Hopp til innhold

Var på jobbintervju i 2013 og spådde 2023: «Ta vare på den powerpointen»

No, ti år seinare, har han fasiten.

Football, Norway, Training

FRAMTIDSHÅP: Håkon Grøttland trudde ikkje han ville få NFF-jobben då han la fram best case-utsiktene på jobbintervju for ti år sidan. I dag kjenner han at han trefte på det meste.

Foto: BILDBYRÅN NORWAY

– Eg synest jo vi har teke nokre steg!

Det seier Håkon Grøttland, leiar for trenar- og spelarutvikling i Noregs Fotballforbund (NFF), om spådommen han presenterte på jobbintervjuet i 2013.

Før U21-gutane sparkar i gang EM, den første U21-meisterskapen herrane har kvalifisert seg for sidan nettopp 2013, fann Grøttland fram dokumenta frå den gongen han overtydde NFF om at han var rett mann for jobben.

Han hugsar intervjuet godt den dag i dag.

På den andre sida av bordet sat mellom anna Stig Inge Bjørnebye, dåverande utviklingssjef i Noregs Fotballforbund, og hadde bede han førebu eit innlegg på engelsk om kva tankar han hadde om norsk fotballs framtid og potensial.

Seksjonsleder spiller og trenerutvikling i NFF

Håkon Grøttland er glad for at norsk fotball i fellesskap tek spelarutvikling meir på alvor, slik han opplever det.

Foto: NFF

«Ta vare på den powerpointen»

Bjørnebye ville sjekke om han tok ei utfordring og at han meistra å snakke godt for seg på engelsk.

I potten låg jobben som fagansvarleg for spelarutvikling i NFF, ei av dei viktigaste rollene i norsk fotball.

– Eg hadde veldig lyst på den jobben, eg brenn jo for norsk fotball, men trudde ikkje eg kunne få han. Men eg gjekk dit med ei veldig tru på at vi kunne få til noko berre vi vart samde om kursen, fortel Grøttland i dag.

Les også Kjempetabbe da VM-troppen ble lagt frem – presenterte vraket spiller

HEge Riise og VM-uttak

I intervjuet med NFF, som var eit andregongsintervju, la Grøttland ut om kva han meinte måtte til for at norsk fotball skulle få ut potensialet sitt og setje fart på utviklinga av norske fotballspelarar.

– På den tida kjende eg at det var ein uklarheit om den norske modellen og korleis vi skulle jobbe. Eg synest intervjuet gjekk greit, og etterpå sa Stig Inge til meg at eg burde ta vare på den «powerpointen» slik at eg kunne ta den fram om nokre år. Det gjorde eg tilfeldigvis no, og det er jo gøy å lese i 2023 korleis eg håpa 2023 skulle sjå ut, seier Grøttland.

Lista opp best case-punkt for 2023

På jobbintervjuet lista han opp ei rekkje punkt for han meinte måtte vere nøkkelverdiar i norsk spelarutvikling.

NRK har fått tilgang til dokumentet.

Grøttland intervju
Foto: NFF

Det var klar tale: NFF var heilt nøydde til å utvikle spelarar som kunne møte krava som ville komme i 2023, slo han fast i 2013.

Og ti år seinare har Noreg fått fram verdsstjerner på både kvinne- og herresida – og bakfrå kjem det ei rekkje enorme talent.

– Eg er stolt på norsk fotballs vegner av jobben som er gjord, for det handlar ikkje om meg, men norsk fotball har forvalta ressursane og kompetansen på ein god måte. Vi er på ein god stad når det gjeld spelarutvikling no, seier Grøttland.

Les også Jonathan (16) er en del av en ny bølge: – Norsk spillerutvikling er inne i en revolusjon

Jonathan Vonheim Norbye på Alta IF-trening i Finnmarkshallen.

I jobbintervjuet i 2013 lista han samtidig opp fire «best case»-punkt for korleis norsk spelarutvikling ville sjå ut i 2023.

Grøttland intervju
Foto: NFF

– Eg meiner at vi er der i dag, seier Grøttland då NRK les opp dei fire punkta.

Han tek oss med gjennom punkt for punkt:

Punkt 1: NFF har eigarskap til modellen, men toppklubbane speler hovudrolla

– Vi har ein veldig tydeleg kurs og ein tydeleg modell der ting heng saman. Det er det som er unikt, vi har i ein heilskap klart å plassere rolla til breiddeklubbane, rolla til toppklubbane og rolla til fotballforbundet i midten. Vi har definert korleis vi skal jobbe saman, og der er vi.

Punkt 2: Dei tek vare på dei mest dedikerte spelarane

– Vi greier det som følgje av at vi har ein brei modell og tek inn mange spelarar når dei er 12-13-14 og gir dei utfordringar og inspirasjon. Dette meiner eg vi har treft på, vi gir draumen ein sjanse hos mange. Korleis definerer vi eit talent? Vi er veldig opptekne av eigarskap til eiga utvikling og at det må liggje i botnen, dei må ta ansvar sjølv. Der har vi vorte gode.

Punkt 3: NFF utviklar spelarar med ulike eigenskapar

– Der var det alarm-alarm for ti år sidan, då var vi i Barcelona-tåka og vi stort sett berre fekk fram midtbanespelarar. No meiner eg vi får opp eit mykje større mangfald av spelartypar, seier han.

Punkt fire: – Noko av det råaste Uefa har sett

Dette, som handlar om samhandling og samspel mellom klubbar, krinsar og forbund, er noko av grunnen til at han tør slå fast at han har lykkast med visjonen sin.

NFF hadde nemleg nyleg besøk av ein delegasjon frå Uefa.

Det europeiske fotballforbundet besøkjer alle nasjonane for å gjennomføre ei kartlegging av korleis kvart enkelt forbund jobbar, fortel han,

– Dei sa rett ut at «den modellen de har for spelarutvikling, det er noko av det råaste vi har sett».

Les også Overraska av Haaland på City-trening: – Han er ein av dei sjukaste

Haaland Bobb

– Sa dei det rett ut?

– Ja. For den er tufta på samhandling, og at breidde og topp går hand i hand. Eg skal passe meg for å ta for store ord i munn, men på samhandling og deling av kompetanse er Noreg i verdstoppen. Samhandling mellom klubb, forbund og krins, at ein dreg i same retning og er samde om kursen, seier han.

NRK har kontakta Uefa for ein kommentar om Noreg-besøket, men førebels utan hell.

– Men nokon vil sikkert seie at norsk fotball har slutta å produsere og utvikle gode forsvarsspelarar dei siste åra, og då særleg stopparar. Kva meiner du sjølv?

– Eg synest vi er i ferd med å få fram fleire spennande typar, og spesielt backar. Men det er framleis ein jobb å gjere, utvilsamt. Midtstopparrolla er jo heller ikkje det ho var for 10-15 år sidan. Innlegga i boks har vorte færre, og kravet til fart og ballferdigheiter har vorte større. Vi må bli flinkare til å identifisere og utvikle fleire stopparar med fart i beina og som bidra aktivt i angrepsspelet, meiner han.

Fotball, EM-kvalifisering: Norge - Skottland

Erling Braut Haaland har gått vegen dei fleste draumar om.

Foto: Heiko Junge / NTB

– Spelarutviklings­revolusjon

I dag, ti år etter at han hadde det omtalte jobbintervjuet med NFF, slår leiaren for spelarutvikling i Noregs Fotballforbund fast at pila for alvor peikar rett veg.

– Vi er midt inni ein spelarutviklingsrevolusjon i norsk fotball no, og no byrjar vi verkeleg å få betalt, slår han fast.

Grøttland meiner 90-talet var ein spelestil-revolusjon i norsk fotball, 2000-talet var ein anleggsrevolusjon, medan perioden vi no er inni kjem til å sjåast tilbake på som tida for spelarutviklingsrevolusjon.

Les også Haaland og Ødegaard møtte pressen: – Jeg driter egentlig i hva alle andre sier nå

Ødegaard og Haaland

Toppklubbane har øyremerkt 90 millionar årleg av mediepengane til spelarutvikling dei neste seks åra. Det har også vorte ei femdobling av talet på trenarar i fotballakademia. I 2010 var det 42 heiltidstilsette. No er det 202 heiltidstilsette pluss 52 i halv stilling, opplyser Grøttland.

