Hopp til innhold

Splitting i den norske brytegruppa: – Veldig leit

Mens brytarane Exauce Mukubu og Felix Baldauf valde å bli verande i den norske brytegruppa, valde Morten Thoresen å trekkje seg ut.

Felix Baldauf og Morten Thoresen

SKIL LAG: Dei to gode kompisane Felix Baldauf og Morten Thoresen.

Foto: Helene Mariussen / NRK

– Eg synest det er veldig leit at det skulle bli sånn, seier Exauce Mukubu til NRK.

Han og Baldauf valde å stole på den nye norske planen med sportssjef Thor Hyllegaard og trenar Szymon Kogut frå det danske landslaget, mens Thoresen ville halde fram samarbeidet med Fritz Aanes og Stig-André Berge, etter at dei trekte seg som landslagstrenarar.

– Eg må gjere det som er rett for meg for å ta OL-medalje. Eg berre håpar gutane lèt det søkke inn, tenkjer over det og forstår avgjerda mi, seier Morten Thoresen i NRK-serien «Hodet i klemme».

VM i bryting 2021

STÅR UTANFOR LANDSLAGET: Morten Thoresen. EM-gullet i 2020 er hans høgdepunkt i karrieren.

Foto: Javad Parsa / NTB

– Eg blei kasta ut

Baldauf og Mukubu har begge erfaring med å stå utanfor gruppa. Førstnemnde då han valde å satse åleine saman med barndomstrenaren Eren Gjægtvik. Likevel er Baldauf skuffa over valet til Thoresen.

– Vi blei einige om at vi måtte halde saman som gruppe. Så det er klart ein blir skuffa når ein vel å gå sin eigen veg. Det er jo skuffande, men samtidig har eg sagt at eg forstår det, seier Baldauf til NRK.

EM-gullvinner Morten Thoresen hjem til Norge

STERK LAGÅND: Morten Thorsen blir hylla av lagkameratane Felix Baldauf, Oskar Marvik og Exauce Mukubu etter EM-gullet i 2020.

Foto: Heiko Junge / NTB

– Det er jo vondt. Eg liker å vere ein del av gruppa. Det har eg alltid vore. Sjølvsagt har eg lyst til å vere med i gruppa, seier Thoresen i TV-serien. Han ønskjer ikkje å seie noko meir om saka enn det som er sagt i serien.

Mukubu stod også utanfor landslagsgruppa då han tok VM-gull i U23-VM i fjor haust.

– Eg gjorde det for eg hadde ikkje noko val, eg blei kasta ut, men her er det ein som faktisk ekskluderer seg ut når vi prøver å inkludere han inn. Det synest eg er veldig synd, seier den ferske sølvvinnaren i U23-EM.

– Klikkar på matta

Han meiner at Thoresens val kan øydeleggje for resten av gruppa.

– For gruppa si skyld kan det vere med å hindre at prestasjonane hevast, sidan det alltid er ein uro der. Ein tenkjer alltid på om han har det bra, seier Mukubu.

– Kjenner ein på eit svik med det Morten har gjort?

– Eg vil ikkje seie eit svik, men eg blei forbløffa. Det var ikkje det ein forventa med tanke på korleis vi har snakka om ting tidlegare. Det var eigentleg ganske rar stemning og spesielt val som blei teke, seier «Exo».

VM i bryting 2021

OVERRASKA: Brytaren Exauce Mukubu.

Foto: Javad Parsa / NTB

Mukubu meiner treninga i det norske brytelandslaget aldri har vore betre enn den er no, og meiner Thoresen vil bli ein betre brytar om han kjem tilbake.

– Han må gi det ein sjanse, før han kan gjere det han gjorde. Det kjenner eg han ikkje har gjort. Eg gav jo det ein ganske lang sjanse sjølv, før eg bestemde meg for å ta dei vala som eg gjorde, seier Mukubu.

Både han og Baldauf støttar den tidlegare lagkameraten sin, sjølv om dei meiner han har teke feil val for seg sjølv og gruppa.

Felix Baldauf

PROFIL: Brytaren Felix Baldauf.

Foto: Espen Langeveld / NRK

– Eg unner Morten berre det beste. Er det vegen han må ta så er det vegen han må ta. Eg kjem framleis til å gi han ein god klem, og heie på han på tribunen når han klikkar på matta, seier Baldauf.

– Eg trur til sjuande og sist at det kan bli veldig bra, seier Thoresen til slutt i siste episode av «Hodet i klemme», sesong to.

Neste på programmet for dei norske brytarane er EM i Zagreb frå 17. til 3. april.

Brytelandslaget inviterer barn med down syndrom for å trene og bryte sammen på verdensdagen for downs syndrom. Rockesokk. Og opner også opp for ukentlig trening. Stig André Berge, Morten Thoresen, Felix Baldauf.

Sportsnyheter

Se alle målene i mesterligaen for kvinner, Barcelona - Wolfsburg.

Ellevill snuoperasjon da Graham Hansen og Barcelona vant mesterligaen

(Barcelona - Wolfsburg 3-2) Caroline Graham Hansen (28) herjet da Barcelona snudde 0-2 til 3-2, og vant mesterligafinalen.

Siste nytt

  • Eden Hazard ferdig i Real Madrid

    Eden Hazard (32) og Real Madrid er blitt enige om å terminere kontrakten til spilleren ett år før tiden.

    Det bekrefter klubben på sine nettsider lørdag.

    – Real Madrid ønsker å uttrykke sin hengivenhet til Eden Hazard og ønsker han og hans familie alt vel i fremtiden, skriver klubben.

    Kontrakten hans utløp i utgangspunktet ved slutten av neste sesong.

    Belgieren forlot Chelsea til fordel for «Los Blancos» i 2019. Klubben betalte rundt en milliard kroner for å få vingen til den spanske hovedstaden.

    Ifølge The Athletic vurderer Hazard å legge skoene på hylla, men det er foreløpig ikke klart hva belgieren gjør videre. (NTB/NRK).

    FILE PHOTO: Hazard with the match ball after Real Madrid's Champions League Group D match against Sheriff Tiraspol
    Foto: Juan Medina / Reuters
  • Inter seiret i generalprøven

    Mens Manchester City ladet opp til mesterligafinalen med å slå Manchester United 2-1 i FA-cupfinalen, tok Inter tre poeng i sin generalprøve.

    Et langskudd fra Marcelo Brozovic var nok til å sikre 1-0 over Torino i sesongens siste seriekamp.

    Inter ender enten på 2. eller 3. plass, avhengig av hvordan det går med Lazio, som er ett poeng bak med én kamp mindre spilt. Lazio skal i aksjon klokken 21.00 i kveld.

    Neste kamp for Inter blir altså mesterligafinalen i Istanbul neste lørdag. Den italienske storklubben er lang fra favoritter mot Erling Braut Haaland & co.

    Serie A - Torino v Inter Milan
    Foto: MASSIMO PINCA / Reuters
  • Celtic vant den skotske cupen

    Celtic gjorde rent bord i skotsk fotball denne sesongen. Lørdag sikret de sesongens tredje trofé.

    Inverness CT ble slått 3-1 i finalen og dermed ble det to cuptitler og lgagull denne sesongen for den skotske storklubben.

    Klubbens suksesstrener, Ange Postecoglu, har den siste tiden blitt lansert som favoritt til å ta over Tottenham.

    Britain Soccer Scottish Cup Final
    Foto: Jane Barlow / AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal
Sport
Spiller nå
NRK forklarer: Rasismeskandalen i Spania 02:41
Neste