Hopp til innhold

Reiser til Romania og Austerrike utan eliteseriespelarar

Norge skal spele kampane i Nasjonsligaen søndag og onsdag, men det blir med ei redusert tropp, melder Noregs Fotballforbund.

Norge

SKAL REISE: Det norske landslaget kjem til å spele kampane mot Romania og Austerrike, men utan spelarar frå eliteserien

Foto: Stian Lysberg Solum / NT

Avgjerda kjem etter at Omar Elabdellaoui testa positivt for korona. Landslagstreninga vart avlyst, og NFF har vore i dialog med Uefa og lokale smittevernstyresmakter.

NFF har diskutert saka med helsestyresmaktene og UEFA i heile dag, og kome fram til at laget skal reise til Romania og Austerrike.

Dei spelarane som kjem frå norske klubbar, blir ikkje med. Dermed slepp dei å risikere karantene etterpå.

Troppen inneheldt opprinneleg fem spelarar frå eliteserien: Sondre Rossbach (Odd), André Hansen (Rosenborg), Marius Lode (Bodø/Glimt), Patrick Berg (Bodø/Glimt) og Markus Henriksen (Rosenborg). Ingen av desse får vere med.

Laget reiser som ei gruppe i eigen buss, med eige charterfly, og bur isolert på hotellet i Romania.

– Dette er ein krevjande situasjon med mange dilemma. Vi ønskjer ikkje å utfordre unntaket vi har fått for innreisekarantene. Vi tenkjer derfor å la spelara som spelar i norske klubbar vere igjen i smittekarantene i Norge, skriv NFF i pressemeldinga dei sende ut seint i kveld.

Fotballpresident Terje Svendsen forklarer at NFF har valt denne løysinga for å hindre at det breier seg smitte i det norske samfunnet.

– Slik vi vurderer situasjonen, kan norske spelarar busett i utlandet, reise ut av landet fordi dei ikkje skal returnere til Norge, seier han.

Sportslege konsekvensar

Dei legg også vekt på dei sportslege konsekvensane av å ikkje spele kampen.

– Dei komande nasjonsliga-kampane betyr mykje sportsleg for oss. Dersom vi ikkje stiller lag, betyr det at vi taper to kampar. Det betyr ein tapt sjanse for å kvalifisere oss til VM, skriv NFF.

Dei norske spelarane er testa fire gonger sidan dei kom til Norge, og seinast fredag. Alle 33 prøvesvara som er mottatt i dag, er negative.

– Dette var vel den beste løysninga dei kunne lande på. Kampane blir spela, samstundes som spelarane og eliteserieklubbane blir verna, seier NRKs ekspert Carl-Erik Torp.

– Eg skjønar at NFF ville gjere alt for å få kampane spela, med tanke på konsekvensane ved å ikkje møte fram, og trur dette er ei bra løysing.

Europa League - Olympiacos Press Conference

SMITTA: Omar Elabdellaoui testa positivt fredag morgon

Foto: Paul Childs / Reuters

Omar Elabdellaoui, som er visekaptein på landslaget, har vore isolert frå resten av laget.

– Omar kjende først symptom i natt og har hovudverk, lett hoste, og dessutan kjenner seg slapp. Utover dette er han ved godt mot, opplyser NFF.

I pressemeldinga understrekar Stefan Johansen og Martin Ødegaard i kapteinsteamet at dei er uroa over den auka smittesituasjonen i samfunnet.

– Derfor gjer vi alt i kvardagen for å ikkje utsetje andre for risiko. Som fotballspelarar har vi levd i karantene i seks månader. Vi gjer det vi kan for å halde fotballen i gang. Desse kampane betyr mykje for oss, seier dei.

Vil ha nye vurderingar

Den aukande smitteutviklinga i Noreg og i Europa har gjort at fleire har stilt spørsmål ved fritaket til fotballspelarane frå karanteneavgjerdene.

Helsedirektør Bjørn Guldvog har varsla at idretten no må ta nye vurderingar av dei ulike smittevernprotokollane.

Dei siste dagane har det nemleg vore fleire smittetilfelle i både norske klubblag og andre landslag. Onsdag vart Noregs kamp mot Israel avlyst som følgje av at ein israelsk spelar testa positivt for korona.

Helsedirektøren tok sjølv initiativ og tilrådde avlysing berre timar før avspark.

Då regjeringa og helsestyresmaktene heldt pressekonferanse om koronasituasjonen tidlegare fredag, varsla statsminister Erna Solberg at regjeringa ikkje kan halde fram med å prioritere idretten uavhengig av smittesituasjonen.

Kommunikasjonsdirektør Gro Tvedt Andersen i Noregs Fotballforbund seier fredag kveld at de ikkje har noko klart svar på kva karantenen vil ha å si for 25. runde i Eliteserien og dermed gullkampen for Bodø/Glimt mot Strømsgodset.

– Vi er klare over problemstillingen. Vi kjem tilbake når vi har kommet til ein konklusjon, seier ho til NRK.

Dette har vore praksis

Noreg har så langt vore åleine om å avlyse ein landskamp. Ved andre smittetilfelle har det aktuelle landslaget stilt lag etter å ha gjort smitteverntiltak etter den positive prøva.

I oktober avla mellom anna Cristiano Ronaldo ei positiv prøve under landslagssamlinga, og Portugal testa dermed dei andre spelarane i troppen.

Då alle prøvene var negative, vart resten av troppen klarert for spel mot Sverige.

I Uefa-protokollen heiter det at viss 13 spelarar er tilgjengelege, inkludert ei målvakt, skal kampen spelast.

Norge møter Romania søndag og Austerrike onsdag i dei to siste kampane i årets nasjonsliga.

Siste nytt

  • Frisk Asker påførte Storhamar sjeldent hjemmetap

    Storhamar tapte hjemme for serietoer Frisk Asker i Eliteserien i ishockey.

    Vålerenga leder serien med ett poeng ned til Frisk Asker, som slo Storhamar 4-2 på borteis torsdag.

    Storhamar ligger på en femteplass med 17 poeng.

    Storhamar var ubeseiret på hjemmebane denne sesongen før kampen. Laget spilte i rosa drakter for å markere Kreftforeningens Rosa Sløyfe-aksjon.

    Storhamar slo Vålerenga etter straffeslagkonkurranse sist helg og er nummer fem etter ti kamper. (NTB/NRK)

    En gruppe hockeyspillere feirer scoring og seier.
    Foto: Fredrik Varfjell / NTB
  • Manchester United vant etter VAR-drama: – Reagerte på skaden

    Mesterligaoppgjøret mellom Atlético Madrid og Manchester United ble av det dramatiske slaget.

    Manchester United vant 1-0 takket være Fridolina Rolfös fulltreffer etter 25 minutter, men gjestene fra England måtte lenge klare seg med én spiller mindre.

    Fem minutter før pause ble Dominique Janssen utvist etter en VAR-sjekk.

    – For meg er den streng, sa tidligere Arsenal-spiller Fara Williams, som nå er ekspert for Disney+.

    Selv om det ikke så stygt ut, ble Gio Queiroz skadet som følge av taklingen.

    Williams tror det er årsaken til at Janssen til slutt så rødt.

    – VAR reagerte mer på skaden enn på taklingen. Vart det noen intensjon? Etter min mening, nei. Var det farlig spill? Nei, fortsatte eksperten.

    Til tross for at Atlético Madrid var i overtall på banen, klarte de aldri å slå tilbake.

    De ble selv redusert til ti spillere kvarteret før slutt.

    Det var også en rekke norske innslag i kampen. For hjemmelaget startet Synne Jensen og Vilde Bøe Risa, mens Elisabeth Terland starter for Manchester United.

    I tillegg kom Lisa Naalsund inn for nevnte Terland i pausen.

    En gruppe menn som spiller fotball
    Foto: Susana Vera / Reuters / NTB
  • Norsk profil straffet Brann – røk ut av Europacupen

    Brann hadde et tøft utgangspunkt før returmøtet mot svenske Hammarby i andre og siste kvalifiseringsrunde i Europacupen.

    I Sverige tapte de 1-4, og bergenserne var dermed nødt til å vinne med minst tre for å ha håp om avansement.

    Det viste seg å bli for tøft. Det endte 1-1 i Bergen, og Hammarby tok seg videre med 5-2 sammenlagt.

    – Jeg synes det er et ærlig forsøk, og det er ikke her vi går glipp av avansementet. Det gjør vi med et dårlig resultat i Sverige, sa Brann-trener Leif Gunnar Smerud til VG etter kampslutt.

    Men det startet bra for rødtrøyene. Brenna Lovera tente for alvor håpet da hun sendte Brann i ledelsen etter en drøy halvtime.

    Det viste seg derimot å være det nærmeste hjemmelaget kom et avansement.

    Midtveis i den andre omgangen scoret norske Julie Blakstad for Hammarby, og svenskene hadde igjen en tremålsledelse sammenlagt.

    Brann fortsatte å trykke på til tross for kalddusjen, men de var aldri i nærheten av å hente forspranget.

    Hammarby er nå klare for åttedelsfinalen, og for Branns del er årets Europa-eventyr over.

    I hjemlig serie ser det derimot lovende ut. De har en luke på sju poeng ned til Vålerenga på 2.-plass

    En gruppe kvinner på et fotballstadion

Sendeplan

Kl. Program Kanal