Sogndal Fotball har orientert Norges Fotballforbund og gjestene frå Ålesund om at det før avspark blir eit minutts stille etter trippeldrapet i Årdal måndag.
– Sogn og Fjordane er ikkje større enn at vi føler med dei som er berørte av denne tragiske hendinga. Det er heilt naturleg at vi markerer dette med eitt minutts stille, seier arrangementsansvarleg Geir-Inge Heggestad i Sogndal Fotball.
– Vil vise at vi bryr oss
Tragedien i Årdal har gått sterkt innpå folk i heile landet. Ein 30 år gamal mann frå Sør Sudan er sikta og varetektsfengsla i fire veker etter at tre personar vart drepne om bord på Valdressekspressen.
Mellom dei omkomne var ei 19 år gamal jente frå Årdal.
– Det er ei tragisk hending og då er det flott at vi får sjansen til å vise at vi bryr oss og at vi står samla. Det er nok sikkert mange som set inne med tunge kjensler og frustrasjon, og då gjer det godt å få delt det med dei som følgjer kampen, seier Sogndal-spelar Ulrik Flo.
Har orientert NFF
Alle kampar i Tippeligaens 30. og siste runde skal starte samstundes, klokka 18. Av den grunn er både Aalesund og fotballforbundet orientert om det som skal skje.
På grunn av markeringa skal spelarane gjere seg klare eitt minutt tidlegare enn det som er vanleg.
– Spelarane må starte oppvarminga og gjere seg klar i spelartunnelen eitt minutt tidlegare. Etter myntkast stiller spelarane seg opp i ein halvsirkel midt på bana og det blir eitt minutts stille, fortel Heggestad.
Har vore tema
Både Heggestad og Flo fortel at trippeldrapet har vore tema i spelargruppa denne veka.
– Slike tragiske hendingar blir nok diskutert på mange lunsjrom i dagane etterpå. Og når det kjem så pass nærme, så blir ein påverka, seier Heggestad.
Flo både håpar og trur at publikum viser respekt og deltek på markeringa.
– Det både ventar og håpar eg. I slike tilfelle fell det naturleg med eitt minutts stille. Det er så pass tett på at det påverkar oss alle, avsluttar han.