Hopp til innhold

Fleire gutar får påvist lærevanskar: – Eg skamma meg over det

Brytaren Morten Thoresen fann seg aldri til rette på skulebenken. Det var ein årsak til det. Då han først byrja å snakke opent om problema, merka han noko heilt spesielt.

 Dokumentarserien «Hodet i klemme»: Morten Thoresen.

PROFIL: Morten Thoresen er ein av brytarane NRK følgjer i serien «Hodet i klemme». No fortel han om lærevanskane sine.

Foto: Ragnar Molstad / NRK

– Eg var ekstremt stolt då eg hadde klart å fullføre vidaregåande, for det var tungt. Eg kjem nok ikkje til å setje meg på skulebenken igjen med det første, fortel Morten Thoresen innleiingsvis til NRK.

I dag er brytaren 24 år gammal, og får framleis hjelp med rettskriving. Det var vanskeleg å godta som ung, men no har det gått opp eit lys for brytaren.

No etterlyser Dysleksi Norge meir kompetanse på området.

Kjende på skam

Dysleksi er ein skrive- og lesevanske som rammar 5 til 8 prosent av den norske befolkning, ifølgje NHI.

Det er fire gonger vanlegare hjå gutar enn jenter. Ifølge spesialrådgivar Vidar Waaler i Dysleksi Norge, er det fordi gutane er enklare å oppdage. Dei gjer meir ut av seg i klasserommet, medan jentene har litt lettare for å gli inn.

Thoresen var ein slik gut. Han var full av energi og fann glede og meistring i å vere ute å leike, klatre og bryte.

VM i bryting 2021

TANNLAUS: Morten Thoresen og hans brytesatsing har gått føre ei ny tann. Heldigvis er det ikkje lenge att før han får tanna si tilbake.

Foto: Javad Parsa / Javad Parsa

I fjerdeklasse fekk han bekrefta mistanken om lese- og skrivevanskar, men det tok tid før han forstod at dei som hjelpte han, ville han godt.

Det å sitje inne og prøve å forstå kva som stod på arket føre seg, var vanskeleg å motivere seg til.

– Det var veldig hardt. Eg hadde så mykje energi, og det verka så lett for andre å lese til prøver og slikt, medan eg måtte lese dag ut og dag inn for å få det til, seier han.

Godt meint

Spesielt var det ein ting som utfordra sjølvtilliten, og det var då han skulle lese høgt i klassen. Læraren til Thoresen ville at han skulle utfordre komfortsona.

– Det var det verste som fanst. Eg var så dårleg, skikkeleg dårleg på det. Det var ikkje kult å lese eit langt ord og klare halve ordet, før sidemannen retta på meg. Og då det skjedde 15 gonger i løpet av eit lite kapittel. Det var ikkje kult då ein var liten, det var det ikkje. Eg skjønner at dei berre meiner det beste, men det var ikkje kult, seier Thoresen.

Det fekk han til å føle seg liten og dårleg.

– Eg skamma meg over det ei lang stund. Det var flautt, for eg var ikkje noko flink til det, seier han.

Det var først då han snakka opent om lese- og skrivevanskane sine, at han forstod at kritikken var meint positivt.

– Då eg sa at eg hadde dysleksi, ville folk berre hjelpe meg. Det er kanskje sjukt å seie, men som 24-åring får eg framleis hjelp med rettskriving. Folk stiller opp og vil at eg skal lære. Det er vanskeleg å høyre at eg gjer noko feil, men ein må sjå på det som læring og ikkje som noko negativt. Folk vil meg berre det beste, seier han.

Morten Thoresen er europamester i bryting

EUROPEISK GULL: Morten Thoresen blei europameister i 2020.

Foto: Alessandra Tarantino / AP

Uheldig metode

Sjølv om Thoresen takkar læraren sin i dag, for at ho fekk han til å utfordre komfortsona og «møte frykta i auga», ein eigenskap som han har tatt med seg vidare på brytematta, er det ikkje ein spesielt god metode å bruke i skulen, meiner spesialrådgivar Vidar Waaler i Dysleksi Noreg.

– Det er ein del misforståtte ting rundt dette med dysleksi. Både å lese høgt i klassen og å bli sett på grupperom saman med born med andre vanskar, kan etablere ein del skam og dårleg sjølvbilete, seier Waaler til NRK.

Han presiserer at det særskild gjeld dei som ikkje meistrar oppgåvene sine.

– Så har ein dei som nærast flaggar sin eiga dysleksi og bruker hjelpa der det trengst. Dei viser at det er like naturleg å bruke hjelpemiddel for dysleksien, som det er for ein annan å bruke briller.

Det gjekk opp eit lys for Thoresen då han snakka høgt om utfordringane sine, og nettopp openheit er ein nøkkel, meiner spesialrådgivaren.

– Det er veldig viktig. Det er mykje enklare å bruke hjelpemiddel i klassen om alle veit kvifor du er nøydd til å bruke det. Det er òg lettare for skulane å jobbe opp mot elevar som har dysleksi, viss ein snakkar om det, og for eksempel har samlingspunkt for dei med dysleksi, utan å stigmatisere det, seier Waaler og fortset:

– Det er ein såpass naturleg ting. Det er så mange som har skrive- og lærevanskar, at det må gå innanfor kategorien vanleg.

Ingen spesifikk kursing

No ynskjer Waaler meir ekspertise. Dysleksi Norge får meldingar nesten dagleg av foreldre, lærarar og medlemmer som har spørsmål kring dysleksi. Foreldre som har spørsmål om barnet sitt, og lærarar som treng meir kunnskap om korleis ein skal hjelpe borna i klasserommet.

