Hopp til innhold

Bullen i «stor konflikt» med forbundet: – Dei drit i norsk toppbryting

Grace Bullen er kraftig lei og frustrert av å stå utan trenar. No tek ho eit kraftig oppgjer med Noregs Bryteforbund. Måndag møttest partane utan å komme fram til ei løysing.

Wrestling, World Championships, day 5

TUNGT VM: Grace Bullen rauk ut i første kamp under VM i Jordal Amfi i fjor haust.

Foto: JON OLAV NESVOLD / BILDBYRÅN

– Eg meiner ikkje at forbundet drit i norsk kvinnebryting, men dei drit i norsk toppbryting. Dei eller den som er på toppen. Eg synest det er utruleg bra at dei vil satse på dei som er yngre, men det hjelper ikkje meg i det heile, seier Grace Bullen til NRK.

– Eg kjenner på mykje sinne, mykje skuffelse og, ikkje minst, einsemd.

Den dobbelte europameisteren er den einaste kvinna igjen på landslaget. No etterlyser ho ein trenar som kan sørgje for medaljar i EM, VM og OL. Ho kjenner seg nedprioritert og meiner bryteforbundet ikkje jobbar raskt nok med å få på plass ein trenar av det kaliberet ho ønskjer.

– Eg kjem ikkje til å halde på med bryting dei neste 15 åra. Eg har desse åra.

Kjenner seg ikkje igjen i påstand

Den iranskfødte svensken Fariborz Besarati skulle etter planen leie Bullens satsing fram mot OL i Paris. Han starta formelt som trenar 1. november og skulle busetje seg i Noreg i no for tida, men sa opp kontrakten i slutten av januar. Besarati – som var høgt respektert – leidde ikkje ei einaste trening. Jakta på ein erstattar går framleis føre seg.

– Vi gjekk ti månader og venta på at han skulle byrje. Det var eit slag for baugen at han trekte seg, mest for Graces del, seier Eirik Rønstad, sportssjef i Noregs Bryteforbund, til NRK.

Rønstad

SPORTSSJEF: Eirik Rønstad.

Han seier likevel at verken forbundet eller Olympiatoppen kjenner seg igjen i påstanden om at forbundet «drit i norsk toppbryting».

– Sidan landslagssjefen valde å seie opp stillinga si i januar, har det vore tett dialog med Grace Bullen for vidare satsing. Noregs Bryteforbund og Olympiatoppen er framleis i ein prosess med Bullen og manageren hennar for å sjå på moglegheiter for å optimalisere den vidare satsinga hennar både på kort og lang sikt, seier Rønstad.

Skuffande år for Bullen

– Eg skjønner Grace kjenner det tek lang tid. Det var ingen plan B. Vi hadde ingen ny Fari i skuffa, seier Rønstad.

Bullen har lagt bak seg eit år der skuffelsane stod i kø. Etterverknader frå koronasjukdom heldt henne unna normal trening, ho missa i OL-kvalifiseringa og skuffa i VM på heimebane i oktober.

Sportssjefen innrømmer at det er ein lite gunstig marknad å jakte trenarar på. Dei ønskjer seg helst ein som er villig til å flytte til Noreg og snakkar engelsk eller eit av dei skandinaviske språka. Så langt har dei ikkje funne rett kandidat.

Bullen har funne kandidaten sin, men han blir ikkje rekna som ideell for forbundet.

– Grace er utolmodig og det skal ho vere. Ho er toppidrettsutøvar og må tenkje på seg sjølv. Forbundet må òg tenkje på heilskapen, seier Rønstad.

Har sett seg ut ein trenar

Bullen har funne trenaren sin, men forbundet seier nei.

Den erfarne trenaren Nodar Bokhashvili, som har leidd utøvarar til medaljar i EM, VM og OL, er villig til å overta ansvaret for Bullen. Han er likevel busett i Paris og snakkar ikkje engelsk eller nokon av dei skandinaviske språka.

– Dei har ikkje gjort det godt nok for å finne ein god trenar til meg. No som dei ikkje godkjenner den eine trenaren som er passande for denne rolla, så er det ei lita utfordring for meg og forbundet.

Tokyo 2020 Olympics, day 10, Wrestling

OL-TRENAR Nodar Bokhashvili trena franske koumba Larroque under OL i Tokyo i fjor sommar. Ho rauk ut i åttedelsfinalen.

Foto: JOEL MARKLUND / BILDBYRÅN

Det vil koste anslagsvis mellom 700.000 og 1.000.000 kroner å knyte seg til Bokashvili, inkludert døgn på reise og samlingar.

