Hopp til innhold

Innboksen er full av støttemeldingar: – Det kom som eit sjokk

Etter at dei norske brytarane opna opp om einsemd, alkoholproblem og sjølvmord i familien, takkar organisasjonar og sjåarar dei for openheita.

Morten Thoresen

OVERVELDA: Morten Thoresen og resten av brytarane har fått mange meldingar etter at NRK-serien «Hodet i klemme» blei lansert.

Foto: Helene Mariussen / NRK

– Responsen har vore heilt sjuk. Før blei bryting sett på som ein bakgardsidrett med tøffe karar som var farlege og skumle, seier Morten Thoresen.

For etter at den andre sesongen av «Hodet i klemme» rulla ut på skjermen, har brytarane fått innboksen full av meldingar frå menneske og organisasjonar som takkar for at dei står fram og fortel historia si.

– Det kom som eit sjokk, og folk får sansen, for vi gir hjartet og har ikkje noko filter, fortel Thoresen, som har snakka om einsemd og lite kontakt med faren sin.

Felix Baldauf har opna seg om barndommen med ei alkoholisert mor, og ein far som ikkje var til stade. I tillegg mista han fetteren sin til sjølvmord.

Felix Baldauf

MYKJE ENGASJEMENT: Felix Baldauf får mange meldingar på sosiale medium.

Foto: Helene Mariussen / NRK

Han blir rørt av alle som tek kontakt.

– Eg har fått enormt med meldingar frå folk. På grunn av historia mi var det første gang at ein person reiste og trente, eller gjorde noko etter ein traumatisk hending og sorg, seier Baldauf.

Han held fram:

– Eg set utruleg pris på det, men eg blir sett ut av kor mange som har eit forhold til å vakse opp med rus, og miste nokon dei er glad i til sjølvmord, seier Baldauf.

– Berre ein trøblete unggut

Då brytarane valte å bli med på TV-serien, var dei tydelege på at dei skulle gjere det skikkeleg.

– Vi skulle ikkje halde noko tilbake. Og det er litt oss, òg. Vi skulle dele utfordringar i livet, og det finn ein i alle familiar. Det er ikkje noko å skamme seg over, det er noko ein berre kan vere ærleg og snakke om, fortel Stig-André Berge, som har vore open om faren som blei dømt for drap.

Å snakke høgt om sine inste kjensler, har òg vore til stor hjelp for brytarane sjølv.

– Etter at eg snakka om oppveksten og dei traumatiske hendingane, merka eg at eg er så mykje meir enn berre han brytaren. Det er med på å forandre folk sine liv. Eg blir nesten meir stolt av å klare slike ting, enn prestasjonane på matta, seier Baldauf, som tidlegare hadde store problem med å opne seg.

– Kva har du fått igjen for det, som andre kan lære av?

– Eg har tatt eigarskap over historia og livet mitt. Det gjorde meg litt meir skotsikker, og har fungert som terapi. Det gjer det òg enklare for dei rundt meg å forstå kvifor eg tek dei vala som eg gjer. Det har berre positive fordelar, seier han.

– Mot til å oppsøke hjelp

Sigurd Skjefstad, som er kommunikasjonssjef i SOS barnebyar, fortel at openheita i serien betyr vanvitig mykje.

– Den openheita dei har vist, har ein mykje større verdi enn det gutane nødvendigvis kan forstå og ta innover seg. Det går ikkje an å setje ein verdi på. Det er så betydningsfullt, seier Skjefstad til NRK.

Sigurd Skjefstad, kommunikasjonssjef SOS barnebyer

ROSER SERIEN: Kommunikasjonssjef Sigurd Skjefstad.

Foto: Privat

Det same peikar Ailin Strømsholm på, som er familieterapeut og avdelingsleiar for Blå Kors Kompasset, eit terapitilbod for unge som veks opp i heimar med rus.

Felix Baldauf har no blitt ambassadør for dei.

– Vi tenkjer at det er viktig for unge menneske å sjå andre tørre å snakke om tabubelagde tema. Det gjer at unge kjenner seg mindre aleine. Dei kan bli inspirert til å dele utfordringar i livet, og dei kan få mot til å oppsøke hjelp om dei treng, seier Strømsholm.

– Alle kan vere den kompisen

Skjefstad fortel at det har kome ei «vanhelse-bølgje» dei siste åra, og at den større andelen som no slit med psykisk helse, opplev det vanskeleg å finne ein arena å snakke på.

