Grace Bullen gjekk på eit dramatisk tap mot kanadiske Linda Morais i kvalifiseringsrunden i 59-kilosklassen onsdag.
Det gjorde ilt, så ilt at Bullen forsvann direkte inn i garderoben etter tapet.
– Kva skjedde i hovudet ditt, reint kjenslemessig?
– Beklagar, eg er ikkje ein person som er så vant til så mykje styr rundt bryting. Vanlegvis er det berre meg og trenarteamet. Av vane reiste eg, men eg er her no, seier Bullen.
Det var eit ørlite håp om at Bullen skulle få ein ny sjanse gjennom rekvalifisering, men då måtte Linda Morais ta seg heilt til finalen. Kanadiaren rauk ut i åttedelsfinalen mot indiske Sarita Sarita, og dermed er også Bullen ute av VM.
Kongen såg kampen
Det var derimot ein spesiell detalj som fekk fram smilet hjå Grace Bullen, då ho omsider møtte pressa etter kampen.
– Det er ein spesiell gjest her i dag, veit du kven det er?
– Ja, det var nok kongen det. Herregud, ser han på bryting? Det er eigentleg ganske stort. Eg blir stum berre av å høyre at han er her, seier Bullen til NRK.
Ho får opplyst at kong Harald har drive med bryting i to år i militæret. Det tykkjer Bullen er særs kult.
– Kanskje eg treng ein trenar til? Kanskje han vil følge meg ut på matta, smiler ho.
Kong Harald kom til Jordal Amfi onsdag formiddag, for å sjå Grace Bullen bryte. Han kjem også laurdag den 8. oktober, for å sjå Stig André Berge i aksjon.
Her sit kongen på tribuna og følgjer med.
Kong Harald på veg ut frå Jordal Amfi, etter å ha prata med Bullen.
Fekk ikkje puste
Bullen starta kampen sin veldig bra. På eit tidspunkt leda ho 10–3.
– Det verkar som ho var skrudd på, og det er heilt spektakulært å sjå på når det fungerer, seier NRK sin bryteekspert Mats Ravnanger Rolfsen om kampen.
Mot slutten av perioden mista Bullen den overlegne leiinga, og på eit tidspunkt måtte dommaren stoppe kampen, for ho fekk ikkje puste.
– Eg var forberedt på ein tøff kamp, men eg likar å angripe og det er slik eg klarer å halde kontrollen. Denne gongen gjekk det ikkje min veg, seier Bullen til NRK.
Det var eit fallpress kanadiaren brukte for å setje Bullen ut av spel, forklarar trenar Jenny Aardalen. Det presset tappa Bullen for krefter.
– Ho får eit trykk i brystet etter fallpresset. Det er eit heilt utruleg trykk for utanforståande å skjønne. Du klemmer det du kan. Det er null oksygen som kjem inn. Enten svimar du av, eller så blåser ein av kampen, seier Aardalen til NRK.
FALLPRESS: Linda Morais presser skuldra til Bullen i bakken. Det gir eit kraftig press mot brystet.
Foto: Terje Bendiksby / NTBJobba med sinnemeistring
Bullen er ikkje sint over resultatet, men ho hadde håpa på meir. VM har ho jobba mot i mange månadar, og ho har vore så fokusert at ingen har fått lov til å forstyrre ho i oppkøyringa.
- Les også:
– Korleis følte du deg etter tapet?
– Det er lite sinne i hovudet på meg. Eg føler at eg har gjort det eg kunne ut av kampen. Eg har lært meg å ikkje bli sint med åra. Målet var å kjenne på at eg ikkje hadde meir å gi, sjølv om det var taktisk mykje anna eg kunne gjort, avsluttar Bullen til NRK.
Dermed er alle dei norske kvinnelege brytarane ute av VM, men det er meir kake igjen. Torsdag skal herrane i elden, og her kan du få full oversikt over kampane: