Sogndal-kapteinen må truleg sjå sesonginnspurten frå sidelinja

Kneskaden Rune Bolseth fekk i kampen mot Sandnes Ulf gjer truleg at han ikkje kan spele dei to siste kampane i årets eliteserie.

Rune Bolseth skadd

SKADDE KNEET: Sogndal-kaptein Rune Bolseth måtte gå av bana i kampen mot Sandnes Ulf. Her får han hjelp av m.a. tidlegare klubbkamerat Henrik Furebotn.

Foto: Alf Vidar Snæland

Det var rett før pause Sogndal-kapteinen kom feil inn i ein duell med tidlegare Sogndal-spelar Henrik Furebotn. Resultatet var kneskade, frisprak mot Bolseth, gult kort og rett etterpå baklengsmål.

Bolseth var tysdag på veg til Bergen for å ta MR-bilete av kneet og var difor litt usikker på kor alvorleg skaden er.

– Men det kjennest ut som kampen i helga og neste helg kjem for tidleg.

– Så dermed er sesongen over for din del?

– Ja, det kjennest slik akkurat no, men eg får no vente og sjå kva undersøkinga viser.

Rune Bolseth skårar mot Hønefoss

FÅR IKKJE GJENTA SUKSESSEN: Rune Bolseth scora mot Hønefoss i heimekampen i sommar.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Ekstra bittert

Komande søndag tek Sogndal turen til Hønefoss, klubben Bolseth kom frå før denne sesongen.

– Det å gå glipp av kampen mot gamle lagkameratar er ekstra bittert. Hønefoss har løfta spelet sitt i det siste, og dei må vinne for å greie plassen. Det blir ein hard kamp, så vi må ha ein god dag, men det reknar eg med at vi kjem til å ha.

Søndagen etter er det heimekamp mot Aalesund på Fosshaugene Campus.

Men Bolseth har god tru på at Sogndal tek dei poenga som skal til for å sikre plassen i Eliteserien utan at han er med.

– Ja, det trur eg absolutt. Vi har ein veldig god sjanse til helga. Vi satsar på at Sogndal er eit tippeligalag i 2014 alt etter den kampen.

Håvard Flo

- VIKTIG BRIKKE: Sportsleg leiar Håvard Flo i Sogndal Fotball trur dei skal greie poeng utan Bolseth.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

– Viktig brikke, men...

Også sportleg leiar Håvard Flo i Sogndal Fotball trur laget skal kapre dei poenga dei treng utan kapteinen på bana.

– Det er synd derom Rune ikkje kan spele. Han er ei viktig brikke, men vi har mange fine typar som kan fylle rolla hans. Kristoffer Stephensen Nesse har fått litt speletid i det siste og har gjort det godt. Magnus Stamnestrø er på veg tilbake og kan definitivt vere eit alternativ.

Flo meiner at dersom laget byggjer på det dei fekk til, særleg i første omgang mot Sandnes Ulf, så sikrar dei nok poeng i dei to siste kampane.

– Vi fekk ein boost i den kampen, vi la ein viktig stein i grunnmuren for vidare spel i Tippeligaen. Målet må vere å ta seks poeng på dei to siste kampane, det hadde vore gull verd.