Det seier han at kan føre til dårleg livskvalitet. Og dersom problema ikkje blir tilarbeida, tek ein det med i vaksenlivet, og kan føre til at neste generasjon opplev svekka omsorg.

– Derfor er det til stor inspirasjon å sjå at dei snakkar om det og behandlar det. Dei er førebilete, og det er verkeleg bra gjort, seier han vidare.

Han meiner at alle kan lære av augeblikka i TV-serien.

– Alle kan vere den kompisen som Morten er for Felix. Det handlar om å sjå utover hekken din, og sjå dei i nærleiken som ikkje har nokon å prate med, og gi dei merksemd. Det viser serien, seier han.

– Reddar liv

Baldauf håpar no at han kan setje mental helse på dagsordenen hjå menn.

– Det er jo litt tabubelagt, flaut og skamrelatert, men viss eg kan snakke om det og vise at det er OK, så kan kanskje fleire gjere det, og fleire søke hjelp, seier han.

En tatovert mann med bar overkropp står i en idrettshall med begge armene på hodet. Han er svett og ser litt oppgitt ut.

PROFIL: Felix Baldauf er blant profilane i TV-serien «Hodet i klemme».

Det er òg ein av grunnane til at han har starta opp bedrifta «Bror», som er klede med meining. Målet er at det skal bli eit symbol på menns mentale helse, og at dersom ein går med ein bror-genser, så kan ein føle tilhøyre.

– Eg vil vere ein person som kan gi dei håp, seier han.

Han er klar på ein ting:

– Eg er hundre prosent overtydd at å vere open om eigen mental helse er med på å redde liv, seier Baldauf.

Siste nytt

  • Crouser satte verdensrekord

    Kulestøter Ryan Crouser viser tidlig form, og i natt slo han sin egen verdensrekord under et stevne i Los Angeles. 30-åringen, som tok gullet i forrige OL og VM, slo til med 23.56, 19 centimeter lenger enn den forrige verdensrekorden. Etterpå fortalte han til media at han ikke følte det var et perfekt støt.

    – Jeg tror 23.70 er veldig mulig, og jeg tror 24 meter er mulig for et menneske, sier Crouser til Citius Mag.

    Ryan Crouser
    Foto: AFP
  • Henrik Ingebrigtsen imponerte – slo egen bestetid

    Henrik Ingebrigtsen løp inn til personlig bestenotering på 5000 meter i belgiske Oordegem lørdag. Tiden ble 13.13,99.

    Hans tidligere personlige beste på distansen var 13:15,38.

    32-åringens prestasjon er imponerende etter en lang skadehistorikk over flere år. Ingebrigtsen løp også inn til solide 7.51,09 på 3000 meteren i Moelv forrige søndag.

    Narve Gilje Nordås imponerte også i belgiske Oordegem på 1500-meteren. 3.34,70 lød tiden. Det er like bak VM-kravet på 3.34,20.

    Pressekonferanse Bislett Games
    Foto: Beate Oma Dahle / NTB
  • Aursnes og Benfica sikret seriegullet i Portugal

    Fredrik Aursnes og Benfica tok sitt 38. ligagull da de slo Santa Clara 3-0 lørdag. Tittelen var deres første siden 2019.

    Gonçalo Ramos og Rafa Silva sendte hjemmelaget i føringen før pause. I det 60. minutt fastsatte Alejandro Grimaldo sluttresultatet da han var sikker fra ellevemetersmerket.

    Fredrik Aursnes spilte hele kampen for Lisboa-laget. Nordmannen har notert seg for to mål og fem målgivende på 28 kamper denne sesongen og har vært en av de sentrale spillerne på veien mot seriegullet.

    Andreas Schjelderup satt også på benken for Benfica.

    Porto kunne ta igjen rødtrøyene hvis resultatene gikk deres vei lørdag. Men da Benfica vant sin kamp holdt det ikke med 3-0-seier over Vioria Guimarares og de blåkledde endte som nummer to.

    Braga har sikret seg tredjeplassen, mens Sporting endte som nummer fire.

    Pacos Ferreira og øylaget Santa Clara må belage seg på nedrykk. (NTB)

    Portugal Soccer Portuguese League
    Foto: Armando Franca / AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal
Sport
Spiller nå
NRK forklarer: Rasismeskandalen i Spania 02:41
Neste