– Det er vanskeleg å avdekke dei få tilfella med hjarteproblem. Vi snakkar nok om at 20-30% av tilfella ikkje kan oppdagast gjennom EKG eller ultralyd, seier landslagslege Thor Einar Andersen.
For å kunne spele på toppnivå i Norge blir alle spelarar i eliteserien og førstedivisjon blir testa for hjarteproblem gjennom EKG-undersøking og ultralyd.
Med det blir enkelte uregelmessigheiter i hjarterytmen avdekka.
– Desse testane kostar mellom 2-3000 kroner, seier Andersen, som også er forskar ved Senter for idrettsskadeforskning.
– Kontroversiell test
Sundag fekk Branns Carl-Erik Torp hjartestopp i eliteseriemøtet med Sogndal. Han har passert testen utan at det blei funne noko.
– Torp gjekk gjennom hjartetesten i 2010, som er kravet frå fotballforbundet, stadfestar Brann-lege Ove Austgulen etter at Torp fekk hjartestopp mot Sogndal sundag.
Men ifølgje Austgulen er det usemje om denne undersøkinga er god nok.
– Testen er kontroversiell fordi den ikkje fangar opp alt. Den kan gje ein falsk tryggleik, seier Brann-lege Ove Austgulen til NRK.no.
MR-undersøking avdekker meir
MR-undersøking er ein metode som kan avdekke fleire hjartefeil enn i dagens testing. Men ein slik type kontroll krevjer eit større testapparat og koste langt meir enn EKG og ultralyd.
– Det er ingen som gjennomfører standard MR-undersøking. Det er fordi at ultralyd fangar opp dei fleste tilfella. Å gjere det vil vere å putte ekstremt mykje ressursar i noko som førekjem særs sjeldan, seier Andersen.
– Tre menneske døyr av hjartefeil kvart år
Roald Bahr ved Senter for idrettsskadeforsking meiner også at meir nøye testing av toppidrettsutøvarar ikkje er vegen å gå.
– Sjansane er større for at det føreligg noko hjå spelarar på lågare nivå, seier Bahr.
I dag blir bare spelarar frå eliteserien, førstedivisjon og toppserien for kvinner sjekka.
Bahr viser til ei undersøking frå 90-talet gjennomført av Senter for idrettsskadeforsking.
– Den viste at tre menneske døyr av fysisk aktivitet i løpet av eit år. Ingen av desse var konkurranseutøvarar på høgt nivå, seier han og held fram:
– Det vil seie at om ein skal gjennomføre ein nyttig sjekk, må ein gjennomføre obligatorisk testing av ei enorm gruppe menneske. Men det ville nok krevje alt for store ressursar og investeringar, seier Bahr.
Han påpeiker at undersøking av alle idrettsutøvarar bare blir gjort i ein region i Italia. Der tek dei føre seg alle idrettsutøvarar over 18 år.
Elles i verda ligg testinga på eit nokolunde likt nivå som i Norge.
Har ikkje nok fagfolk
Andersen støttar Bahr i spørsmålet om denne typen testing er riktig ressursbruk eller ikkje.
– Det er nettopp difor dette er så omdiskutert i internasjonale krinsar. Det er store ressursar som skal til for å avdekke nokre få tilfelle. Det ville til dømes krevje at ein må utdanne ei rekke fagfolk til å gjennomføre denne typen undersøkingar, seier Andersen.