– Det er for lite kompetanse ute og går. Eg trur dessverre det er mange skular som har lite kunnskap om feltet, og som det blir ein kjempekonsekvens for dei elevane det gjeld. Det er veldig mange som ikkje blir oppdaga, og ein bør jobbe mot å få betre kartleggingsrutinar i skulen, slik at dei kan få den hjelpa dei treng, seier Waaler.

Julia C.S Pettersen, som er seniorrådgivar i Utdanningsdirektoratet, fortel at dysleksi ikkje er spesifikt omtalt i læreplanen, og at det er opp til kvar enkelt skule å tilpasse undervisninga for elevane sine.

– Det er ingen etter- eller vidareutdanning i vår regi om temaet dysleksi, men mykje av støtta vi gir gjennom kompetanseheving om for eksempel arbeid med eit godt og inkluderande læringsmiljø er også relevant for lærarar som har elevar med ulike grader av dysleksi, skriv Pettersen i ein e-post til NRK og nemner PPT-tenestene og Statped som to tilbod der lærarar kan få kursing i korleis ein skal hjelpe elevar med dysleksi og forsinka leseutvikling.

Pettersen legg også til at ambisjonen i læreplanverket er at alle elevar skal få mest mogleg ut av opplæringa si saman med andre elevar.

– Opplæringa skal vanlegvis ikkje organiserast etter fagleg nivå. For at elevar skal bli plassert i såkalla spesialklasser skal eleven ha vedtak om spesialundervisning og samtykke frå eleven sjølv, eller foreldra, avsluttar ho.

Siste nytt

  • Chelsea bekrefter: Enzo mister resten av sesongen

    Chelseas Enzo Fernandez mister resten av sesongen, det melder klubben på sine nettsider.

    Argentineren har vært under kniven på grunn av et lyskeproblem, og Chelsea bekreftet at operasjonen var vellykket. Samtidig betyr det at han er ute resten av sesongen.

    23-åringen har spilt 62 kamper for klubben etter at de hentet ham i januar i fjor.

    Carabao Cup - Final - Chelsea v Liverpool
    Foto: HANNAH MCKAY / Reuters
  • Wada skal etterforskes etter kritikk i dopingsak

    Verdens Antidopingbyrå (Wada) har bedt om en uavhengig gjennomgang av byråets håndtering av saken om en mulig dopingsak med noen av verdens beste svømmere.

    Ifølge Wada skal sveitseren Eric Cottier få adgang til sakens innhold og gi sin vurdering av byråets behandling av saken. Wada opplyser at arbeidet ventes å være ferdig om to måneder.

    – Wadas integritet og omdømme er under angrep. I de siste dagene er Wada blitt anklaget for partiskhet overfor Kina, opplyser antidopingbyrået.

    Lørdag kom nyheten om at kinesiske svømmere hadde spor av hjertemedisinen trimetazidin i prøver avgitt noen måneder før sommerlekene i 2021. 13 av dem deltok i OL i Tokyo.

    Kinesiske antidopingmyndigheter har avvist anklagene og hevder at utøverne skal ha fått i seg stoffet i mat under et stevne.

    Senere stilte Wada seg bak den forklaringen. Det har fått blant andre Det amerikanske antidopingbyrået (Usada) til å reagere sterkt. Den amerikanske antidopingsjefen Travis Tygart gikk mandag hardt ut mot Wada og mente at de dekket over for kineserne. (NTB)

    Soccer FIFA 2034 World Cup
    Foto: Hassan Ammar / AP
  • Amnesty reagerer kraftig – Fifa forsvarer Saudi-avtale

    Amnesty reagerer kraftig på avtalen Fifa har inngått med det saudiarabiske oljeselskapet Aramco. Fifa peker på at den bidrar til global utvikling av fotballen.

    Avtalen mellom saudiarabiske Aramco og Fifa er den siste i rekken av oljestatens involvering i idrett.

    Nyhetsbyrået AP hevder at avtalen er den største Det internasjonale fotballforbundet (Fifa) har inngått med en sponsor om man regner per år.

    – Vi blir ikke lenger sjokkert over Saudi-Arabias bruk av sport som et PR-verktøy, og Fifa har til gode å imøtekomme bekymringer knyttet til saudiske myndigheters grove brudd på menneskerettighetene, sier prosjektleder Frank Conde Tangberg i Amnesty International til NTB.

    – Fifa har valgt å rulle ut den røde løperen for Saudi-Arabia som VM-vert og sponsor. Vi oppfordrer Fifa til å engasjere seg mer for å ta tak i risikoen knyttet til VM i 2034, sier Tangberg.

    NTB har kontaktet Fifa og spurt om forbundets respons på et samarbeid med Saudi-Arabia og bekymringene om brudd på menneskerettighetene.:

    – I tråd med vedtektene reinvesterer Fifa sine inntekter, inkludert inntektene fra Aramco-sponsingen, i å utvikle fotball over hele verden. Det er forventet at Fifa i 2023–2026 vil investere i overkant av 3,9 milliarder dollar i utvikling og utdanning, opplyser en talsperson i Fifa til NTB.

    – Dette inkluderer «Fifa Forward 3.0», fotballutviklingsfondet og andre initiativ som for eksempel å fremme kvinnefotball, dommerarbeid og teknisk utvikling. (NTB)

    Soccer FIFA 2034 World Cup
    Foto: Hassan Ammar / AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal