Hopp til innhold

Ekstreme tiltak etter Niemann-avsløringa: Her blir bananen undersøkt for hjelpemiddel

Sjølv om Hans Niemann er teken i juks over 100 gonger, held sjakk-karrieren fram førebels utan konsekvensar. Men i sjakkturneringa han no spelar har tryggingskontrollen aldri vore strengare.

En banan undersøkes på vei inn i sjakk-lokalet.
Foto: Lennart Ootes / Saint Louis Chess Club

Same dag som «Niemann-rapporten» vart publisert starta den amerikanske meisterskapen i sjakk. Der er Hans Niemann ein av deltakarane, sjølv om nettstaden chess.com nyleg avdekte omfattande juks.

Arrangøren meiner dei ikkje kan stengje han ute.

– Før det amerikanske sjakkforbundet, Fide, eller nokon andre styresmakter stengjer han ute må vi som arrangør la spelarane vere, seier Tony Rich i eit intervju med arrangøren.

Rich er administrerande direktør i Saint Louis Chess Club, som arrangerer meisterskapen.

Hans Niemann-rapporten ble utarbeidet av nettstedet chess.com.

JUKS-RAPPORT: Ifølgje Chess.com juksa Niemann over 100 gonger.

Foto: Jørund Wessel Carlsen / NRK

Ekstreme tryggingstiltak

Vanlegvis blir spelarane undersøkte i detektorar før kvart parti. Nokre gonger går dei gjennom metalldetektorar som på flyplassar, andre gonger er det meir omfattande.

Det kan likevel ikkje målast med opplegget rundt årets amerikanske meisterskap.

– Vi har alltid hatt metalldetektorar, no har vi også frekvensskannarar og ekstra skannarar som sjekkar etter silisium, seier Rich og føyer til:

Viss dei har noko elektronikk, om det er av eller på og om dei sender ut signal eller ikkje, så vil dette bli oppdaga, forsikrar Rich.

I tillegg har dei analysar av partia i etterkant og 30 minutts utsetjing på kringkastinga. Det er stengt for publikum, og berre eit fåtal har tilgang til spelarlokalet.

Hans Niemann

EKSTRA TILTAK: Hans Niemann avbilda etter andre runde av den amerikanske meisterskapen i sjakk.

Foto: Lennart Ootes / Saint Louis Chess Club

Ikkje nok med det, fotografi frå tryggingssjekken viser at ein av spelarane får undersøkt bananen på veg inn i arenaen.

– Ein tenkjer kanskje at det er litt i overkant å sjekke bananen, skriv Anish Giri på Twitter.

– Dette er latterleg. Men det er morosamt, seier Hikaru Nakamura på sin eigen Twitch-kanal.

Nakamura meiner også at «banan-mannen» må vere Sam Shankland, sidan han alltid har med seg banan til partia.

NRK-ekspert: Niemann bør roe ned

Bråket rundt juks i sjakk starta da Magnus Carlsen trekte seg frå Sinquefield Cup for vel ein månad sidan. Onsdag kom ein rapport frå den største sjakknettstaden i verda, chess.com, med ein nedslåande konklusjon for amerikanaren. Ifølgje rapporten har Niemann juksa i over 100 parti på nett.

Likevel speler Niemann no den amerikanske meisterskapen i sjakk.

– Det er merkeleg. Eg synest kanskje, for Niemanns eigen del, at han bør trekkje seg og roe ned. Han bør finne ut kva som er det rette for han og ikkje kaste seg ut i ei turnering der han vil få så mykje merksemd, seier NRKs sjakkekspert Atle Grønn.

Atle Grønn

EKSPERT: Atle Grønn.

Foto: Jørund Wessel Carlsen / NRK

Turneringa blir kringkasta til heile verda med 30 minutts utsetjing, men alles auge er retta mot Niemann. I sosiale medium florerer det av skjermdumpar, videoklipp og bilete av kva Niemann gjer.

