Under Ståle Solbakken har Strandberg storspela og gjort den eine stopparplassen til sin eigen.
I kampane mot både Tyrkia og Montenegro i VM-kvalifiseringa stod Strandberg fram som ein leiartype som har vore heilt nødvendig i Noregs bakre rekkjer.
Latvia-kampen vart ein stor nedtur, men Strandberg hadde igjen god kontroll på sitt – denne gongen i tospann med Marius Lode.
– Bitter på kroppen min
For berre få år sidan var det ikkje mange som hadde trudd at Strandberg skulle vere Noreg sitt udiskutable førsteval.
Ulike skadeproblem gjorde at han gjekk fire år utan å spele landskampar mellom 2016 og 2020.
– Det mest frustrerande er at eg alltid har visst med meg sjølv kva eg kan bidra med viss eg held meg frisk. Eg er ganske bitter på kroppen min og korleis den har vore i periodar, seier Strandberg på pressekonferansen etter kampen.
Han har spelt seg til fast plass i Serie A og Salernitana, ein respektabel klubb og ein av dei beste ligaene i verda.
Men:
– Ting kunne fort sett veldig annleis ut viss kroppen hadde spelt meir på lag. Heldigvis har eg det veldig bra no, eg får trena bra, og det speglar seg av i prestasjonane, seier Strandberg sjølv.
Ståle Solbakken har fleire gonger rosa midtstopparen for prestasjonane med flagget på brystet denne hausten.
– Tenkjer klart når det blæs
Noreg-sjefen er naturleg nok særs fornøgd med måten Strandberg har teke ansvar både på og utanfor bana.
– Han har vore ein forsvarssjef i desse kampane. Han har bra pondus. No har han ei fysisk forfatning som gjer at han er så rask som han får bli. Han er ikkje veldig rask, men rask nok til at han tør å stå ved linja, og så kan han falle ned i dei riktige posisjonane. Han har vore veldig bra, seier Solbakken til NRK.
Fleire gonger undervegs i kampen mot Montenegro kunne ein sjå Solbakken og Strandberg diskutere taktikk på sidelinja.
Det er ikkje utan grunn at Solbakken likar det.
– Han har god taktisk forståing. Han tenkjer klart når det blæs litt rundt han, meiner Noreg-sjefen.
– Det han gjer er ikkje lett
NRK-ekspert Carl-Erik Torp er òg mektig imponert over Strandbergs utvikling. Torp trekkjer fram roa til midtstopparen og gode pasningsferdigheiter som nøkkeleigenskapar.
– Han har samstundes utvikla enorme leiareigenskapar i den gruppa. Han står fram, gir beskjedar, har ro og oversikt til å styre andre. Det er ein kompetanse, å ha kontroll over seg sjølv og andre. Det er ikkje så lett. Han er òg solid i duellspelet og god til å rydde unna, og han er taktisk bra. Det har vore ei imponerande utvikling, analyserer Torp.
Kommer Norge til VM?
Strandberg sjølv beskriv dei siste åra som ei tid med mange tunge stunder og djupe dalar.
– Både dykk (pressa) og dei fleste andre hadde vel avskrive meg, men det går heilt fint. Eg stolar på meg sjølv og veit kva eg kan bidra med når eg er frisk, seier han.
– Det har vore etterlyst ein forsvarssjef for Noreg. Tykkjer du at du er den som har teke den rolla?
– Ja, svarer han sikkert.
Etter denne landslagshausten er det få som vil argumentere mot han på akkurat det.
– Alt i eigne hender
No står det att berre éin kamp i gruppespelet: Nederland i Rotterdam tysdag kveld.
Dei norske spelarane hadde knapt rista av seg Latvia-skuffelsen før dei fekk beskjed om Nederland sin kollaps mot Montenegro eit par timar seinare.
Landslagssjef Ståle Solbakken banka på døra til Strandberg og serverte han nyheita.
– No har vi ting i eigne hender igjen. Viss vi får eit bra resultat, så kan vi vinne gruppa. Vi er ein kamp unna VM. Det er status no, seier Strandberg om Rotterdam-kampen.
Vinnaren av gruppa går som kjent direkte til VM, medan toaren skal ut i playoff-kampar frå 24. til 29. mars 2022.
Her kan du lese alt om korleis Noreg sikrar anten 1.- eller 2.-plass i gruppa.
Sjølve meisterskapen blir spelt i Qatar i november og desember 2022.