– Det var det beste eg kunne i dag. Dei starta veldig fort og det er dei raskaste eg har svømt mot nokon gong, seier Rung til NRK etter løpet.
– Det var kanskje dagen som var sånn, legg ho til.
Kinesiske Li Zhang opna i eit forrykande tempo og tok gullet på tida med tida 2.48,33, med spanske Teresa Perales to sekund bak. Rung tok bronsen, på tida 2.51,37.
- Les også:
Måtte gjera sitt livs løp
Rung tok gull på distansen under Paralympics i London for fire år sidan, og har ikkje blir slått på 200m fri sidan 2009. Før nattas finale i Rio.
– Vi visste at kinesaren kom til å bli farleg, og at Sarah måtte gjera sitt livs løp for å ta gullet. Alt måtte gå vegen for, men det gjorde det ikkje. Ho vart hengande litt for langt bak i starten, seier trenar Morten Eklund til NRK.
For alt etter dei første 50 meterane var Rung eit godt stykke bak den kinesiske og spanske jenta.
– Eg må sjå løpet på video og analysera det, men kanskje var det ikkje heilt min dag, seier Rung, som ikkje deppar over at rekkja med sigrar på 200 meter fri vart broten.
– Det var gode jenter framfor meg, og gode jenter bak meg, seier ho.
– Det var eit sterkt heat, kanskje det sterkaste heatet eg har svømt mot nokonsinne.
Ho var best i forsøket, med tida 2.54,73.
Saka fortsett under videoen.
Sju øvingar på ti dagar
Før Paralympics sa rogalendingen at ho hadde som mål å ta fem medaljar i Rio – meir enn heile den norsk troppen gjorde i OL for nokre veker sidan.
Ho skal delta i sju symjeøvingar under leikane i Rio.
– Det er mykje trening som ligg bak, difor betyr det ekstra mykje å ta ein medalje her i Rio, seier Rung.
No ventar ein kviledag, før neste medaljesjans kjem laurdag, som er 50 meter butterfly. Før Paralympics starta, hadde ho eit mål om fem medaljar.
– Eg likar å setje meg hårete mål, eg må ha noko å strekke meg etter, ler ho.
I tillegg står desse øvingane på programmet til 26-åringen: 100 meter bryst (11. september), 50 meter fri (12. september), 200 meter medley (15. september), 50 meter rygg (16. september) og 100 meter fri (17. september).
Sarah Louise Rung tok fire medaljar under Paralympics i London. To gull (200m fri og 50m butterfly) og to sølv (100m bryst og 200m individuell medley).