Det kan ikkje vere sunt, i den situasjonen, at han skal spele sjakk med heile verdas argusauga retta mot seg, seier Atle Grønn.

Etter to rundar i meisterskapen står Hans Niemann med ein siger og ein remis. Han toppar turneringa før rundane fredag.

Siste nytt

  • Leicester rykket opp igjen til Premier League

    Leeds tapte hele 0-4 borte mot Queens Park Rangers fredag kveld. Dermed ser det ut til at et direkte opprykk glipper for den tradisjonsrike klubben, mens Leicester kan feire retur til Premier League neste sesong.

    Etter fredagens kamp har Leeds fire poeng opp til Leicester, men kun én kamp igjen å spille. Leicester har på sin side to kamper igjen å spille.

    For Leeds' del jakter Ipswich Town like bak. De er ett poeng bak Leeds, men har spilt to kamper mindre. Dermed vil fem poeng på de siste tre kampene sikre et opprykk for Ipswich.

    For Leicester ble oppholdet på nest øverste nivå i engelsk fotball kortvarig. Klubben som vant Premier League i 2016, rykket ned fra Premier League i fjor.

    Seieren til Queens Park Rangers gjør at de har sikret plassen på nest øverste nivå.

    Leicester
    Foto: AP
  • Medier: Liverpool og Feyenoord enige om Slot-overgang

    Arne Slot blir etter alt å dømme arvtakeren til Jürgen Klopp som Liverpool-manager. Ifølge flere medier har Feyenoord gått med på å slippe ham.

    Det skjer etter at Slot torsdag bekreftet at han ønsket seg til Liverpool.

    – Jeg vil gjerne til Liverpool. Nå venter jeg på å se om klubbene kommer til enighet. Jeg er veldig trygg på det, sa Slot til ESPN.

    Nå melder flere medier, blant dem The Athletic, at klubbene har kommet fram til en kompensasjon for nederlenderens tjenester. Også nederlandske medier hevder at Slot nærmer seg Liverpool-jobben.

    Liverpool har vært på managerjakt siden Klopp i vinter varslet at han kom til å gi seg ved sesongslutt. Tyskeren hadde egentlig to år igjen av kontrakten.

    I Nederland er 45-årige Slot kjent for å stå for en offensiv og energisk spillestil. Han ledet i fjor Feyenoord til serietittelen og fulgte i år opp med å vinne cupen.

    Slot tok for to år siden Rotterdam-laget til finalen i Serieligaen. Han leverte også sterke resultater som AZ Alkmaar-trener. (NTB)

    Arne Slot
    Foto: AFP
  • Stortalent herjet da Norge vant i VM-test

    Treningskampen mellom Norge og Danmark i Asker endte 4-3 fredag kveld etter spilleforlengelse.

    18 år gamle Michael Brandsegg-Nygård er blant verdens mest ettertraktede talenter og han viste hvorfor fredagens kamp.

    Brandsegg-Nygård ble kreditert alle Norges tre mål i ordinær tid.

    – Jeg vet ikke. To i hvert fall, sa Brandsegg-Nygård til TV 2 i pausen mellom andre og tredje periode.

    – Den gikk på skøyta mi, men så jeg ikke hva som skjedde etter. Jeg tror Petter (Vesterheim) slo den inn, sa Brandsegg-Nygård videre - noe også TV 2s kommentatorer konkluderte med.

    Norge ledet 3-1 etter den andre perioden, men Danmark kom tilbake i den tredje perioden og fikk utlignet til 3-3. Dermed ble det spilleforlengelse i Asker.

    Der var igjen Brandsegg-Nygård sentral og scoret Norges vinnermål i spilleforlengelsen.

    Norge og Danmark møtes til ny treningskamp lørdag. Deretter skal Norge spille to treningskamper borte mot Latvia neste uke, før VM starter 9. mai.

    Michael Brandsegg-Nygård
    Foto: NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal