Hopp til innhold

Bullen ut mot forbundet: – Eg sit inne med mykje sinne

VM på heimebane skulle bli eit høgdepunkt for det norske brytelandslaget. I staden blei det eit meisterskap med ein bismak. På 24 timar slutta to, og no er Grace Bullen den einaste som er att.

Wrestling, World Championships, day 5

FRUSTRERT: Grace Bullen opnar seg om korleis ho tykkjer det norske kvinnelandslaget i bryting har blitt behandla.

Foto: JON OLAV NESVOLD / BILDBYRÅN

I år har totalt fire jenter lagt opp, eller slutta på landslaget. Det er Sofia Aak, Silje Kippernes, Iselin Solheim og Ramona Eriksen. Sistnemnde har ikkje lagt bryteskoa på hylla, men vel å stå utanfor landslaget framover.

Både Solheim og Eriksen gav beskjed like etter VM. På 24 timar gjekk Grace Bullen frå å vere yngst på laget, til å vere eldst.

Det fekk begeret til å renne over for Bullen, som òg er ambassadør for Like Muligheter-kampanjen.

– Eg sit inne med mykje sinne. Det er mykje som føregår med tanke på likestilling og moglegheita vi får som kvinne på landslaget. Eg veit vi hadde fått fleire brytarar om vi hadde hatt faste rammer og betre struktur enn det vi har, seier Bullen til NRK.

Vanskeleg tid

Økonomi og helseutfordringar blir trekt fram som grunnar til at kvinnene har forlate landslaget, men no vel to av jentene som danna årets landslag å opne seg om miljøet dei har vore i.

Sidan mai i år har ikkje kvinnene hatt eigen landslagstrenar, sjølv om det var eit særs viktig år med både OL og VM.

Den førre landslagstrenaren slutta ved årsskiftet, men blei henta inn att for å støtte Solheim, som ikkje hadde ein trenar inn mot OL-kvalifiseringa. Solheim feila i å kvalifisere seg, og då var jobben til landslagstrenaren offisielt over.

Jentene har difor vore avhengige av oppfølging frå eigne klubbar, for å få eit strukturert opplegg inn mot VM, som var i oktober.

– Det har vore veldig tøft, og ikkje noko god opplading i eit OL- og VM-år. Det var ikkje noko kjekt, faktisk. Det har vore veldig demotiverande, seier Ramona Eriksen til NRK.

Ramona Eriksen

TREKK SEG: Ramona Eriksen.

Foto: Heiko Junge / NTB

Etter VM tok Eriksen valet om å gå utanfor landslaget.

Brytaren har ikkje råd til å betale 25.000 for å stå på landslaget, og ho har inga inntekt om ho skal satse fullt på idretten. Difor skal ho fortsetje å trene i bryteklubben Atlas, men prioriterer jobb framover, for å få dekka husleige og andre rekningar.

Etter det året ho har hatt er det ingenting ho kjem til å sakne ved landslaget.

– Vi har ikkje hatt noko landslagstrenar. Vi har ikkje hatt noko plan, vi har måtte gjere alt på eiga hand. Grace reiste til Georgia aleine for å få sin oppkøyring der, Iselin blei heime og eg reiste til Bulgaria. Det har ikkje vore noko lag, og det er fordi det ikkje har vore nokon som kunne samle oss, for vi har ikkje hatt noko trenar, seier Eriksen vidare.

Dei utsegna stiller Bullen seg bak.

– Vi får ikkje den støtta som gutane får. Det blir ikkje stilt same krav til trenarar og vi har ikkje ein struktur rundt treninga, seier ho og fortset:

– Det er difor eg har køyrt mitt eiga opplegg med Atlas BK. Den klubben oppfører seg meir som eit landslag enn det landslaget vi har med å gjere. Vi blir ikkje tatt på alvor, seier Bullen til NRK.

Meiner jentene er gløymt

Eren Gjægtvik, tidlegare assistenttrenar på herrelandslaget og hovudtrenar for Felix Baldauf, har vore i forbundet i over ti år. Han meiner at det har blitt gjort lite arbeid i retning kvinnene.

– Jentene har ikkje blitt lagt merke til, ei heller blitt snakka om. Forbundet har brukt veldig lite tid på å legge dei beste rammene rundt jentene. Så skal det seiast at Gudrun Høie har gjort ein fabelaktig innsats dei siste åra for å halde aktiviteten oppe på juniorsida, men dei har svikta på dei beste. Det er horribelt at dei har stått utan trenar i eit så viktig år, seier Gjægtvik til NRK.

Eren Gjægtvik

LANG FARTSTID: Brytetrenar Eren Gjægtvik

Foto: Heiko Junge / NTB

Han tykkjer det er uheldig med tanke på at bryteforbundet sjølv har uttalt at dei jobbar tett med Like Muligheter-kampanjen.

– Det er småironisk. Dei har ikkje blitt tatt med på råd, og blir ikkje snakka til. Det er den verste kjensla, å ha eit forbund med tilsette som ikkje bryr seg, og føle at ein ikkje blir høyrt i diskusjonar eller verdsett. Det er på tide med ein oppvask, seier han.

Vil skje endringar

Frå 1. november er Fariborz Beserati tilsett som ny landslagstrenar, og han skal saman med sportssjef Erik Rønstad setje i gong ein sentraliseringsprosess som skal ha base i Oslo-regionen.

Ifølge Bullen blei kvinnene lova ei sentralisering allereie tilbake i 2014, og ho har lite tru på at det vil bli store endringar denne gongen.

– Det er vanskeleg å setje i gong ein sentraliseringsprosess når det berre er meg att, seier ho.

Ho er spent på framtida.

– Det er ganske trist. Det er eit altfor stort gap. Frå meg til neste beste utøvar, er det seks år. Det kjem til å ta mange år å bygge opp eit sterkt landslag, seier ho.

Stussar over kritikken

Bryteforbundet har blitt framlagt kritikken, og svaret kan du lese nedst i saka.

Generalsekretær Morten Sandnæs, i lag med resten av styret og sportsleg leiing, kjenner seg ikkje igjen i delar av kritikken, men erkjenner at dei har forbetringsområde.

Morten Sandnæs, daglig leder, Vålerenga fotball

GENERALSEKRETÆR: Morten Sandnæs.

Foto: Kyrre Lien / SCANPIX

– Forbundet har i lengre tid planlagt ei sentralisering, slik vi har det på herresida. Ein av årsakene til at vi ikkje har fått dette til tidlegare, er at jentene sjølv og klubbane ikkje har hatt eit ynskje om dette for tidleg. No set vi uansett dette i gong med ein anerkjent landslagstrenar, skriv Sandnæs på vegner av forbundet til NRK.

På spørsmål om kvifor kvinnene ikkje har hatt ein landslagstrenar dette året, svarer forbundet dette:

– Bullen og hennar team har i lengre tid ønska eit eige opplegg i klubb fram til VM på heimebane. Dette har forbundet og olympiatoppen støtta. Solheim hadde sitt eige opplegg med landslagstrenaren vår, og har sidan mai hatt eit anna tilpassa opplegg. At utøvarar no hevdar at dei ikkje får støtte av NFB er derfor ganske urimeleg, men vi har kanskje ein veg å gå i forhold til å synleggjere dette.

Her kan du lese svaret:

Sportsnyheter

Premier League - Arsenal v Chelsea

Leken Ødegaard ydmyket Chelsea: – En magiker

Arsenal dundret inn både én, to, tre, fire og fem scoringer mot Chelsea. Etter to målgivende hagler det med komplimenter til Martin Ødegaard.

Jan Jönsson

Treneren stormet banen, ble utvist og prøvde å klemme dommer: – Ikke akseptabel oppførsel

I kampen mellom Vålerenga og Stabæk ble det baluba på overtid. I sentrum: Stabæk-trener Jan Jönsson.

Siste nytt

  • Warholm-rival klar for Bislett-duell

    Norges hekkeløpsfenomen Karsten Warholm skal opp mot 2022-verdensmester Alison dos Santos under Bislett Games i Oslo 30. mai.

    Det bekrefter arrangøren i sine mediekanaler.

    Dos Santos ble verdensmester på 400 meter hekk i Eugene i 2022. I forkant av mesterskapet hadde Warholm trøblet med en skade, og nordmannen var dermed ikke i nærheten av å utfordre brasilianeren.

    I fjor slo Warholm tilbake med gull i Budapest. Da ble Dos Santos nummer fem. (NTB)

    Verdensmesterskapet i friidrett 2022
    Foto: Stian Lysberg Solum / NTB
  • Det østerrikske forbundet bekrefter: Går mot comeback for Hirscher - for Nederland

    Tirsdag kveld skrev flere sveitsiske medier at det går mot comeback for alpinlegenden Marcel Hirscher.

    Onsdag morgen bekrefter det østerrikske skiforbundet at de har vært i samtaler med Hirscher og at Hirscher der har bedt om å få kjøre for Nederland. Det ønsket har det østerrikske skiforbundet godkjent.

    Det sier generalsekretær Christian Scherer.

    Scherer forteller at det østerrikske forbundet forsøkte å overtale ham til å gjøre comeback for Østerrike, men nå blir det altså trolig Nederland.

    Hirscher har foreløpig ikke selv bekreftet et comeback. 35-åringen har en mor fra Nederland.

    Østerrikeren anses som en av tidenes beste alpinister og kan skilte med 67 verdenscupseiere. I tillegg vant han verdenscupen sammenlagt hele åtte år på rad, fra 2011/2012-sesongen til 2018/2019.

    – Oi, dette høres spennende ut. Hvis dette stemmer kan det bli et enormt sirkus å følge til vinteren, sier NRKs alpinekspert Nina Haver-Løseth.

    Hun er likevel usikker på om han blir like overlegen som han tidligere har vært.

    – Det kommer helt an på hvor mye han har vedlikeholdt og utviklet seg i tråd med idretten. Nivået har vært skyhøyt de siste sesongene, sier Haver-Løseth.

    Tidligere i vår ble det kjent at Lucas Braathen gjør et lignende comeback for Brasil, hvor Braathens mor er fra.

    Austrian Alpine Ski World Cup winner Marcel Hirscher attends a news conference in Vienna
    Foto: LEONHARD FOEGER / Reuters
  • Nervøs Alcaraz overrakte gjev pris til Bellingham

    Spanske Carlos Alcaraz innrømmer at han var full av nerver før han mandag skulle gi Jude Bellingham Laureus-prisen som årets mannlige gjennombrudd.

    Den unge tenniskometen bretter ut om følelsene han kjente på før han entret scenen i Madrid.

    – Helt ærlig så følte jeg meg ikke komfortabel i det hele tatt. Jeg var så nervøs, og beina mine skalv. Jeg øvde på talen 50 ganger for å forsikre meg om at alt ble perfekt. Jeg er ikke vant til å snakke foran så mange idrettslegender. Det var en flott opplevelse, fortalte Alcaraz på en pressekonferanse i forkant av Madrid Open.

    Den 20 år gamle verdenstreeren beskriver øyeblikket da han ga Bellingham prisen som «vakkert».

    – Jeg har så stor respekt for ham. Han er en fantastisk atlet, så jeg er glad for at jeg fikk oppleve dette.

    Alcaraz fikk selv prisen som årets gjennombrudd under fjorårets utdeling. 20-åringen har tatt den internasjonale tennisscenen med storm de siste årene, blant annet ved å vinne både US Open (2022) og Wimbledon (2023).

    Denne uken skal spanjolen forsøke å ta sin tredje strake tittel i Madrid Open. Alcaraz er andreseedet i turneringen.

    (NTB)

    Alcaraz
    Foto: AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal