– Eg er kjempe godt nøgd. Eg hadde som mål å ta fem medaljar her nede og dette var ikkje ein av dei øvingane eg hadde peika meg ut. Eg kunne ikkje gjort noko betre enn tredjeplass her, seier Rung til NRK etter medaljeløpet.
Ho slo i veggen på 45,40, og var med det sekundet bak tsjekkiske Bela Trebinova. Gullet gjekk til spanske Teresa Perales.
– Ho kom mykje betre i gong enn i forsøket og ho har aldri svømt så bra før, seier trenar Morten Eklund.
Sjå video av løpet lengre nede i artikkelen.
Trenaren må dra fram gitaren
At Rung svømte eit kjempeløp går no utover trenaren. Før løpet hadde ho eit veddemål med Morten Eklund og reglane var enkle, tok Rung medalje på 50m rygg skulle ha dra fram gitaren og spela ein låt.
– Ho har funne ut at i mitt førre liv så spelte eg i eit skramleband og ho har mast mange gongar på om eg kan spela gitar for ho. Eg har sagt nei heile vegen, men i dag sa eg at om du tar medalje så skal eg spela ein song for deg, seier Eklund og ler.
– Berre for ho, eller oss også?, spør NRKs reportar.
– Dei kan få høyra på dei som vil, det vert vel ein av Kim Larsen-song tenker eg, seier trenaren lattermildt.
Då medaljen var eit faktum fekk han spørsmål om det vart gitarspeling no.
– Eg står for det eg seier, så eg må vel det. Det blir «This is my Life» i morgon, seier han med eit glis.
– Det gler eg meg til. Eg tippar brasilianarane har ein gitar på lager som vi får låna, seier Rung med eit stort glis.
Måtte ha alvorsprat
Men i forsøket tidlegare i dagen såg det ikkje ut som om Rung var ein medaljekandidat. Ho hadde sjette beste tid, og var tre sekund bak den som var tredje best der.
– Eg hadde ein liten vaksenprat med ho før finalen. Ho må vera meir til stades på morgonen. Ho tar det gjerne litt roleg der fordi ho veit ho tar seg vidare, men ho er ein finalesvømmar og det er der medaljane deles ut, seier Eklund.
Med bronse på nattas distanse står ho no med fem medaljar. Det er like mange som ho hadde mål om å ta, og ein meir enn i London for fire år sidan. I morgon har ho ny medaljesjanse, på 100m fri.
Ho tok også bronse på distansen under VM i fjor.
Paralympics har vore ein einaste stor suksess for Rung, som før nattas finale hadde tatt fire medaljar.
Ho har no ein medaljesjanse att, i morgon kveld på 100 meter fri.