Sogndal har møtt tangotrøyene i både NM-kampar og i kvalifiseringa til Eliteserien. Desse fire kampane har alle enda i siger til Ålesund.
I seriesamanheng må ein 11 kampar attende – til 1996 – om ein skal finne sist gang dei svartkvite tok alle poenga. Av 15 seriekampar, har ni enda uavgjort.
- LES OGSÅ:
– Sjølv om Aalesund har hatt gode resultat mot oss, så føler eg at vi har gjort mange gode kampar og har fortent alle poenga mot dei. Til dømes begge møta i fjor meiner eg dei hadde flaks, seier Sogndal-spiss Ulrik Flo.
Vil ut i Europa
Når laga igjen barkar saman på Fosshaugane i kveld, er det berre ein ting som gjeld for heimelaget. Med
.For Aalesund sin del står det om 4. plass og sjansen til å spele i Europa.
– Det er nok av motivasjon for å prestere godt mot Sogndal. Vi har vunne dei to siste. Det har gjeve oss sjølvtillit, seier nordfjording og Aalesund-spelar Peter Orry Larsen til AaFK sine nettsider.
Har mest å spele for
– Eg trur nok det står meir på spel for oss, svarar Flo og er klar på at han helst vil seie seg ferdig med årets fotballsesongen når han ruslar ut garderobedørene etter årets siste seriekamp.
– Eg reknar med at også Aalesund-spelarane heller ville halde seg i divisjonen, enn å ta fjerdeplassen sjølv om det kan gje spel i Europa, seier stryningen.
Rolegare veke
Sogndal-spelarane har denne veka køyrt eit noko rolegare treningsopplegg fram mot den viktige serieavslutninga.
– Vi har hatt ein god miks, fått god temperatur og tempo på øktene denne veka. Samstundes har vi fått slappa litt av og restituert oss. No er det siste kamp og då treng vi ikkje køyre så mykje mengdetrening, men heller meir intensive økter, seier Flo.
Ventar god stemning
Også arrangementssjef Geir Inge Heggestad i Sogndal Fotball merkar interesse kring kampen. Han har fått tilbakemelding om at supporterane til Aalesund, Stormen, kjem med kring 250 jubelklare sjeler.
Og Stormen er kjende for å medverke til flotte rammer til fotballkampar.
– Laurdag morgon hadde vi i underkant av 2.700 selde billettar, og eg tippar det kjem mellom 3.500 og 3.700 inn gjennom portane. Eg oppmodar alle til å komme slik at vi får Tippeliga i 2014, seier Heggestad.
– Med så mykje på spel i serieavslutninga burde vel Fosshaugane vore fullsett?
– Det er ynskjeleg, men 5.600 på ein 10. november trur eg ein berre får med tilsvarande scenario og Brann som motstandar. Slik som i fjor.
– Har vore der føre
Etter ein berg- og dalbane-sesong har Sogndal hamna i ein utsett posisjon. Flo vedgår at det ikkje er gunstig at så mykje står på spel i sesongavslutninga, men meiner samstundes at dei har ein fordel gjennom å ha vore der før.
I fjor berga dei plassen etter ei solid oppvisning og siger mot erkerival Brann.
– Heilt klart. Vi har god erfaring i høve til kva som må til og har lukkast med det siste sesongane. No må vi jobbe med tenningsnivået vårt og vise kva det betyr for oss å halde oss i den øvste divisjonen, seier Ulrik Flo.
Skadd kaptein står over
Ein som ikkje får delta i den viktige sesongavslutninga, er kaptein Rune Bolseth.
Midtbanespelaren måtte ut med strekk i sideleddbanda og rift i menisken i den
.– Det er ikkje berre litt kjipt å stå over mot Aalesund. Det er vanvettig kjipt. Å sjå slike kampar er ti gonger verre enn å spele dei, seier sandensaren som må innta tribunen på Fosshaugane i kveld.
Vil ikkje forlengje sesongen
Både Bolseth og Flo håpar og trur at Jonas Olsson sine utvalde gjer jobben som sikrar eliteseriefotball i Sogndal også i 2014.
Når det gjeld kvalifiseringsspelet blir det søndag avgjort kven av 1. divisjonslaga Mjøndalen og Ranheim som skal møte lag nummer 14 i eliteserien i kampen om opprykk. Måndag kveld blir dato for finalekampen fastsett.
– Det er ingen i spelargruppa som vil forlengje sesongen med kvalifiseringsspel. Vi er klare til å gje alt i 90 minuttar og bli ferdige med det. Om vi ikkje gjer jobben skikkeleg i dag, så må vi jobbe meir. Eg vil aller helst at ferien tek til søndag kveld, avsluttar Flo.