– Og dette vil auke ytterlegare. Samtidig har vi no over 130.000 barn og unge som speler i ein breiddeklubb som av NFF er sertifisert som «kvalitetsklubb», og kvinnesida er godt på veg med å strukturere opp satsinga si på spelarutvikling, seier Grøttland.

vetlesen børs

Hugo Vetlesen er eit døme på ein spelar som er dyrka fram som følgje av auka satsing på spelarutvikling i norske klubbar.

Sjølv om det luggar for A-landslaget, ser det lysare ut lenger ned. Grøttland ser fram til å følgje 2000-årgangen i det kommande U21-EM-et, ein årgang som har gjort noko ingen andre årgangar i norsk fotball har klart, å kvalifisere seg til U17,- U19- og U21-EM.

Samtidig er det berre fire nasjonar som har klart å kvalifisere seg til både U19- og U21-EM i sommar. Det er Portugal, Spania, Italia og Noreg.

Det gjer U21-landslagssjef Leif Gunnar Smerud stolt, og Smerud er til liks med Grøttland trygg på at pila peikar rett veg.

Eg er veldig glad for at norsk fotball bevegar seg i den retninga, seier Smerud til NRK.

Pressekonferanse landslagsuttak A-herrer og U21

U21-landslagssjef Leif Gunnar Smerud ser lyst på framtida.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

U21-sjefen trur framgangen på U-nivå kjem av eit samanfall av mange faktorar.

Klubbane sin auka satsing på talentarbeid, i samspel med landslagsskule frå sentralt hald, er éin del av det. Eg trur også måten vi har spelt på med U-landslag dei siste åra har hatt mykje å seie. Vi ser at vi får fram betre spelarar og har late dei utfalde seg og eksponert dei for vanskelegare oppgåver. Vi har kanskje ikkje slått dei beste så veldig ofte, det gjer vi av og til, men vi har dominert og spelt ut ein del lag vi eigentleg er historisk jamne med, seier Smerud.

Tek sjølvkritikk

Det er heller ikkje sånn at Noregs Fotballforbund slår seg på brystet og berre seier seg fornøgd med jobben som er gjord dei siste ti åra.

Dei innrømmer også at dei har feila på nokre område.

– I ti år medan eg har hatt denne jobben, har eg hatt eit dårleg kjensle og samvit for at vi ikkje gir draumen ein sjanse til alle, seier Grøttland med eit hjartesukk.

Han slår fast: Vi har framleis ein jobb å gjere med å jamne ut forskjellane på gute- og jentesida, og dessutan at vi har teke for lett på vekst og modning hos unge spelarar.

– Vi hadde ei magekjensle, men gjekk aldri ordentleg inn i den materien. Vi har ikkje gitt draumen ein sjanse hos dei spelarane som er seint fysisk utvikla og underlegne fysisk. Mange av dei forsvinn i modellen vår.

Les også NFF-sjefen kikker ofte på dette bildet – ser du hvorfor?

NFF

Det har dei no bestemt seg for å gjere noko med. Dei innfører snart «future teams», som er eigne landslag for seint utvikla spelarar, slik VG nyleg omtalte.

– Viss du er litt tidlegare utvikla fysisk seier det seg sjølv at du har nokon fordeler i spelet når du er 14-15-16 år. Det har vi vore klar over, men ikkje gått ordentleg inn i det. Det gjer vi no og innfører eit såkalla «future landslag» som blir eit landslag for spelarar vi har veldig tru på, men som per tidspunkt ikkje når heilt opp fysisk. Dei skal få høvet til å utfordre seg, fortel NFF-sjefen.

Som håpar det tiltaket toler tid og alder like bra som det han la fram på jobbintervjuet for ti år sidan.

  • NRK sender Noregs kampar i U21-EM på TV og radio. Noreg gruppeopnar mot Sveits torsdag kveld klokka 18.

