Hopp til innhold

Internasjonale ekspertar ut mot Carlsen-handtering: – Han kasta Niemann under bussen

Fleire internasjonale ekspertar er kritiske til Magnus Carlsen si åtferd i sagaen om Hans Niemann. No meiner dei 19-åringen har vorte skyteskive for ein jukseproblematikk som femner langt breiare.

Hans Niemann

SPELER I USA: Hans Niemann er akkurat no oppteken med den amerikanske meisterskapen.

Foto: TIM VIZER / AFP

– Carlsen har enkelt og greitt kasta Niemann under bussen, og alle andre har kasta seg over han, seier den engelske stormeisteren Daniel King til The Guardian.

Han er ein av fleire internasjonale sjakkpersonlegdommar som reagerer på korleis Magnus Carlsen har oppført seg i samband med stormen rundt 19 år gamle Hans Niemann den siste månaden.

Sveitsiske Richard Forster er internasjonal meister i sjakk og ekspert for Neue Zürcher Zeitung. Han er krystallklar på at Hans Niemann sitt truverd er svekt som følgje av juks på nettet, men er kritisk til Carlsen si framferd.

– Det rettferdiggjer på ingen måte boikotten og sjølvjustisen med Magnus Carlsen i spissen, den mektigaste mannen i sjakken, støtta av fanskaren sin og driven fram av media, skriv Forster i ein kommentar.

Les også: Ekstreme tiltak etter Niemann-avsløringa: Her blir bananen undersøkt for hjelpemiddel

En banan undersøkes på vei inn i sjakk-lokalet.
En banan undersøkes på vei inn i sjakk-lokalet.

Magnus Carlsen sa til VG torsdag at han står for handlingane sine. NRK har via far og manager Henrik Carlsen spurt om dei ønskjer å kommentere kritikken, men har førebels ikkje fått svar.

Manglar bevis for brettjuks

Forster hevdar media bidreg til illegitim hets av Niemann i kjølvatnet av den 20 sider lange rapporten frå Chess.com, som også inneheldt 52 sider med vedlegg. Nettstaden meiner Niemann truleg har juksa i meir enn 100 parti, men viser også til at det er ein langt meir omfattande problematikk.

No står Niemann i mottakar-enden av massiv latterleggjering om korleis han har juksa på sosiale medium. Men Forster meiner det er lite nytt som blir avdekt i rapporten, og viser til at det førebels er lite som tyder på at Niemann har juksa i spel over brettet.

Det er ingen bevis for at Hans juksa 4. september 2022 mot Magnus, eller at han har juksa i spel over brettet i fortida, skriv Forster i kommentaren sin.

Carlsen tapte mot Niemann i Sinquefield Cup i St. Louis nettopp den dagen i september.

Nordmannen trekte seg deretter frå turneringa utan forklaring, noko som fekk fleire sjakkprofilar til å reagere. Garry Kasparov etterlyste ei forklaring frå Carlsen. Det markerte starten på sjakk-kontroversane som no får stor internasjonal merksemd.

Amerikanaren nekta for at han hadde juksa og skulda Carlsen, Hikaru Nakamura og Chess.com for å øydeleggje karrieren hans. Niemann vedgjekk samtidig at han hadde juksa i nettsjakk då han var 12 og 16 år gammal.

Les også: Carlsen blir pressa frå alle kantar: – Kvar er bevisa?

Hikaru Nakamura, Magnus Carlsen og Garry Kasparov
Hikaru Nakamura, Magnus Carlsen og Garry Kasparov

Carlsen skaka endå ein gong sjakkverda då han eit par veker seinare logga av etter eitt trekk i eit nettparti mot Niemann. Kort tid etter twitra Carlsen at han meinte rivalen hadde juksa meir enn det han hadde vedgått

Chess.com-rapporten viser at Niemann med mest truleg har juksa ved fleire høve i spel på nett, men finn ingen indikasjonar på at dette også gjeld ved brettet.

– Rapporten påpeikar at Niemann si utvikling på nokre måtar er uvanleg og kritiserer den påstått bisarre åtferda hans i nokre intervju. Men det er openbert at fakta er altfor usikre til å trekkje ein konklusjon, skriv Forster.

Meiner Niemann blir syndebukken

Den skotske stormeisteren Jonathan Rowson har kasta seg inn i debatten og seier til The Guardian at dette har potensiale til å bli ein prosess der Niemann må ta støyten for det som har vist seg å vere eit systematisk problem innan sjakken.

– Folk har rett til å vere sinte på Hans for å ha juksa på nett, men eg er ikkje samd i at ein alltid vil vere ein juksar om ein juksar ein gong.

I tillegg til Niemann kunne NRK avsløre at den norske sjakkpresidenten, Joachim Birger Nilsen, er blant spelarane som har juksa i nettsjakk. Han trekte seg fredag frå vervet sitt. Truleg har vi berre sett toppen av isfjellet, meiner NRK-ekspert Torstein Bae.

Han meiner det er nokså vanleg oppfatning internasjonalt at Carlsen si åtferd ikkje var eksemplarisk.

– Korleis skal det bli viss ein kjenner at ein annan spelar juksar? Skal ein berre kunne spytte ut skuldinga offentleg? Det blir ikkje så triveleg i sjakken då, seier han.

VM sjakk studio NRK

EKSPERT: Torstein Bae.

Foto: Erik Johansen / NTB

– Fram til dopingprøva ligg føre, må ein berre bite tennene saman og håpe at personen blir tatt. Det blir ikkje rekna som veldig sportsleg å spekulere i det, seier Bae.

Bae: – Då er det «game over»

Sjakkeksperten meiner at rapporten svekkjer Niemann sitt truverd fordi han viser at jukset truleg har vore langt meir omfattande enn det 19-åringen har vedgått.

– Men ein må ha i bakhovudet at sjakk i fysisk form og over nettet, er to ulike ting. Realiteten i sjakken har vore at ein surrar på nettet og ting har ikkje nødvendigvis vore ein «big deal». Det å jukse ansikt-til-ansikt har alltid vore mykje verre. Då er det «game over». Då kan du ikkje spele turneringar meir.

Sjakknettstaden Chess.com og Det internasjonale sjakkforbundet (Fide) har starta sine eigne granskingar. Granskinga frå Chess.com konluderte med Hans Niemann-rapporten, som fann det truleg at amerikanaren hadde drive langt meir omfattande juksing på nett enn ein hadde trudd.

Fide har enno ikkje komme med konklusjonen sin. Bae trur Carlsen også kan bli straffa:

– Dei ser mest på Niemann, men også det Magnus har gjort. Dei har vore kritiske, og det blir veldig interessant når dei kjem med rapporten og legg fram sanksjonane dei meiner er rette mot Magnus.

Les også: Fide skal granske både Carlsen og Niemann

Niemann og Carlsen
Niemann og Carlsen

Siste nytt

  • Stortalent scoret hattrick – ordnet dansk drømmeåpning i EM-jakten

    Rasmus Højlund (20) scoret alle målene for Danmark da Finland ble slått 3–1 på hjemmebane i EM-kvalifiseringen torsdag. Det skjedde i hans tredje landskamp.

    Atalanta-spissen sendte danskene i ledelsen i Parken etter 21 minutter, men Oliver Antman utlignet for finnene ti minutter etter pause. Åtte minutter før slutt scoret Højlund sitt andre mål, og på overtid fullbyrdet han hattricket.

    Det var hans første landslagsmål siden debuten i september i fjor. Da ble det to innhopp mot Kroatia og Frankrike i nasjonsligaen. Torsdag fikk han tillit fra start og takket for det med tre nettkjenninger.

    Højlund har gått gradene raskt i det danske landslagssystemet. Han rakk bare å spille tre kamper for U21-laget før debuten for A-laget. 20-åringen gjorde unna sine første oppgjør for U21- og A-landslaget med tre måneders mellomrom.

    Han har scoret sju mål på 23 kamper for Atalanta i Serie A denne sesongen.

    Danmark møter Kasakhstan borte i neste runde av EM-kvalifiseringen. Nord-Irland, Slovenia og San Marino er også en del av puljen.

    (©NTB)

    Rasmus Højlund
    Foto: LISELOTTE SABROE / AFP
  • Ronaldo med verdensrekord og måldobbel for Portugal

    Cristiano Ronaldos Portugal lekte seg til 4-0-seier over Liechtenstein i EM-kvalifiseringen torsdag kveld.

    Ronaldo, som scoret to av kampens mål ble fotballhistoriens mestspillende landslagsspiller med sin 197. opptreden for hjemlandet.

    João Cancelo sendte Portugal i ledelsen etter kun åtte minutter med et lavt skudd via to spillere.

    Bernardo doblet ledelsen like etter pausen, før Ronaldo klinket til med to raske mål med drøye ti minutters mellomrom.

    Torsdagens oppgjør var tidligere Belgia-sjef Roberto Martínez' første som trener for det portugisiske landslaget.

    cristiano ronaldo
    Foto: Armando Franca / AP
  • England brøt forbannelsen mot Italia – Kane ble historisk

    For første gang siden 2012 vant England over Italia.

    Italienerne åpnet best på hjemmebane, men England fikk maks ut av et hjørnespark fra Bukayo Saka etter 12 minutter. Harry Kane var først på ballen, men skøyt på sisteskansen. Ballen spratt videre til Declan Rice som sendte England i ledelsen.

    Italia bar preg av et rotete forsvar i store deler av kampen, og Giovanni Di Lorenzo ble synderen med hands innenfor 16-meteren like før pause.

    Kaptein Kane fikk en gylden mulighet til å doble ledelsen med straffespark, og det gjorde Tottenham-spissen som satte rekord med sin 54. landslagsscoring. Han passerte med det Wayne Rooneys målrekord for England.

    Få minutter senere fikk Jack Grealish en gigantisk mulighet til å sette 3–0 etter en strålende assist fra Kane. Men på magisk vis gikk ballen utenfor mål.

    Etter hvilen hadde italienerne funnet ny giv.

    Med drøye ti minutter spilt av andre omgang fant Lorenzo Pellegrini debutant Mateo Retegui som satte ballen sikkert i nettveggen.

    Luce Shaw pådro seg to gule kort på to minutter. England måtte dermed spille de siste ti ordinære spilleminuttene med ti mann.

    Et desperat Italia mestret likevel ikke å utligne mot engelskmennene som gikk seirende ut 2-1.

Sendeplan

Kl. Program Kanal
Sport
Spiller nå
Nektet å prate om Haaland - så skjedde dette 01:00
Neste