Hopp til innhold

Stod utanfor fellesskapet i mange år: No har Bullen slutta å feire bursdag

Då Grace Bullen blei tatt ut på landslagssamling for fyrste gong, gledde ho seg enormt. Det blei ikkje heilt slik som ho hadde tenkt.

Wrestling European Championship

EUROPEISK GULL: Grace Bullen vann EM både i 2017 og 2020. No siktar ho seg inn på medalje i VM på heimebane i oktober.

Foto: Kadir Caliskan / Kadir Caliskan

Grace Bullen (24) er ei av dei beste brytarane i verda. Ho har blitt olympisk ungdomsmeister, juniorverdsmeister og europameister for senior, men hennar første landslagssamling var vanskeleg.

12 år gammal skulle ho bryte med flagget på brystet, og håpet var at det òg skulle bli starten på eit meir inkluderande og sosialt liv i Noreg.

– Eg gleda meg for mykje, og blei skuffa av å vere der, seier brytaren innleiingsvis til NRK og fortset:

– Eg vart ikkje ein del av jenteflokken på same måte som alle andre var. Det var veldig få som ville bryte med meg, så eg enda opp med å sparre med Gudrun Høie, landslagstrenaren vår, seier Bullen.

Det skulle prege ho til den dag i dag.

Flykta frå krig – redd for å opne seg

For å få ein peikepinn på kvifor det ikkje blei heilt slik som Bullen håpa på, må vi gå tilbake i historia.

For 20 år sidan sat heile verda klistra til fjernsynet, fullstendig skaka av dei fryktelege bileta frå New York, i det som blei det mest kjende terrorangrepet i nyare historie.

På same tid stod fire år gamle Grace Bullen på Oslo lufthamn.

I to år hadde ho flykta frå krig i Eritrea, og akkurat på denne dagen, starta eit nytt liv for Noregs beste kvinnelege brytar.

Grace Bullen. Arkivbilete til Hodet i klemme

UNG: Flukta har prega Bullen mykje gjennom oppveksten.

Foto: PRIVAT

Det var vanskeleg å ta innover seg, at Fredrikstad no skulle bli hennar nye, faste heim.

– Eg har blitt fortald av så mange at her skal vi bli, men så har vi ikkje det. Det er trist som barn å få så store forhåpningar, for så å bli skuffa. Når ein blir skuffa så mange gonger, gir ein opp til slutt. Eg hadde ikkje noko tru på at dette heller skulle vare, seier Bullen.

Difor tok det lang tid før ho opna seg for andre menneske.

– Eg orka ikkje å gi meir av meg sjølv. Eg ville ikkje bli glad i folk, for det gjorde at eg fekk ilt når vi skulle reise, seier Bullen.

TØFT: Sjå Bullen fortelje om korleis flukta var.

Kortstokken

Tre år tok det før Bullen innsåg at Fredrikstad faktisk var deira permanente heim. Familien på sju skulle ikkje flytte nok ein gong, men det skulle likevel bli endringar.

Då Bullen gjekk i sjette klasse, kom ho ein dag heim og fekk vita at foreldra skulle skilje lag. Det var ein vond melding for den unge jenta.

– Det blei ei tøff tid for syskena og meg, seier Bullen.

Alle syskena valde å bu med mor si, og det tykte Bullen var trist. Difor valte ho å bu med far sin, slik at han ikkje skulle vere aleine.

Grace Bullen og familien. Arkivbilete til Hodet i klemme

FAMILIE: Pappa og Grace som ung.

Foto: PRIVAT

Det enda med at ho blei aleine. Far jobba på sjukehus, og var mykje vekke. Frå sjette klasse til vidaregåande gjekk det ofte fleire dagar mellom kvar gong dei møttest. Kommunikasjonen gjekk via telefon.

– Når eg tenkjer tilbake, er det ganske utruleg at det var slik. Det vart ein «slik er det berre»-kjensle. Det er ikkje noko eg har stilt spørsmål ved. Far måtte jobbe for at vi skulle bli forsørga.

– Du kjende på einsemd som 12-åring, men du visste ikkje om noko anna?

– Som liten kan ein ikkje skildre den kjensla. Eg var mykje aleine, men det var slik dagane mine var. Når eg ser tilbake på det no, så var det berre den type kjensla heile tida. Eg blei vand til den og trudde det var normalt, og difor gjorde eg lite med det, seier Bullen.

Kortstokken blei flittig brukt.

– Familien vår pleidde å spele eit spel då vi alle var samla, men det var ingen her lenger, så då enda eg med å stokke for to og spelte mot meg sjølv, seier Bullen.

Grace Bullen. Arkivbilete til Hodet i klemme

Berre fire år gammal kom Grace Bullen til Noreg.

Grace Bullen og familien. Arkivbilete til Hodet i klemme

Familien tok turen frå Gardermoen til Fredrikstad, og framleis bur pappa og Grace i plankebyen.

Grace Bullen og familien i Fredrikstad. Arkivbilete til Hodet i klemme.

Her frå Bullen-familien si feiring av nasjonaldagen, tilbake i tida.

Grace Bullen. Arkivbilete til Hodet i klemme

Ein skal tidleg krøkast. Kort tid etter at familien hadde innlosjert seg i Fredrikstad, byrja Grace på bryting.

Ekskludert frå miljøet

Hennar måte å takle einsemda på, var å bruke ekstra mange timar i brytehallen. Det var slik ho kom inn i brytemiljøet.

Gheorghe Costin er brytetrenaren som fekk Bullen og hennar to eldre systrer til å byrje med sporten. Mest for å avlaste foreldra med totalt fem born i heimen. Ho byrja i bryteklubben Atlas, og har vore der sidan.

Grace Bullen og trenar Gheorghe Costin

DUO: Gheorghe Costin betyr særs mykje for Bullen.

Foto: PRIVAT

– Eg var mykje der, for å sleppe å reise heim og vere aleine, seier Bullen.

Costin både henta ho og køyrde ho heim om kvelden, og var også mannen som fekk landslagstrenar Gudrun Høie til å sperre opp auga.

Høie kan fortelje at Bullen sleit med å komme inn i miljøet, og kjende aldri på samhald i gruppa. Ho var stille og inneslutta, og skilde seg ut frå dei andre omgjengelege jentene på klubben.

– Det var krevjande. Dei andre jentene var ikkje vand med ei så lukka jente, og dei tykte ho lukta uvanleg. Difor blei ho aldri vald først når det var fritt val til å velje partnar. Det var tungt, og det tok nokre år, seier Høie til NRK.

Gudrun Høie i serien Hodet i klemme.

TRENAR: Gudrun Høie, tidligare verdsmeister i bryting.

Foto: Ragnar Molstad

Sjølv opplevde Bullen det aldri som ekskludering, men når ho ser tilbake på det i dag, så meiner ho at hennar bakgrunn spelte ei rolle i kvifor ingen kom bort og ville knyte band.

– Eg veit no at det med at eg var den einaste mørkhuda, og at eg kanskje var litt tyngre enn dei andre, har gjort at folk ikkje ville vere så mykje med meg. Men der og då kunne eg ikkje brydd meg mindre. Eg haldt meg til brytinga, og ignorerte dei tinga som andre såg, seier Bullen.

Grace Bullen

Grace Bullen i bunaden sin på nasjonaldagen i fjor, same dag som ho blei spytta etter.

Grace Bullen og familien på 17. mai

Det valgte ho å leggje bak seg. 17. mai er ein av høgdepunkta i året.

Grace Bullen og familien på 17. mai

Her feirer familien saman i Fredrikstad.

Endra historia

Etter kvart var det ei anna jente som blei redninga for Bullen. Jenny Aardalen (31) møtte Bullen for fyrste gong som fireåring. Allereie då forstod Aardalen at ho måtte ta eit tak.

Jenny Aardalen i serien Hodet i klemme.

NÆR: Jenny Aardalen har gått inn i trenarteamet for Bullen.

Foto: Ragnar Molstad

– Ho sa ingenting, og då tenkte eg at eg som jente måtte prøve å få ho inn i gruppa. Det var veldig viktig for meg å få inn fleire jenter, for det var berre meg der ein periode. Til slutt opna ho seg, og eg såg ei fantastisk jente, seier Aardalen og fortset:

– Og den treningsiveren ho hadde. Ho var på trening mange timar om dagen, trena doble økter, det var heilt rått å sjå på, seier Aardalen.

Etter at Aardalen tok Bullen under vengene sine, fekk ho det mykje betre.

– Ho tok meg veldig godt imot. Så eg hang meg berre på ho, og då fekk eg det betre etter eg fekk lov til det, seier Bullen.

Grace Bullen, Jenny Aardalen og Gheorge Costin.

TEAM: Jenny Aardalen, Grace Bullen og Gheorghe Costin.

Foto: Ragnar Molstad

Feirar bursdag åleine

Sjølv om Bullen i dag ikkje kjenner på einsemd, kan ein seie at det er blitt ein del av ho. Det er blitt ein del av kvardagen og rutinane. Brytinga står i sentrum, og absolutt alt sentrerer seg rundt arbeidsoppgåvene for å bli best mogleg.

Til og med hennar eigen gebursdag kan ikkje stå i vegen for det. Sist ho verkeleg feira fødselsdagen sin med venner, var på barneskulen.

I år var bursdagen på ein søndag, og det var den einaste gleda ved det.

– Det var veldig heldig at den hamna på ein fridag, slik at eg kunne nyte den litt meir enn å berre trene. Eg veit ikkje kvifor eg ikkje gjer noko styr ut av det, men det har berre blitt ei vane, seier ho.

Dokumentarserien «Hodet i klemme»: Grace Bullen tar EM-gull i bryting for kvinner i 2020.

MÅL: No satsar Grace Bullen alt mot VM på heimebane. Det skal haldast på Jordal i Oslo i byrjinga av oktober.

Foto: Kadir Caliskan / Kadir Caliskan

Likevel kjenner ho ikkje på noko skam ved det. Det er ein del av årsaka til at ho er blitt så god, meiner ho.

– Eg trur dei opplevingane eg hadde som liten har gjort at eg har blitt sterkare som person. Det har gjort at eg har sikta høgt, fått lyst til å trene mykje hardare for å nå målet mitt. Viss eg ikkje kan vere med andre folk slik eg ynskjer, så er eg heller aleine. Då kan eg heller fokusere på det eg kan fokusere på, som å trene og meg sjølv, seier Bullen.

Likevel håpar ho at andre slepp å oppleve det same som ho gjorde.

– Eg har no blitt ein person som tek tak når andre står utanfor. Eg likar ikkje å sjå at nokon ikkje er inkludert. For den kjensla er ganske trist og einsam, avsluttar ho.

Siste nytt

  • Storhamar knuste Vålerenga

    Storhamar var klart best og vant den tredje kampen 4-1 i NM-finaleserien mot Vålerenga.

    Laget fra Hamar leder nå 2–1 i kamper, og mangler to seire på å sikre seg kongepokalen.

    Storhamars Sverre Rønningen ble kampens store spiller med to mål for vertene.

    NM-sluttspillet ishockey menn, finale 1. kamp (best av 7), Storhamar -Vålerenga (5-1)
    Foto: Lise Åserud / NTB
  • Norsk hockey-tap i Ungarn

    Norge tapte 1–2 mot Ungarn i en privatlandskamp i ishockey fredag kveld.

    Viktor Granholm scoret Norges mål i overtall i det som NTB omtaler som en kamp som «ikke vil bli husket lenge».

    Norge møter Ungarn til ny kamp lørdag.

    Ishockey, treningskamp: Norge-Frankrike (3-4)
    Foto: Alf Simensen / NTB
  • Lyn vant etter kjempetabbe

    Lyn tok sesongens første seier da LSK Kvinner ble slått 1–0 i Toppserien fredag kveld.

    Kampens eneste scoring kom etter en fæl tabbe fra LSKs forsvarsspiller Camilla Huseby. Hun spilte ballen rett i beina til Lyns Jenny Røsholm Olsen, som vippet ballen over keeper og i mål.

    Lyn står dermed med fire poeng på fire kamper, mens LSK Kvinner står med to seirer og to tap etter fire runder.

    Toppserien i fotball 2024: Portretter av Lyn
    Foto: Fredrik Varfjell / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal