– Eg håpar at Chess.com eller Magnus kjem med ei utsegn. Det må komme ei utsegn, sa Hikaru Nakamura på Twitch då han denne veka snakka om juksepåstandane som herjar i sjakkmiljøet.
Det har no gått fire dagar sidan Magnus Carlsen brått trekte seg frå Sinquefield Cup etter sjokktapet mot Hans Niemann.
HOVUDPERSONEN: Hans Niemann har vore på leppene alles etter kaoset i Sinquefield Cup.
Foto: NRKNordmannen annonserte at han gav seg ved å leggje ut ei kryptisk Twitter-melding der han viste til eit YouTube-klipp av José Mourinho som seier:
«Viss eg snakkar, kjem eg i kjempetrøbbel».
Kasparov: – Stygge antydningar
Fleire har tolka dette som at Carlsen skuldar Niemann for juks. Amerikanaren har blankt avvist å ha brukt ulovlege middel mot Carlsen, men har innrømma å ha juksa på nettstaden Chess.com då han var 12 og 16 år.
No krev mange i miljøet at Carlsen forklarar seg.
– Eg skal ikkje gå inn i dei stygge antydningane, men eg merka meg det vi veit akkurat no. Verdsmeister Magnus Carlsen trekte seg frå ein av dei største turneringane i verda i St. Louis, noko som ikkje har skjedd dei siste 50 åra. Ei forklaring krevst, skriv sjakklegenda Garry Kasparov på Twitter.
SJAKKLEGENDE: Garry Kasparov ønskjer å få Magnus Carlsen på banen etter kaoset rundt Hans Niemann.
Foto: CARLOS COSTA / AFPBae spør etter bevis
Sjakkekspert Torstein Bae påpeikar at trenden har snudd dei siste dagane. Han meiner at presset ligg på Carlsen.
– I starten hadde ein veldig stor tru på at Magnus visste kva han gjorde då han antyda noko sånt. No har det roa seg, og eg føler at det har svinga over til at folk tenkjer «Ja, vel. Kvar er desse bevisa?». Særleg fordi mange har sett på partia og ikkje funne nokon mistenkjelege trekk, inkludert computerekspertar og spelarar i verdseliten, seier Bae.
EKSPERT: Torstein Bae.
Foto: Jørund Wessel Carlsen / NRK– Kva tenkjer du sjølv, må Carlsen på bana?
– Det er sjølvsagt klart ønskjeleg. Har ein sagt A, må ein seie B. Når han legg ut denne meldinga som alle tolkar på same måte – som også Carlsen forstår at vil tolkast sånn – så skrik folk etter informasjon, svarer Bae.
NRK-eksperten er usikker på om sjakkverda nokon gong vil få ei forklaring frå Carlsen.
– Det er som mange påpeikar – kva er det han skal seie, eigentleg? Anten må han avvise om at det dreier seg om juks eller så må han seie ettertrykkjeleg at det var juks. Det er jo klart at det er ein risiko viss han ikkje har nokon handfaste bevis. Han eksponerer seg for ein del risiko mot søksmål.
NRK har prøvd å få ein kommentar frå Magnus Carlsen via manager Henrik Carlsen til denne saka, men har ikkje lykkast.
Niemann kasta ut av Chess.com
Hikaru Nakamura har som kjent ikkje fått ei utsegn frå Carlsen – slik han ønskte. Men etter at Twitch-sendinga hans gjekk på lufta har amerikanaren omsider fått svar frå Chess.com.
Sjakknettsida skriv fredag i ei pressemelding at dei har stengt ute Hans Niemann. Sjefen i nettstaden Daniel Rensch meiner at 19-åringen har juksa meir på nettsida enn han tidlegare har gjeve uttrykk for.
– Vi har delt detaljerte bevis med han, inkludert informasjon som motseier utsegnene hans om mengda og alvorsgrada av juksinga hans, seier Rensch.
Nettstaden held likevel døra på gløtt for sjakktalentet.
– Vi ønskjer ingenting anna enn å sjå dei beste sjakkspelarane i verda lukkast i dei største storhendingane. Vi vil alltid handle for å verne integriteten til spelet som vi alle elskar.
Niemann har førebels ikkje svart på dei siste skuldingane frå Chess.com.