Hopp til innhold

Trur Bullens VM-suksess gir bismak etter bitter strid

Grace Bullen kan bli verdsmeister med norsk flagg på brystet, sjølv om ho gjekk ut av landslaget tidlegare i år. Det vekkjer vonde kjensler hos manager David Garcia.

Wrestling, World Championships, day 5

FLAGGET PÅ BRYSTET: Grace Bullen si drakt er prydd med det norske flagget, sjølv om ho ikkje lenger er ein del av det norske landslaget.

Foto: JON OLAV NESVOLD / BILDBYRÅN

– Det er klart vi kjenner på det. Noreg har ikkje jobba hardt nok for Grace. Heile opplegget har vi lagt sjølv. Hadde vi følgt opplegget deira, hadde det ikkje vorte noko VM-gull, seier manager David Garcia til NRK.

Som landslagsutøvar har Bullen aldri nådd ein VM-finale før. Ho har EM-gull, EM-sølv og gull frå U23-VM, men aldri lykkast i eit VM – før no.

Det skjer etter at Bullen braut med landslaget, og flytta til Georgia.

Det kjem ikkje som noko overrasking for manageren.

David Garcia, manager Grace Bullen

STØTTE: David Garcia har fungert som manager for Bullen i mange år.

Foto: PRIVAT/David Garcia

– Naturlegvis har det ein samanheng. Noreg ville ikkje leggje til rette for føresetnadene. Ho er avhengig av trenarar og sparringpartnarar i verdsklasse, og det kunne ikkje Noreg gi, seier Garcia.

Fått ut potensialet

Det var i juli at Bullen delte beskjeden om at ho forlét det norske brytelandslaget for å få oppfølging av Georgia. Det skjedde etter at ho stod igjen som einaste kvinnelege utøvar, og utan trenar.

Dei forslaga som landslaget la fram, var ikkje gode nok for Bullen.

– Forbundet har ikkje gitt meg eit tilbod som kan gi resultat. Dei har gitt tilbod, men ingen av dei var gode nok for meg. Dei støttar meg økonomisk viss eg skal på stemne, men på trenarfronten kan dei ikkje støtte meg, sa Bullen til NRK tidlegare i år.

Grace Bullen i Serbia før VM-finale i bryting.

KLAR: Bullen frå Serbia torsdag morgon, få timar før hennar største høgdepunkt i karrieren.

Foto: PRIVAT

NRK har ikkje vore i kontakt med Bullen av omsyn til finalen seinare torsdag.

Ved fleire høve har Bullen snakka ut om konflikten med forbundet, som ho meiner ikkje tek norsk toppbryting på alvor.

Derfor meiner manageren at eit eventuelt VM-gull kjem med bismak, med tanke på historia.

– Noreg har ein langtidsplan for unge brytarar dei neste 10–15 åra, som er kjempebra, men for Grace som konkurrerer om VM-gull og OL-gull, var det ikkje optimalt, seier Garcia.

Han fortel at dei aller beste i verda ønskjer å trene med Grace, og at valet om å forlate Noreg har fått ut potensialet hennar til fulle.

– Potensialet er heilt openbert. Om ein vil ta vare på dei få talenta ein har, så bør ein strekkje seg dit. Det kunne ikkje Noreg. Dei prøver, men faktumet er eit anna, seier han vidare.

Georgiske landslaget og Bullen

FLYTTA: Bullen har fått ei ny treningsgruppe å sparre med.

Foto: Privat

– Einsamt

Torsdag står Bullen i sin første VM-finale, og kan dermed gjenta bragda som den tidlegare trenaren hennar, Gudrun Høie, gjorde tilbake i 1998. Då tok ho VM-gull for Noreg, og er førebels det siste gullet ein kvinneleg, norsk brytar har teke.

Sist Noreg tok ein kvinneleg medalje i VM, var av Lena Aanes tilbake i 2005. Ho tok ein bronsemedalje.

Bullen møter Anastasia Nichita frå Moldova, og sjølve finalen kan du sjå på NRK 2, eller i NRK TV, frå klokka 18.00.

Sjå semifinalen til Bullen her.

Uavhengig av utfall, skal Bullen og Garcia nyte augneblinken.

– Vi skal nyte reisa vi har hatt dei siste sju, åtte månadene. Det har vore utruleg tøft og einsamt. Det har berre vore Grace og meg, saman med dei fantastiske sponsorane som hovudsakleg har finansiert opplegget til Grace. I tillegg har det georgiske brytelandslaget stilt opp natt og dag for Grace, seier han.

Grace Bullen i første runde under VM i bryting.

STØTTE: Her er Bullen i første runde i VM, i lag med hennar georgiske trenar.

Foto: skjermdump

Utelukkande positivt

Morten Sandnæs, som er generalsekretær i Noregs bryteforbund, jublar over at Bullen endeleg har nådd ein VM-finale.

– Det er utelukkande positivt at Grace står i ein VM-finale. Dette har vi venta på i mange år, og endeleg skjer det, seier Sandnæs til NRK.

– Manager David Garcia seier dei «kjenner på det», når Grace no representerer Noreg i ein finale. Har du ein kommentar til det?

– Det har eg ingen kommentar til. Det får dei stå for sjølv, seier han.

Han ser ikkje på Bullens VM-finale som ein direkte konsekvens av brotet med forbundet.

