– Kjensla er ekstra ille, sidan ein er såpass nære. Du har klart å vinne så mange kampar og treng berre éin siger til, seier brytar Grace Bullen i det første intervjuet sitt etter nederlaget i Sofia.
For det var så utruleg nært for 24-åringen. Ho leidde 12–10 med 32 sekund igjen i kampen mot Veronika Tsjumikova. Men den russiske motstandaren sikra OL-plass med ein fallsiger. Det vil seie at ho fekk Bullen ned på ryggen med begge skuldrene i brytematten.
Tapet betydde altså at OL-draumen vart knust. Ho innrømmer at det var tøft å miste OL med få sekund igjen på klokka.
– Det er ganske kjipt der og då, og det er ganske kjipt framleis. Akkurat i det det skjer, tenkjer ein berre at det var dette eg ville. Det er veldig vanskeleg å beskrive med ord korleis det kjennest, fortel Bullen.
– Kva skjer dei siste sekunda?
– Eg tenkte «Kva har eg gjort no?» og «Kvifor gjorde eg det eg gjorde?» Alle dei spørsmåla surra i hovudet.
– Eg «snubla»
Ho fortel at ho følte seg bra under alle kampane i Bulgaria. Også i kampen som enda i tap følte ho at ho hadde ein god dag. Men det ville seg altså ikkje for den norske brytestjerna.
– Eg «snubla» på matta, rett og slett. Det er veldig lett å vere etterpåklok over kva ting ein burde ha gjort. Eg hadde ein veldig god dag på matta, det hadde eg. Eg har ikkje hatt ein sånn godkjensle på veldig lenge, fortel Bullen.
VM-HÅP: Grace Bullen må sjå OL heime i Noreg, men i oktober ventar VM i Oslo.
Foto: Szilard Koszticsak / Epa / NTBDet har no gått nesten ei veke sidan nedturen. Det går allereie betre med Bullen.
– Eg har det ganske greitt. Eg har fått roa meg ned, kan ein seie. Det er no eg byrjar å innsjå kva som skjer og kva som kjem til å skje, altså at eg ikkje kan delta i OL, seier ho og held fram:
– Det handlar om å skifte fokus og vere roleg med seg sjølv, og tenkje at «sånn blir det».
– Kor mange dagar tok det før det sokk inn at du ikkje skulle til OL?
– Det tok ikkje dagar, det var eigentleg sekund. Då må ein berre gå ut. Det å ikkje juble etter kampen når ein taper som ein gjer, det var då eg innsåg det – med ein gong.
Ser fram mot VM
Ho har no mista to strake OL. Sist gong måtte ho stå over leikane i Rio de Janeiro. Den gongen var ho 19 år gammal.
– Det er ekstra ille at det er to OL som ryk for meg. Men eg prøver å tenkje på at det å feile fleire gonger, men til slutt få eit suksess-OL, gjer at historia mi blir endå betre, seier brytaren.
Men ho treng ikkje vente heilt til neste OL for ei potensiell ny bragd. 2. oktober går bryte-VM av stabelen i Oslo.
– De kjem til å sjå ein toppidrettsutøvar som skal vise kva meir bryting har å by på, med spektakulær bryting og spennande kampar. De får sjå ein person som er utruleg glad for å vise nasjonen sin kva idrett dette er, smiler Bullen.