Sportsnyheter

Dommerskandale i cupen: Annullerte scoring for hands fra spiller på feil lag

Levanger sto for nok en cupbombe da de slo ut Viking i fjerde runde. På veien dit ble en annullert Viking-scoring den store snakkisen.

Siste nytt

  • Regjerende mester Molde slapp med skrekken – snudde til seier etter Sarpsborg-utvisning

    Sarpsborg 08 var nær en skikkelig cupbombe, før Sondre Ørjasæter ble sendt i dusjen. Da snudde de regjerende mesterne Molde til 4-2-seier på hjemmebane.

    Dermed lever fortsatt Moldes drøm om å forsvare NM-tittelen.

    Det var Sarpsborg som kom best ut fra startblokkene da Peter Reinhardsen sendte Sarpsborg i ledelsen etter en drøy halvtime.

    Tre minutter inn i 2. omgang utlignet Kristian Eriksen for Molde, men det resultatet holdt seg ikke i ett minutt engang før Sondre Ørjasæter sendte østfoldingene i ledelsen igjen.

    Dessverre for 20-åringen var veien kort fra helt til syndebukk da han satte inn en grisetakling på Eirik Haugan. Det resulterte i hans annet gule kort og marsjordre.

    Dermed åpnet det seg store rom for de regjerende mesterne, som satte inn to raske mål signert Anders Hagelskjær og Magnus Wolff Eikrem.

    Med åtte minutter igjen på klokken fastsatte Eirik Hestad resultatet for vertene.

    I Bærum tok Stabæk seg videre med 5-1-seier over divisjonskollega Bryne, mens Sandnes Ulf vant 5-3 borte over Eidsvold Turn. Fredrikstad sikret seg også avansement med 3-2 borte over Raufoss.

    Etter ekstraomganger klarte også KFUM å ta seg videre med 3-2-seier over Lysekloster, mens Vålerenga tok seg videre på straffet på bekostning av HamKam. (NTB)

    Kristian Eriksen
    Foto: NTB
  • Beltran sendte Fiorentina til conferenceligafinalen – 4-3 sammenlagt over Vetlesen og Nusas Brugge

    Lucas Beltran ble den store helten da han sikret 1-1 til Fiorentina borte mot Brugge i semifinalen i conferenceligaen.

    Italienerne hadde nemlig en 3-2-ledelse fra det første oppgjøret og er dermed klar for finalen i conferenceligaen med 4-3-seier sammenlagt.

    Hugo Vetlesen startet kampen for Brugge og pådro seg et gult kort før han ble byttet ut etter 70 minutter. Antonio Nusa startet på benken, men kom inn etter 86 minutter.

    Brugge fikk en drømmestart på kampen da Maxim De Cuyper stanget vertene i ledelsen etter 20 minutter. Dermed sto det også likt mellom lagene.

    Dessverre for belgierne pådro de seg en straffe da det bare sto igjen fem minutter på klokken. Den banket Beltran i nettmaskene bak Simon Mignolet.

    Vetlesen
    Foto: AP
  • Hoppkvinnene får utvidet skiflygingsrenn i Vikersund neste sesong: – Et veldig stort skritt

    Neste sesong skal for første gang 25 kvinnelige hoppere få delta i et skiflygningsrenn i Vikersund. Det blir også renn i Holmenkollen, tross VM i Trondheim.

    Det ble klart da hoppkomiteen i Det internasjonale ski- og snowboardforbundet (FIS) hadde møte i slovenske Portoroz onsdag.

    – Vi er stolte over at vi får til en Raw Air-turnering også i VM-året i Trondheim, og vi gleder oss ekstra til å vise fram VM-heltene i Holmenkollen og Vikersund bare noen dager etter mesterskapet, forteller prosjektleder for turneringen, Ståle Villumstad.

    Til tross for at det skal arrangeres ski-VM i Trondheim mellom 28. februar og 9. mars, har også Holmenkollen fått hopprenn bare fire dager etter mesterskapet, på en torsdag.

    Forrige sesong satte Silje Opseth verdensrekord i Vikersund, og hun gleder seg nå over at 25 kvinner skal få delta i 2025. Denne sesongen var det 17. (NTB)

    Silje Opseth
    Foto: NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal