16-åringen måtte nemlig stå over Hødd-treninga onsdag etter at han spydde natta før.
- Eg har vore i kontakt med Fredrik. Forma er stigande, seier dagleg leiar André Nevstad i Hødd.
Torsdag har heile Hødd-troppen fri, før dei trenar saman fredag før avreise til hovudstaden og cupfinale mot Tromsø. Ulstein-laget slo ut Brann i semifinalen, etter å ha vunne 3-1 på heimebane.
Suksess i cup, slit i serie
– Dette er litt større enn å rykke opp med Hareid frå 4. divisjon, for å sei det slik,
.Hødd har slite i serien i år, men har sikra seg spel i 1. divisjon også neste år. Dermed kan dei no
. Klubben har , og- Sjå Hødd sin .
- Sjukdom er ugunstig
Med berre få dagar att til Hødd sin fyrste cupfinale fokuserer no klubben på å halde spelarane friske, fortel Nevstad.
- Sjukdom er ugunstig anten det er i cupfinaleveka eller framfor ein viktig seriekamp. Men det er noko som kan skje. Då må me berre vere nøyaktige og vere forsiktige med flasker og alt som har med hygiene. Det har me vore heile veka, men ein kan aldri garantere noko som helst når slike ting kjem, seier han.
Hødd møter Tromsø på Ullevaal kl 13.15 søndag 25. november, og det med full tropp, håper André Nevstad.
- Ser me vekk frå Fredrik som ikkje trente onsdag, så ser det veldig bra ut. Folk er friske og raske, og gler seg veldig til det som skjer i helga, så det ser bra ut.