Hopp til innhold

Cupfokus etter fornya seriekontrakt

I Ulsteinvik er no alt fokus på cupfinalen, etter at 1. divisjonskontrakten blei sikra på dramatisk vis søndag.

I Ulsteinvik har dei no alt fokus på siger i cupfinalen, etter at det i går blei klart at Hødd sikra plassen i førstedivisjon. Fleire har nytta dagen til fest og feiring.

Ny kontrakt og fokus på cupfinale blei feira i Ulsteinvik.

Dersom Tromsdalen hadde utlikna til 3–3 mot Alta, hadde Hødd spelt 2. divisjon neste år.

Og både trenarar og spelarar i Hødd har sagt at cupfinale mot Tromsø hadde blitt ein nedtur dersom plassen ikkje blei sikra.

Men Tromsdalen scora aldri, og Alta vann 3–2. Dermed sikra Hødd plassen trass i det flaue 4-0-tapet i Bodø.

Like fullt er Hødd klare for 1. divisjon 2013. Det gjer at cupfinalen kan møtast med gode tankar.

– Det blir ein fest

For Pål André Helland, éin av Hødd sine viktigaste spelarar i år, er det godt å endeleg kunne puste ut.

– No kan vi glede oss til cupfinalen.

– Tidlegare har fokuset vore på å halde plassen, med tanken om at cupfinalen kjem når den kjem, fortel Helland.

No er derimot alle tankane samla.

– No har vi berga plassen, og då blir det ein fest i Oslo, seier trønderen.

Følgde Alta-kampen med nervane i høgspenn

Ingebjørn Røren

Ingebjørn Røren fortel at det nesten blei for mykje i sluttminutta av siste serierunde søndag.

Foto: Remi Sagen / NRK

På Ulstein Group sitt hovudkontor i Ulsteinvik blei 1. divisjonskontrakt og cupfinale feira. Cupfinalebrus, Hødd-flagg, mat, og smil blant arbeidande Hødd-supporterar.

– Eg måtte ta inn Alta-kampen for å følgje med der på tampen, fortel Ingebjørn Røren.

Ihuga Hødd-fan, som jobbar i Ulstein Design til vanleg.

Siste del av Alta mot Tromsdalen blei nesten for mykje, seier Røren.

Det blei mykje meir spennande enn høgst nødvendig.

André Nevstad

André Nevstad, her med ein Tromsø-vimpel framfor seg, er glad for nok eit år i 1. divisjon.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Måtte på fjellet

For Hødd-sjef André Nevstad enda spenninga i ein fjelltur.

– Eg fekk god oppdatering til pause, då trudde eg at ting såg bra ut, seier Nevstad.

– Men så blei utviklinga i kampen som det blei. Det blei nervepirrande og veldig dramatisk til ting ramla på plass.

Men det ramla på plass, og no er alt fint og flott for Hødd.

– Det er veldig kjekt at Hødd, med naud og neppe, held plassen i Adeccoligaen. Dei held heime der. No gler vi oss til å få sjå Hødd i cupfinalen, seier Tore Ulstein, visekonsernsjef i Ulstein Group.

Tore Ulstein

Tore Ulstein i Ulstein Group trur det blir stort å sjå Hødd i cupfinale mot Tromsø.

Foto: Remi Sagen / NRK