NRK erfarer at bryteforbundet ikkje ønskjer å dekkje dei kostnadene. Dermed må Bullen betale delar av honoraret frå eiga lomme. Noregs Bryteforbund ønskjer ikkje å kommentere tala.

– Eg treng ein trenar som eg veit kjem til å hjelpe meg til OL i 2024 og til å ta gull i 2024. Det har dei dessverre ikkje klart, seier Bullen.

Partane møttest måndag

Bullen meiner Noregs Bryteforbund ikkje set behovet hennar høgt nok. OL-håpet meiner ho er avhengig av ein trenar som kan følgje henne nærast døgnet rundt dei neste to åra, dersom ho skal lykkast i Paris.

– Eg har nok ikkje det beste forholdet med forbundet fordi vi er i så stor konflikt med tanke på framtida mi, konstaterer Bullen.

– Vi har vore usamde på nokre frontar. Vi har ein pågåande prosess, der vi håpar å komme til ei løysing for Grace, seier Rønstad.

Måndag møttest partane i eit nytt forsøk på å finne fram til ei løysing. Grace Bullen er på treningsleir i Georgia, så ho vart representert av manager David Garcia.

Det skal så langt ikkje ha leidd dei nærare ei løysing.

Siste nytt

  • Jæger avsluttet sesongen med tredjeplass

    Henriette Jæger presterte godt på 400 meter i New York da hun tok tredjeplass i et sterkt felt.

    OL-vinner på distansen Marileidy Paulino var klart best og stakk av med seieren, mens Salwa Eid Naser ble nummer to.

    Jæger løp inn til tiden 51,24.

    Athlos-løpet i New York, som var rent kvinnestevne, var Jægers siste løp for sesongen. Hun ender dermed opp på 31 konkurranser denne sesongen, noe hun innrømmet overfor NRK at var litt mye.

    – Det har vært en helt sykt lang og innholdsrik sesong. Når jeg setter meg ned og ting er litt roligere, så tenker jeg jo at det her har faktisk vært veldig mye, sa Jæger.

    En gruppe kvinner i atletiske uniformer
    Foto: Christine Olsson / TT / TT / NTB
  • Norges U21-herrer fikk juling av Spania

    Det norske U21-landslaget møtte tøff motstand og tapte 0-4 mot Spania i en privatlandskamp.

    Etter et kvarter gikk spanjolene opp i føringen med etter et innlegg som ble stanget i mål av Simo Keddari.

    Angel Ortiz doblet ledelsen etter en halvtime etter en retur fra Martin Børsheim. Real Madrid-spilleren Gonzalo Garcia økte til 3-0 rett før pause.

    Miguel Carvalho sørget for 4-0 etter 60 minutter.

    Norge spiller ingen tellende kamper denne måneden etter at de innledet EM-kvalifiseringen med 5-0-seier over Slovenia i september.

    I november venter imidlertid Israel og Bosnia-Hercegovina i EM-kvalfifseringen for U21-landslaget. Nederland er også i gruppa. (NTB)

    en mann i sportsuniform
    Foto: Trond R. Teigen / NTB
  • Sverige tapte skjebnekamp – VM-drømmen i fare

    Sverige har fortsatt ikke vunnet en kamp i VM-kvalifiseringen. Fredag gikk de på et 0–2-tap mot Sveits.

    Etter tre kamper ligger svenskene på en foreløpig sisteplass i gruppe B, med kun ett poeng.

    Sveits leder gruppa med ni poeng. Andreplassen innehar Kosovo med fire poeng.

    Gruppevinneren går direkte til VM, mens andreplassen kan kvalifisere seg gjennom omspill.

    Det gjenstår fortsatt tre kamper i kvalifiseringen. Om tre dager venter Kosovo på hjemmebane.

    Sverige kan også få muligheten til å nå omspill via sin gruppeseier på nivå C i Nasjonsligaen.

    Like før pause hadde Lucas Bergvall en kjempemulighet til å gi de blågule ledelsen mot Sveits, men 19-åringen bommet på ballen.

    Sveits' Granit Xhaka scoret på straffe etter 65 minutter. På overtid satte Johan Manzambi inn 2–0.

    Tidligere har de gule og blå spilt uavgjort mot Slovenia og tapt 0–2 mot Kosovo.

    Lucas Bergvall bommet på en eventyrlig mulighet da Sverige tapte 0-2 mot Sveits i VM-kvalifiseringen.

Sendeplan

Kl. Program Kanal