg for medaljegrossisten, og på siste meisterskapsdag, 17. september, symjer ho 100 meter fri.