Hopp til innhold

Blir sjikanert og trua med boikott: – Håpar vi ikkje blir bua ut

For første gong etter at konflikten med trenar Alexander Stöckl blei kjent, skal dei norske hopparane i aksjon i Noreg. På sosiale medium blir dei karakterisert som «bortskjemte dritungar» og «snørrungar».

Hoppsiger

HETS: Dei norske hopparane opplever grov hets og blir trua med pipekonsert på heimebane.

Foto: JUSSI NUKARI / AFP

– Eg har sletta mange kommentarar om folk som seier dei skal bue. Det er nesten som det manast til demonstrasjon, fortel Gorm Johansson til NRK.

Han driftar «Sida for oss som er glad i Norsk skihopping og kombinert» på Facebook – ei side med litt over 5000 følgjarar. I tillegg er han far til skihoppar Robert Johansson.

Han fortel at «bortskjemte dritungar», «jævla idiotar» og «snørrungar» er noko av det hopparane blir uthengt som.

Til slutt såg han ingen annan utveg enn å stenge ned kommentarfeltet.

Gorm Johansson

STENGTE NED: Gorm Johansson måtte stenge ned Facebookgruppe etter grov sjikane mot hopparane.

Foto: Privat /

– Den stengte vi på grunn av regelrett sjikanering og heilt hinsides kommentarar. Grov sjikanering. Det har vore heilt forferdeleg. Eg kan tole kommentarar som går negativt ut mot gutane, men det må vere sakleg, seier Johansson.

På det meste måtte han bruke to til tre timar om dagen for å slette ufine kommentarar. Seinast måndag sletta han 50 kommentarar på eit innlegg.

– Når vaksne folk seier slikt, så har ikkje dei noko i eit kommentarfelt å gjere. Eg lurer på om dei eigentleg er interesserte i skihopping eller om dei berre er nettroll.

Håpar ikkje på pipekonsert

Bakgrunnen for sinnet er at hopparane etter VM i Kulm skreiv eit brev til hoppkomitéen sin leiar og uttrykte misnøye med landslagstrenar Alexander Stöckl.

Ski Flying World Championships - Men's Individual - Third Round

TILLITSVALT: Johann André Forfang er tillitsvalt for dei norske hopparane.

Foto: LEONHARD FOEGER / Reuters

Til helga skal herrane for første gong etter bråket hoppe på norsk jord, når Raw Air-sirkuset rullar i gang med kvalifisering i Holmenkollen på fredag.

– Eg trur ikkje vi blir bua på, håpar iallfall at vi ikkje blir bua ut, seier fjorårets verdscupvinnar Halvor Egner Granerud til NRK.

Også i gruppa «Støtte for Hoppløftet» på Facebook med over 50.000 engasjerte hoppentusiastar har illsinte kommentarar hagla. Dei var den første sidan som måtte stenge ned kommentarfeltet sitt.

Hets i sosiale medium

HARDT ORDSKIFTE: Her er eit utdrag av kommentarane som er blitt publisert på nettforumet.

Foto: Elisabeth Nielsen Haugen / Illustrasjon

Støtta går først og fremst til landslagstrenar Alexander Stöckl og avtroppande sportssjef Clas Brede Bråthen.

Kritikken går i tillegg til hopparane også mot leiinga i Norges skiforbund og leiar av hoppkomitéen Stine Korsen.

Slitsam situasjon

– Det er klart at det er ikkje ønskeleg at det skal storme så mykje og vere så mykje bråk, fortel Granerud.

Han legg til at han har brukt dei rundt seg for å dele sine tankar om bråket.

Eg opplever at vi i stor grad klarar å fokusere på og hoppe på ski når vi er i bakken, men det er klart det er ein slitsam situasjon for alle involverte.

Les også Langet ut mot Stöckl – nå legger Forfang seg flat

Alexander Stöckl og Johann André Forfang

Hopparane har ikkje ville utdjupe kva konflikten handlar om, med unntak av uttalen tillitsmann Johann André Forfang gav, då saka eksploderte i media:

«Vi kan bekrefte at utøvarane samla har sendt et brev til hoppkomiteen etter skiflygings-VM. Dette handlar ikkje om resultat. Timingen handlar om at vi meiner dette ikkje kan vente til våren, sidan vi ønsker å sette saman et nytt team inn i VM-sesong.»

Les også Forfang følte seg truet til stillhet: Bråthen beklager – mener han ble misforstått

Clas Brede Bråthen Johann André Forfang

Vil ikkje svare på om Stöckl kan halde fram

Granerud er oppteken av at konflikten må løysast gjennom å snakke saman og vil ikkje at debatten skal skje i media.

Stöckl har ikkje vore med hopparane på tur den siste månaden, men hopparane og landslagstrenaren hadde eit møte på Gardermoen for å snakke ut, etter at hopparane kom heim frå renn i Japan og USA.

Granerud

TILLIT: Halvor Egner Granerud vil ikkje svare på om han trur Alexander Stöckl kan kome tilbake som landslagstrenar.

Foto: Håvard Greger Hagen / NRK

Granerud vil ikkje gå nærare på korleis dialogen er i dag.

– Har fått prat med dei eg bør prate med opp til fleire gonger, føler eg. Må berre finne ei løysing, svarar han NRK.

– Er det uaktuelt at Stöckl kjem tilbake?

– Det veit eg ikkje. Ønsker eigentleg ikkje å spekulere i dei tinga eller uttale meg noko særleg meir om det.

Clas Brede Braathen skriv i ein SMS til NRK at han har planar om å vere til stades under årets Raw Air på heimebane. Landslagstrenar Alexander Stöckl opplyser at situasjonen førebels ikkje er avklare for hans del.

Siste nytt

  • Haavi og Sønstevold vant serien i Italia

    Roma er mester i kvinnenes Serie A for annet år på rad ettersom Juventus tapte hjemme mot Inter fredag kveld.

    Det betyr Emilie Haavi har to strake seriegull med Roma, mens også Anja Sønstevold, som signerte for hovedstadsklubben i januar, kan juble over ligatittelen.

    På Instagram har Haavi delt et bilde i anledning den ferske tittelen. Roma spiller ikke denne helgen, men kan likevel feire seriegull.

    – Italienske mestere! skriver den norske landslagsspilleren.

    Roma ledet Serie A med elleve poeng før helgens runde, og Juventus trengte seier over Inter for å ha teoretisk sjanse til å ta igjen Haavi og Sønstevolds lag.

    Med 0-2-nederlag er avstanden for stor til at Juventus kan tette luken på sine tre gjenstående kamper.

    (©NTB)

    vHO2bp7V33w
    Foto: NTB
  • OL-kravet glapp for Grøvdal i Tyskland

    Karoline Bjerkeli Grøvdal deltok lørdag under «Adizero: Road To Records» - et friidrettsstevne i regi av hennes sponsor Adidas.

    Det norske OL-håpet stilte til start på 10 kilometer gateløp, med håp om å kvalifisere seg til sommerens leker i Paris.

    Kravet for å kvalifisere seg direkte til Paris er 30 minutter og 40 sekunder. Grøvdal kom i mål på 30.52 i Tyskland.

    33-åringen kan kvalifisere seg på ranking, men kan ikke føle seg trygg på det slik situasjonen er nå.

    Agnes Jebet Ngetich vant løpet, bare to sekunder bak verdensrekorden på 10 kilometer. Hun kom i mål på 30,03.

    Friidretts-VM 2023: 5000 meter forsøk
    Foto: Beate Oma Dahle / NTB
  • Breigan nær norgesrekord

    Ida Breigan har vært i fyr og flamme så langt denne sesongen. Innendørs satte hun norgesrekord i lengde i februar, og hun flyr langt utendørs også.

    Under Texas Invitational fredag hoppet hun 6,65 meter. Det er bare tre centimeter bak norgesrekorden utendørs, som tilhører Margrete Renstrøm.

    Vindresultatene fra konkurransen er ennå ikke kjent. Breigan har tidligere hoppet 6,74 meter, langt forbi norgesrekorden, med da med for mye medvind.

    Breigans personlige rekord utendørs fra tidligere er 6,58 meter. Om vindforholdene i Texas blir godkjent, er den nå altså forbedret.

    Ida Andrea Breigan
    Foto: PRIVAT

Sendeplan

Kl. Program Kanal