– Vi har aldri opplevd det som noko brot med forbundet. Ho har valt å stå utanfor landslaget, og vi støttar Grace i hennar val. Vi hjelper ho framleis økonomisk, og stiller opp med det vi kan, seier han.

Bullen får mellom anna økonomisk støtte frå samarbeidspartnaren til forbundet Thon, i kraft av å vere ambassadør for verdiprosjektet Like moglegheiter.

– Så får ho direkte og indirekte støtte, som er meir enn nokre av gutane, til både trenarar og opphald frå forbundet og Olympiatoppen, har Sandnæs fortalt tidlegare til NRK.

Sportssjef Erik Rønstad vil ikkje kommentere saka. Han er til stade i Beograd i Serbia, og følgjer Bullens meisterskap.

– No er fokusert på sport og Grace sine førebuingar inn mot kveldens finale, skriv han i ein SMS til NRK.

Les også OL-håpet bryt med forbundet og forlèt Noreg: – Eg vil ikkje vere ein forsøkskanin

Grace Bullen

Sportsnyheter

Premier League - Arsenal v Chelsea

Leken Ødegaard ydmyket Chelsea: – En magiker

Arsenal dundret inn både én, to, tre, fire og fem scoringer mot Chelsea. Etter to målgivende hagler det med komplimenter til Martin Ødegaard.

Siste nytt

  • Warholm-rival klar for Bislett-duell

    Norges hekkeløpsfenomen Karsten Warholm skal opp mot 2022-verdensmester Alison dos Santos under Bislett Games i Oslo 30. mai.

    Det bekrefter arrangøren i sine mediekanaler.

    Dos Santos ble verdensmester på 400 meter hekk i Eugene i 2022. I forkant av mesterskapet hadde Warholm trøblet med en skade, og nordmannen var dermed ikke i nærheten av å utfordre brasilianeren.

    I fjor slo Warholm tilbake med gull i Budapest. Da ble Dos Santos nummer fem. (NTB)

    Verdensmesterskapet i friidrett 2022
    Foto: Stian Lysberg Solum / NTB
  • Det østerrikske forbundet bekrefter: Går mot comeback for Hirscher - for Nederland

    Tirsdag kveld skrev flere sveitsiske medier at det går mot comeback for alpinlegenden Marcel Hirscher.

    Onsdag morgen bekrefter det østerrikske skiforbundet at de har vært i samtaler med Hirscher og at Hirscher der har bedt om å få kjøre for Nederland. Det ønsket har det østerrikske skiforbundet godkjent.

    Det sier generalsekretær Christian Scherer.

    Scherer forteller at det østerrikske forbundet forsøkte å overtale ham til å gjøre comeback for Østerrike, men nå blir det altså trolig Nederland.

    Hirscher har foreløpig ikke selv bekreftet et comeback. 35-åringen har en mor fra Nederland.

    Østerrikeren anses som en av tidenes beste alpinister og kan skilte med 67 verdenscupseiere. I tillegg vant han verdenscupen sammenlagt hele åtte år på rad, fra 2011/2012-sesongen til 2018/2019.

    – Oi, dette høres spennende ut. Hvis dette stemmer kan det bli et enormt sirkus å følge til vinteren, sier NRKs alpinekspert Nina Haver-Løseth.

    Hun er likevel usikker på om han blir like overlegen som han tidligere har vært.

    – Det kommer helt an på hvor mye han har vedlikeholdt og utviklet seg i tråd med idretten. Nivået har vært skyhøyt de siste sesongene, sier Haver-Løseth.

    Tidligere i vår ble det kjent at Lucas Braathen gjør et lignende comeback for Brasil, hvor Braathens mor er fra.

    Austrian Alpine Ski World Cup winner Marcel Hirscher attends a news conference in Vienna
    Foto: LEONHARD FOEGER / Reuters
  • Nervøs Alcaraz overrakte gjev pris til Bellingham

    Spanske Carlos Alcaraz innrømmer at han var full av nerver før han mandag skulle gi Jude Bellingham Laureus-prisen som årets mannlige gjennombrudd.

    Den unge tenniskometen bretter ut om følelsene han kjente på før han entret scenen i Madrid.

    – Helt ærlig så følte jeg meg ikke komfortabel i det hele tatt. Jeg var så nervøs, og beina mine skalv. Jeg øvde på talen 50 ganger for å forsikre meg om at alt ble perfekt. Jeg er ikke vant til å snakke foran så mange idrettslegender. Det var en flott opplevelse, fortalte Alcaraz på en pressekonferanse i forkant av Madrid Open.

    Den 20 år gamle verdenstreeren beskriver øyeblikket da han ga Bellingham prisen som «vakkert».

    – Jeg har så stor respekt for ham. Han er en fantastisk atlet, så jeg er glad for at jeg fikk oppleve dette.

    Alcaraz fikk selv prisen som årets gjennombrudd under fjorårets utdeling. 20-åringen har tatt den internasjonale tennisscenen med storm de siste årene, blant annet ved å vinne både US Open (2022) og Wimbledon (2023).

    Denne uken skal spanjolen forsøke å ta sin tredje strake tittel i Madrid Open. Alcaraz er andreseedet i turneringen.

    (NTB)

    Alcaraz
    Foto: AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal