– Vi har slite meir enn vi trudde, og det er ein realitet.
NRK møter Kjetil Rekdal på kontoret hans på klubbhuset Brakka ved sida av Lerkendal. Rosenborg har tatt fattige ni poeng på dei første åtte kampane i eliteserien i år. Og endå meir omtalt: Storlaget har berre skåra sju mål.
Dagen etter intervjuet klarte RBK berre å skåre eitt mål mot Trygg/Lade frå nivå fem i første runde i cupen, og trenaren kom med ein lang tirade mot eige lag. Og natt til fredag vart Rosenborg møtt av protestbanner på treningsfeltet.
I den første sesongen til Rekdal vart laget nummer tre i serien, og sigersvante trønderar forventar langt meir enn det som no er ein 11.-plass. Det gjer også trenaren sjølv. Han meiner utskiftingar på spelarsida og ein veldig ung tropp gjer at laget treng tid.
– Skal ein vinne fotballkampar i eliteserien, så må du opp på to og tre mål, og vi har stort sett lege på eitt. Det er klart det er for lite, innrømmer Rekdal.
Det skuffar han, og han kjenner på ansvaret. I såpass stor grad at det kan halde han vaken om natta.
MYKJE JOBB: Kjetil Rekdal vart engasjert i møte med NRK.
Foto: Fredrik Solbu Jullumstrø / NRK– Det er 24 timar i døgnet, og det skjer jamleg at du vaknar på natta og tenkjer på relasjonar, konsultasjonar og små grep. Eg sa det før sesongen at det er utruleg viktig å plukke poeng medan utviklinga går føre seg. Vi har tatt for lite poeng og utviklinga har ikkje gått så langt som vi trudde heller. Men det betyr ikkje at vi ikkje kan få det til enno poengterer Rekdal.
Om ekspertar: – For dumt eller fordummande
Før han leidde HamKam opp frå 1.-divisjon til eliteserien, jobba 54-åringen som fotballekspert i VGTV og Eurosport.
– Kva hadde fotballeksperten Rekdal sagt om dagens Rosenborg?
– At dei slit. Slit med å skape sjansar og slit med å skåre mål. Og det trur eg alle ser. Men eg hadde også skjønt utfordringane i større grad enn det mange gjer, for det er urettferdig å forvente at ein 20 år gammal gut frå Finland skal komme til Noreg og gjere det same som dei som var spelt inn i fjor, svarer han.
Ekspertutsegn har det vore mange av, og sjølv om Rekdal hevdar han føretrekkjer at det koker og at mange bryr seg om klubben, så er det ikkje alle meiningar han har like mykje til overs for.
– Viss dei skal kalle seg ekspertar, så set dei seg veldig lite inn i utgangspunktet og realiteten. Dei set seg berre inn i noet og berre hamrar laus utan djup fagleg innsikt. Eg prøvde jo det då eg var ekspert sjølv. Eg sa aldri til ein trenar at han var håplaus eller dum, eller at han ikkje hadde ein plan eller at ein spelar var jævlig, ræva dårleg. Eg prøvde å analysere kvifor, forklarer Rekdal, utan å nemne namn, og held fram:
– Då på bakgrunn av det dei hadde å seie. Dei seier dei skal prøve å spele sånn, så kvifor får dei det ikkje til og analysere utfordringane dei har og måten dei skal få det til. No blir det veldig fort for dumt eller fordummande, slår han fast.
– For lite kritikk
Det er verken NRKs eller Adressas fotballekspertar samde i.
– Dei er i ein prosess med mykje unge spelarar og mykje å ta tak i, men eg synest det har vore altfor lite kritikk av Rosenborg i samband med dei sportslege og resultata dei siste åra. Dei er langt unna nivået dei bør vere på, fastslår Carl-Erik Torp.
– Eg har jo meint litt sjølv og følgt med på dei fleste andre, og eg ser ingen skuldar han for ikkje å ha ein plan i alle fall. Men det er vanskeleg å sjå kva slags plan, og det er ein vesentleg forskjell, seier Birger Løfaldli.
Han har følgt klubben tett i ei årrekkje for Adresseavisen og kjenner absolutt ikkje at kritikken av sesongens Rosenborg har vore ugrunna.
– Støyen og misnøya har vart i relativt lang tid no. Og eg føreset at det er ein plan der, men den planen og filosofien og tilnærminga til å leie Rosenborg skil seg ganske mykje frå det som har vore ein tradisjon på Lerkendal. Der det blir terpa på kjenneleg angrepsspel. Det er mogleg dei gjer det, men eg har vanskeleg for å sjå resultat av det i kamp, seier Løfaldli.
TREG START: Det har vorte fleire tap for Rosenborg-kaptein Markus Henriksen (nummer sju) og resten av Rosenborg-spelarane denne sesongen. Her borte mot Bodø/Glimt.
Foto: Terje Pedersen / NTB– At Rekdal kjenner dei utanfor ikkje har like god innsikt og forståing som han, er naturleg, men som både han og alle veit, er det ein del av mekanismane i fotball at folk bryr seg og meiner noko, sjølv om dei ikkje har 100 prosent innsikt, kommenterer Torp.
– Destruktivt
Rosenborg-sjefen også forståing for ein del av kritikken, og har ifølgje seg sjølv ingen problem med det så lenge det går på fag.
– Det er ein varsku når du set deg ned og skyt med giftpil om at alt er ubrukeleg eller udugeleg. Det er mykje meir komplisert enn som så. Men det må vi berre leve med. Vi lever i eit fritt land og folk får seie kva dei vil, så får ein berre lukke øyra. Det er klart det er veldig destruktivt om ein skal høyre på alle som har fasiten, som ikkje har prøvd sjølv.
– Har tida di i Rosenborg vore som forventa?
– Det spørst kva du meiner. Med alt koket rundt, ja. Eg har vore ærleg på at eg vart litt overraska over utgangspunktet då eg kom. Det var ein nedgåande trend og då møter du litt fortviling, skuffelse, frustrasjon og blir litt oppgitt kanskje. Fordi det er ein stor klubb det er forventa at skal vere med å kjempe om tittel kvart einaste år, seier Rekdal.
IVRIG: Kjetil Rekdals Rosenborg tapte 2–3 borte mot serieleiar Bodø/Glimt i mai.
Foto: Terje Pedersen / NTB– Så kjenner eg at eg fekk sett på plass det vi skulle etter kvart i fjor. Pila gjekk ganske bratt oppover, så har den mista farta og flata ut og gått ned. Såpass ærlege må vi vere. Så gjeld det å få han oppover igjen. Det kan hende nokon blir krakilske rundt oss og seier at det finst ingen plan, at det er tilfeldig, at det må skiftast. No har vel Rosenborg skifta ganske mange trenarteam i stor fart ein del år på rad, som også har vore ei årsak til at det har gått nedover, seier han.
Løfaldli i Adressa synest Rekdal for ofte snakkar ned eige lag for å senke forventningane. Det trur han kan ha motsett effekt.
– Sidan 80-talet har det aldri vore lågare forventningar til Rosenborg. Det trur eg folk flest meiner òg. Ingen snakka om gull før denne sesongen, og det er oppsiktsvekkjande. Kravet frå folk flest er at dei skal prøve å spele artig og åtaksvillig fotball, og å blø for drakta, og at dette må vere synleg, seier Løfaldli.
EKSPERT: Birger Løfaldli i Adressa.
Foto: Glen Musk / Adresseavisen– For spelarane kan det også vere uheldig at Rekdal snakkar ned forventningane i så sterk grad. Eg synest han har gått for langt i måten han framstiller situasjonen på. Når unge urutinerte spelarar får høyre dette gong etter gong i media, så kan det påverke dei negativt.
Følar ikkje panikk
Hovudtrenaren seier at han har framleis tru på at laget kan ta medalje i år. Han understrekar det faktumet at med siger borte mot Brann kan dei gjere eit byks på tabellen. Sjølv er han ikkje vidare bekymra for å miste jobben, sjølv om han meiner andre må svare på om han sit trygt.
– Eg har ikkje kjent noko panikk internt. Det er eit veldig sameint styre og administrasjon, hos alle som driv med fag her, på dei utfordringane vi har, og kva veg vi må gå for å komme oss ut av det. Og så veit du at når du sit i denne stolen her, at du lever eigentleg litt på lånt tid, fortel Rekdal.
Men til så lenge har han trua, både på laget og måten han prøver å byggje Rosenborg opp igjen. Lysta er i alle fall der.
– Hadde vi vunne alle kampane, og vunne 3–0 så hadde sikkert nokon meint at måla vart skåra på feil måte. Det er ein del av å vere trenar i Rosenborg. Det er fascinerande og eg synest det er litt kult at det koker litt. Det skjerpar sansane dine. Du har veldig lyst til å få det til, og kanskje peike litt nase til dei som har komme med usaklege kommentarar.