Hopp til innhold

Sogndal greier seg med uavgjort, men går på bana for å vinne den siste kampen

Sogndal vil unngå kvalifiseringsplassen i Eliteserien om dei spelar uavgjort mot Aalesund på Fosshaugane Campus søndag. Men assistenttrenar Tom Mangersnes lovar at dei ikkje går på bana for å forsvare seg til 0-0.

Ulrik og Per-Egil Flo i duell

SKÅRAR HAN I SISTE SERIEOMGANG? Ulrik Flo, her i duell med Per Egil Flo i Molde-drakt, har ikkje skåra sidan første serieomgang. Kanskje han finn att målteften mot Aalesund?

Foto: Snæland, Alf Vidar / NTB scanpix

Han seier at dei som tek turen til Fosshaugane søndag kveld skal sleppe å sjå eit ultradefensivt Sogndal når Aalesund kjem på besøk.

– Det passar oss ikkje å gjere det på heimebane. I tillegg veit vi at å velje ein slik inngang kan straffe seg. Vi såg Tromsø i går kveld som sleppte inn eit mål 2.59 på overtid. Så det kan vere ein veldig farleg inngang.

Mange ynskjer at Ulrik Flo blir mannen som kan avgjere det heile. Stryningen har ikkje skåra sidan første serieomgangen mot Tromsø, og då ville det vere eit bra samantreff om han også set inn mål i den siste kampen. Han skåra det eine målet i den avgjerande sistekampen mot Brann i fjor.

Til Sogndal si heimeside seier han at laget vart for passivt mot Hønefoss.

– Vi gjekk ikkje ut med ein offensiv nok tankegang. Vi trudde ting skulle ordne seg av seg sjølv, og då går det som det går. Vi må få fram glød og vilje og vere offensive i tankegangen mot Aalesund, og så er det viktig med støtte frå heimepublikum.

– Vil prege heimekampar

Og Mangersnes seier dei har planar om å gå så offensivt ut at Flo kjem til dei sjansane som kan gje utteljing.

– Vi ynskjer å prege kampar på heimebane, og det i endå større grad enn vi har klart til no i år.

– Og vi hugsar forrige serierunde der Sogndal heldt 0-0 til pause borte mot Hønefoss, og brått var det 2-0 til heimelaget?

– Ja, nettopp. Det skjer fort i fotball, det skal ikkje mange feilposisjoneringar til før det plutseleg skjer noko. Vi må ha ein strategi som er veldig fokusert på kva vi skal gjere sjølve og i forhold til det som skal kjenneteikne Sogndal på heimebane.

Tom Mangersnes

LOVAR OFFENSIV HALDNING: Assistenttrenar Tom Mangersnes forsikrar at Sogndal ikkje går på bana for å forsvare seg til 0-0.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

– Viste karakterstyrke mot Sandnes Ulf

Mangersnes håpar dei kan finne tilbake til det dei viste i første omgang mot Sandnes Ulf for to veker sidan.

– Der viste vi karakterstyrke, vi tok tak i kampen, og det var ganske imponerande etter ei lang rekkje med negative resultat. Det er det vi ynskjer å få til på heimebane, og det er det vi må opp på søndag.

Jon Navarsete er NRK Sogn og Fjordnane sin fotballekspert, og han håpar at Sogndal kjem opp på det nivået dei hadde mot Sandnes Ulf.

– Men det er mykje psykologi i fotball, iallfall i slike kampar. Eg håpar verkeleg at vi får sjå den offensive haldninga og eit lag som har lyst til å vinne. Å snakke om at eitt poeng er nok kan ein gjere på førehand, men eg håpar at dei går på bana med rette innstillinga.

Jon Navarsete

TRUR SOGNDAL VINN: NRK sin fotballekspert, Jon Navarsete.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Eitt poeng held

Sogndal vil unngå kvalifiseringsplassen om det blir eitt poeng mot Aalesund. Før siste serierunden ligg Sogndal på 12. plass, med same poengsummen som Vålerenga og Sandnes Ulf, og med Sarpsborg 08 to poeng bak.

Vålerenga og Sandnes Ulf møtest til innbyrdes oppgjer i Oslo. Med eit uavgjort resultat der og uavgjort i Sogndal, vil Sandnes Ulf hamne bak Sogndal på dårlegare målskilnad.

Vinn eitt av laga kampen i Oslo, vil det tapande laget hamne eitt poeng bak Sogndal så sant Sogndal greier uavgjort mot Aalesund. Samstundes må Sarpsborg 08 vinne med minst tre mål borte mot Viking for å passere Sogndal.

Men taper Sogndal mot Aalesund kan det fort bli kvalifiseringsplass. Då må dei håpe på at Vålerenga vinn mot Sandnes Ulf, og at Viking unngår tap mot Sarpsborg 08.

Eliteserietabell før siste serierunde
Foto: skjermdump

Møter sterk midtbane

Aalesund har og litt å spele for. Taper dei mot Sogndal, kan dei bli passert av Molde og misse den fjerdeplassen dei har før siste serierunde. Berre det er motivasjon nok i sunnmørsbyen.

Aalesund har ei sterk midtbane med spelarar som Michael Barrantes og Peter Orry Larsen, og Sogndal manglar kaptein og midtbanespelar Rune Bolseth. I tillegg er truleg Magnus Stamnestrø uaktuell på grunn av skade.

– Aalesund kjem topp motiverte

Peter Orry Larsen frå Skavøypoll i Vågsøy og fast inventar på Aalesund, seier at dei kjem til Sogndal med minst like mykje motivasjon som heimelaget.

– Vi har veldig lyst til å ta fjerdeplassen, og vi kan avgjere det sjølv. Den plassen kan gje oss europacupspel, så vi har meir enn nok motivasjon.

– Og det laget som kan snyte dykk for fjerdeplassen er Molde, og det er vel motivasjon nok i seg sjølv?

– Ja, ikkje sant. Vi har veldig lyst til å kome før Molde, det er veldig lenge sidan det har skjedd, det har vel kanskje ikkje skjedd. Vi jaktar på tre poeng mot Sogndal.

Peter Orry Larsen

STERK MIDTBANESPELAR: Peter Orry Larsen frå Skavøypoll i Vågsøy har gjort det godt på midtbana til Aalesund i haust.

Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB scanpix

Han trur ikkje Sogndal kjem til å gå ut defensivt og satse på 0-0.

– Eg er sikker på at dei kjem til å gå ut i hundre og gje oss ein knalltøff kamp. Det blir to lag som begge har lyst på tre poeng.

Kven skal ha Bolseth-rolla?

Tom Mangersnes seier Kristoffer Nesse Stephensen kan vere aktuell i rolla til Bolseth, ei anna løysing kan vere å flytte Ruben Holsæter inn sentralt. Jon Navarsete seier dei ikkje kan tenkje på dei som ikkje kan spele.

– Det er 11 mann som skal ut på bana. Om dei møter Barrantes eller andre er ikkje så interessant. Skal Sogndal prege kampen må dei ha den energien som skal til og tore å ta det fram, og det håpar eg skjer søndag.

Og Mangersnes seier at den som spelar i rolla til Bolseth må tenke offensivt.

– Han må gjere som Rune, ta steget fram, prøve å gjenvinne, prøve å sette i gang angrep i staden for å ta to steg tilbake og berre tenke på å demme opp for neste angrep frå motstandarane.

Trenarapparatet funderer no over kva konstellasjon som vil oppfylle dette ynskjet.

– Vi skal iallfall lande på det som er det beste for Sogndal søndag.

– Publikum må gi jarnet

Det er grunn til å tru at Aalesund får støtte på tribuna på Fosshaugane Campus. Supporterane i Stormen set opp bussar til Sogndal. Dei veit å vise igjen og kan fort overdøyve heimepublikummet, særleg dersom heimelaget ikkje tek tak i kampen frå start.

Jon Navarsete håpar at dei som har eit hjarte som bankar for Sogndal møter opp og verkeleg støttar laget.

– Det er noko som heiter å kjenne si besøkelsestid, og eg trur at dei som elskar Sogndal og vil at vi skal vere i Tippeligaen gir jarnet på trubuna. Det handlar om store verdiar.

– Samstundes er det eit fargerikt skue når Aalesund kjem med sine supporterar, det ligg an til eit skikkeleg oppgjer med høg puls og korte negler når vi går heimatt.

Ulrik Flo har nett sett inn 1-0 for Sogndal over Brann.

REPRISE FRÅ I FJOR? Ulrik Flo har gitt Sogndal leiinga 1-0 i siste seriekampen i fjor, mot Brann.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Navarsete trur på Sogndal

– Ditt tips for kampen?

– Aalesund har litt mindre å spele for, så denne kampen vinn vi med eitt mål eller to.

Assistenttrenar Tom Mangersnes vil på si side ikkje tippe.

– Eg tippar aldri. Det eg kan seie er at om vi får gjenskapt det vi viste i forrige heimekamp så er Aalesund eit lag som skal passe oss veldig godt å spele mot. Det er eit lag som ligg att med mykje folk framme i bana når dei forsvarar seg og avgir mykje rom.