– Ja, vi opplever jo det sjølv då. Vi prøver å rekruttere riktig og det er jo viktigare enn å rekruttere raskt, vedgår Ryste.
I går vart det kjent at landslagstrenar Christian Mitter sluttar og reiser heim til Austerrike for å bli trenar for kvinnelandslaget.
Tilsaman sluttar seks trenarar, mellom anna fartssjef Reto Nydegger og fysisk trenar Lars Mæland.
Også tre av seks manuellterapeutar har sagt opp stillingane sine på alpinlandslaget.
Dermed er langt over halvparten av støtteapparatet på herrelandslaget borte – mindre enn ei veke før laget samlast til årets første samling for sesongen.
Det skjer også etter eit år prega av konflikter, med blant anna Kristoffersen-rettsaken og eit varsel mot tidlegare landslagssjef Mitter. I tillegg slutta teknikktrenar Stefan Kornberger på dagen etter ei konflikt med Henrik Kristoffersen.
SLUTTAR: Fysisk trenar Lars Mæland er av dei som no sluttar på landslaget i alpint.
Foto: Cornelius Poppe / NTB scanpix– Det er jo alltid ei utfordring, men det gir jo også ein mogelegheit med erstatningar i forhold til energi og å sjå ting på nye måtar. Men det er klart at vi kanskje har litt større utskiftingar no i år enn i vanlege sesongar.
Sjølv om utskiftingane i år kanskje er meir ekstreme enn nokon gong, understrekar sportssjefen at dei også har hatt store endringar tidlegare, men at det likevel er blitt levert resultat.
– Det er jo den største utfordringa vi har at folk rett og slett på grunn av privatlivet ikkje blir ståande lenge i denne type stillingar.
Kan oppstå nye konflikter
NRK sin alpinekspert Kjetil André Aamodt seier at situasjonen for landslaget er utfordrande, men at mykje av kompetansen ligg hjå utøvarane og at den ikkje vil forsvinne.
– Det å byte ut så mange i støtteapparatet kan vere problematisk. Ein veit ikkje korleis dei nye konstellasjonane vil fungere, så då kan det blir nye konflikter.
UTFORDRANDE: NRK-ekspert Kjetil André Aamodt seier at dette blir ein ny start for landslaget.
Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpixHan understrekar likevel at dette også kan ha sine fordelar etter at det store førebilete dei siste 10–15 åra, Aksel Lund Svindal, har lagt opp.
Nye kostar og nye menneske kan kome inn og bidra med godt humør og eit nytt engasjementet.
– Det blir som ein ny start for landslaget, så får vi sjå om dei klarar å bere arven etter Aksel Lund Svindal og Christian Mitter, seier Aamodt.
Tankekors at så mange sluttar
OL - og VM-meister Kjetil Jansrud meiner at dei store utskiftingane gjer det endå viktigare for løparane å vidareføre den kulturen som er bygd opp gjennom mange år.
– Og det har eg veldig tru på at dei gjer. Sånn sett er eg ikkje veldig bekymra, men det er jo eit tankekors at mange ønskjer å gi seg.
TA VARE PÅ: Kjetil Jansrud meiner det er viktig at utøvarane tek vare på kulturen i miljøet sjølv om mange i støtteapparatet no sluttar.
Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpixHan seier at han har snakka med mange av dei. Årsakene er varierande. Ikkje alt handlar om konfliktane som har vore, men at mykje handlar om motivasjon.
– Vi må ha folk som verkeleg brenn for jobben dei gjer og som er villig til å ofre meir enn kva som elles er vanleg i samfunnet. Så vi må akseptere at nokon då vel å setje strek, seier Kjetil Jansrud.