Hopp til innhold

Hardt ut mot utøvarar som byter nasjon: – Dei tek rett og slett plassen til nokon andre

Det er ikkje berre i alpinverda utøvarar byter nasjon. Felix Baldauf er ein av fleire som reagerer på nasjonsbyte i dei respektive idrettane sine.

Felix Baldauf

KRITISK: Felix Baldauf er lei av at utøvarar byter nasjon i bryting.

Foto: Tobias Prosch Simonsen

– Frå eit utøvarperspektiv synest eg det er skikkeleg drit at det har blitt sånn i idretten.

Det fortel brytaren Felix Baldauf som er i full gong med oppkøyringa mot OL-kvalifiseringa i april.

Då Lucas Braathen bytta nasjon frå Noreg til Brasil, skapte det overskrifter på tvers av landegrenser. Men det er ikkje berre i alpinverda at dette skjer.

No fortel Hodet i Klemme-profilen at nasjonsbyte også er ein stor snakkis i brytemiljøet. Dei siste sesongane har nemleg rekke russiske utøvarar bytta land.

Felix Baldauf

PROFIL: Felix Baldauf har i fleire år vore ei av dei største stjernene på brytelandslaget.

Foto: ATTILA KISBENEDEK / AFP

– Kan bli ein russisk meisterskap i OL

Ein av grunnane er ifølge Baldauf at det er lettare for russiske brytarar å få sjansen for ein annan nasjon.

– Er du nummer tre eller fire i Russland og ikkje får sjansen, er det nok freistande å byte til ein nasjon der du veit at du kan bli den beste.

Han peikar også på krigen i Ukraina. I ein lengre periode kunne ikkje russiske og belarusiske utøvarar delta i internasjonale meisterskap.

– Vi veit om nokon som bytta både fordi dei ikkje støttar Russland i krigen, men også fordi dei rett og slett ikkje hadde høve til å bryte daå Russland var utestengt.

Aleksandr Komarov er blant dei største profilane som har meldt overgang. Komarov er fødd i Russland og representerte landet i bryting fram til 2021. I EM i 2024 vann han i 87-kiloklassen for Serbia.

Dette gjer at Baldauf kan møte fleire brytarar som er fødde i Russland.

– Dei tek rett og slett plassen til nokre andre, og Den internasjonale olympiske komiteen (IOC) meiner at mangfald er viktig, men her kjenner eg det motsette skjer, seier Baldauf og legg til:

– Når resultatet er at utøvarar blir utelatne fordi enkelte utøvarar frå andre nasjonar tek deira plass, meiner eg IOC skyt seg sjølv i foten.

fhykOXgX7AU

EM-GULL: Dauren Kurugliev bytte statsborgarskap i 2023 frå Russland til Hellas. I 2024 tok han EM-gull for Hellas.

Foto: AP

Baldauf meiner det er vanskelegare å kvalifisere seg til eit OL enn å ta medalje i leikane – og nasjonsbyta kan gjere vegen enda vanskelegare for han.

– Det er ekstra kjipt om du skal delta i eit VM som kan gi deg ein OL-plass, men det endar opp med å bli ein russisk meisterskap fordi russiske utøvarar representerer andre nasjonar enn sin eigen.

  • NRK har lagt fram kritikken frå Baldauf til Det internasjonale bryteforbundet, men har ikkje fått svar. Les IOC sitt svar lengre nede i artikkelen.

– Får vekevise førespurnader frå utanlandske utøvarar

Morten Sandnes, generalsekretær i Norges bryteforbund, fortel til NRK at forbundet ikkje har brukt mykje krefter på utfordringa.

– Vi må velje kampane våre og det har ikkje blitt laget noka sak rundt dette frå forbundet si side, seier han.

Sandnes seier at systemet har vore sånn i lang tid, men at det er urovekkande mange som gjer dette.

Han fortel at forbundet har eit større fokus på at russiske og belarusiske utøvarar nå får delta i internasjonale meisterskapar.

– Saman med dei nordiske og baltiske landa har vi sendt fleire brev til det internasjonale forbundet som er lengst framme i idretten. Vi ønsker ikkje å sjå russiske og belarusiske utøvarar i meisterskap, seier generalsekretæren.

Bryter Abdulrasjid Sadulajev tar russisk president Vladimir Putin i hånden etter at han vant OL-gull i sommer-OL 2020. Sadulajev har gullmedaljen rundt halsen. Bak dem henger det russiske flagget.

OLYMPISK MEISTER: Russlands president Vladimir Putin og Abdulrashid Sadulajev etter OL-gullet til sistnemnde i 2021. Han kan bli å sjå på brytematta i Paris som ein nøytral deltakar.

Foto: SPUTNIK / Reuters

Sjølv om Norges bryteforbund ikkje har tatt opp kampen mot nasjonsbyte enno, får dei ofte førespurnader frå spesielt russiske og iranske utøvarar som ønsker å bryte for Noreg.

– Dette er noko vi konsekvent seier nei til fordi vi ikkje vil bruke pengar på internasjonale overgangar verken nå er eller i framtida.

Kvifor ønsker utøvarar å byte nasjon og til Noreg?

– Dette kjem av at utøvarane i dei respektive landa sine kanskje er nummer tre eller fire i vektklassen sin for nasjonen sin. Dette gjer vegen deira til ein meisterskap veldig tøff.

Les også Ukrainsk utøver raser etter IOC-avgjørelse: – Galskap

Beijing Olympics Skeleton

Burde ikkje vere så jævlig lett

Den svenske brytaren Alex Kessidis er til liks med Baldauf bekymra for nasjonsbyte.

– Det går for fort, og representerer du eitt land, skal du ikkje kunne representere eit anna nokon månader seinare. Det burde ikkje vere så jævlig lett, seier han til SVT.

Han er ein god ven av Baldauf og har mange av dei same tankane rundt nasjonsbyta.

Brottning, EM, Bukarest, Dag 1

SAME MÅL: Alex Kessidis har same mål som Felix Baldauf om å komme seg til OL, også han må ut i kvalifiseringa i april.

Foto: BILDBYRÅN

– Sidan ein berre kan sende éin brytar per land, har dei passet på i samband med korona og krigen å representere andre land. Det er fleire mindre nasjonar som nå har russiske brytarar, seier svensken, som bryt i 87-kilosklassen, og legg til:

– Eitt eksempel er Brasil, som kanskje ikkje er ein supernasjon i bryting, men no har dei ein russar i vektklassen min som held eit veldig høgt nivå.

Les også Tok grep etter problem på heimebane: – Eg måtte berre kome meg vekk

Felix Baldauf på backpacking i Laos og Kambodsja

Baldauf kan forstå valet

Sjølv om Baldauf synest det er utruleg kjipt at sporten har blitt sånn, kan han forstå kvifor enkelte utøvarar gjer det.

– Eg kan sjå det frå perspektiva deira, om dei får fleire millionar for å byte til eit anna land og du i tillegg veit at her er det enklare å kvalifisere seg til OL, kan eg forstå kvifor nokon vel å gjere det.

Da han var på samling i Ungarn, fortel han om ei spesiell hending som vekte merksemd hos fleire.

– Saudi-Arabia er eit land vi aldri hadde sett på samling før. Plutseleg stod dei på samlinga i Ungarn med fullt lag. Sånn har idretten dessverre blitt når det er meir økonomisk gunstig å byte nasjon for enkelte utøvarar.

Slik svarer IOC på kritikken

Den internasjonale olympiske komiteen skriv i ein e-post til NRK at den aktuelle utøvaren må ha passet til landet som utøvaren skal representere under OL. Dei påpeikar at det er det ramma internasjonale forbundet som må behandle og godkjenne nasjonsbytet.

«Viss den 3-årige ventetida sidan den aktuelle utøvaren sist representerte sitt tidlegare land ikkje har gått ut ved dei kommande olympiske leikane, kan utøvaren sende inn ein førespurnad om dispensasjon til 3-års ventetid til IOC sitt hovudstyre for avgjerd», skriv dei i ei fråsegn til NRK.

Når det gjeld russisk og belarusisk deltaking i OL, refererer IOC til det som allereie er bestemt.

«Individuelle, nøytrale idrettsutøvarar og støttepersonalet deira med russisk eller belarusisk pass kan delta i OL i Paris 2024, men berre i ein individuell og nøytral karakter», skriv IOC.

Siste nytt

  • Norsk VM-bronse i curling

    Curlingekteparet Kristin Skaslien og Magnus Nedregotten slo Sveits 6-5 i en spennende bronsekamp i VM blandet lag i Östersund.

    Dermed ble det igjen medaljejubel for paret som fra før har tatt sølv og bronse i både VM og OL.

    Skaslien og Nedregotten løftet seg etter fredagens semifinaletap mot Estland og vant den tette kampen mot sveitserne.

    Den norske duoen avgjorde mye da de tok tre poeng i femte omgang og dermed tok ledelsen 5-3. Sveitserne tok ett poeng i hver av de to neste omgangene, og dermed kunne Skaslien og Nedregotten kontrollere inn seieren med sistestein i den avgjørende omgangen.

    (©NTB)

    597pS7pqseA
    Foto: AP
  • Roing: Juel og Solbakken til A-finale i EM

    Jonas Juel og Erik Solbakken skal kjempe om EM-medaljer i dobbeltsculler i ro-EM i Ungarn.

    De to nordmennene er klare for A-finale i sin klasse etter å ha blitt nummer tre i semifinalen lørdag. 3.-plassen holdt akkurat til å gå videre til A-finalen, men til gjengjeld var avstanden ned til 4.-plasserte Frankrike nesten tre sekunder.

    Tysklands Jonas Gelsen og Marc Weber vant semifinalen foran en italiensk båt. Juel og Solbakken ble slått med snaut ni sekunder av vinnerbåten.

    Juel og Solbakken er tatt ut til EM på bekostning av Oscar Helvig og Kristoffer Brun. De to sistnevnte har sørget for at én norsk dobbeltsculler er kvalifisert for OL i Paris, og det er ennå ikke avklart hvilken duo som får konkurrere der.

    I verdenscupregattaen i italienske Varese nylig var Juel/Solbakken sju tidels sekund raskere enn Helvig/Brun da de norske båtene var i samme oppsamlingsheat.

    Ro-EM kan du se på NRK.

    (©NTB)

    OhNKv4qQYNk
    Foto: NTB
  • Norges cheerleadere nest best i verden: – En utrolig VM-dag

    Fredag var de de norske seniorlagene i aksjon i VM i cheerleading i Orlando, USA, og de leverte en rekke flotte prestasjoner.

    Norge sikret seg sølvmedalje i en av de gjeveste kategoriene, og fikk igjen bekreftet sin posisjon som en sterk nasjon innen sporten.

    – For en utrolig VM-dag vi har hatt! Våre seniorlag har virkelig vist hva norsk cheerleading står for, sier Thomas Kejser-Lervik, leder av Norges Amerikanske Idretters Forbund.

    Etter at de norske juniorlagene torsdag sikret seg sølv og to bronsemedaljer, var det seniorenes tur til å skinne på fredag. Norges lag leverte også veldig sterkt her.

    – Med sterk innsats og lagånd viste våre utøvere at de er å regne med på verdensscenen. Resultatet markerer en betydelig prestasjon, og vi ser frem til å bygge videre på dette og fortsette å utvikle sporten i Norge, avslutter han.

    y

Sendeplan

Kl. Program Kanal