Hopp til innhold

«Eldste vinnar på 95 år» vil endre reglane: – Utøvarar er døgnfluger

Mariah Bell (25) vann USA sin nasjonale tittel i januar, mot alle odds. No vil profilane auke aldersgrensa i lys av dopingsaka til Kamila Valijeva.

Figure Skating: 2022 Toyota U.S. Figure Skating Championships

OVERRASKA: USA er ein av dei største kunstløp-nasjonane. At Bell som er 25 år tok den nasjonale tittelen, kan vere eit eksempel på at fleire utøvarar kan nyte godt av ei lengre karriere.

Foto: John David Mercer / Reuters

For tre år gjorde Bell ein manøver i livet, som skulle vise seg å vere svært hensiktsmessig. Den kjende kunstløparen Adam Rippon la skøytene på hylla og gjekk inn i trenarrolla for Bell.

Det resulterte i siger i den nasjonale konkurransen i USA i år, og med det blei ho den eldste utøvaren på 95 år som har tatt den tittelen.

– Det er latterleg at det har gått så lang tid, men eg håpar eg kan vere eit eksempel på at ein ikkje treng stoppe på grunn av alder, seier Mariah Bell til NRK.

2022 U.S. Figure Skating Championships - Day 2

STOLT: Bell med medaljen.

Foto: MATTHEW STOCKMAN / AFP

I tillegg kvalifiserte ho seg for første gong til OL, og er i det gjeve selskap med andre utøvarar som har klart kravet ti år tidlegare enn ho.

Det utruleg lave aldersnivået reagerer trenaren hennar kraftig på.

– Det er heilt vilt. Det bør ikkje vere slik at eldre utøvarar konkurrerer mot born som ikkje ein gong har fått menstruasjon. Det er ei heilt anna verd, seier Rippon til NRK.

Tek avstand

Nokre av dei største favorittane i den individuelle konkurransen, er så vidt fylt 17 år. Slik har det vore ei stund, at kunstløparar jobbar hardt i tidleg alder for å lære trippel aksel og firedoble hopp. Dei tek kjapt nivået, og kvalifiserer seg til OL.

Når målet er nådd, ser ein dei aldri igjen.

Dei siste fem OL-vinnarane for kvinner i individuell konkurranse har vore 15, 16 og 17 år gamle.

Tre av dei la opp året etter, medan to heldt fram i ytterlegare eitt år før dei la skøytene på hylla.

Olympic figure skater Adam Rippon arrives at the Human Rights Campaign (HRC) dinner in Los Angeles

PROFIL: Adam Rippon.

Foto: KYLE GRILLOT / Reuters

– Det syg for sporten sin del, og for dei som ser på, seier Rippon og held fram:

– Å skyve ein haug med trening på ein så ung utøvar, og presse dei til titlar, er ikkje sport. Det er eit sirkus.

Det er ikkje tvil om at han har dopingsituasjonen med russiske Kamila Valijeva friskt i minnet. På sine sosiale media har han gått kraftig ut mot støtteapparatet hennar og meiner dei må ta støyten for kva som har skjedd.

– Det er hjarteknusande. Dei vaksne rundt henne har sett ho i denne fryktelege situasjonen og burde bli straffa for det. Dei har øydelagd hennar olympiske oppleving og for alle andre her, skriv han mellom anna.

Les også Russisk kunstløpar trua med å forlate intervju etter dopingspørsmål

Vil endre reglane

Rippon er klar i talen:

– Dei må auke aldersgrensa. No er det blitt slik at om du er fødd i feil år, kjem du aldri til å lykkast. Om ein trenar mot sin beste sesong som femtenåring, kjem ein ikkje til å bry seg om ein blir skada eller måten ein pressar utøvarane på, seier han.

Han ser ingen problem i å auke aldersgrensa for senior. No er det slik at utøvarar som er 15 får stille i klassen, medan 19 er året du bli senior.

Ribbon's Journey Figure Skating

LAGT OPP: Adam Rippon. Her frå OL i Pyeongchang i 2018.

Foto: David J. Phillip / AP

– Det endrar berre speleplanen og strategien, i staden for å trykke alt du kan i den eine kofferten, tar fatt på reisa og håpar på det beste.

Han meiner det òg vil førebygge mental helse.

– Når utøvarar må halde seg friske over lengre tid, vil teknikken forbetre seg, skøytekvaliteten vil bli betre og mentaliteten vil bli sterkare, seier han.

Verdifull erfaring

Mariah Bell tykkjer det er ein god idé å auke aldersgrensa for å stille i seniorklassen.

– Som ung er det så mykje press som kvilar på skuldrene, og det er vanskeleg å halde oppe. Det er ein god løysning, og det vil gjere det kjekkare for fansen, som har ein utøvar dei kan heie på i fleire år, seier ho.

Mariah Bell

IMPONERTE: Mariah Bell, her få den nasjonale konkurransen.

Foto: NICOLAS DATICHE / AFP

Ho er takknemleg for at ho utvikla seg litt saktare enn det som er «vanleg».

– Det har gjort at eg har fått ein lengre karriere og meir erfaring. Vi fortener å ha fleire gode år i sporten, ikkje berre eit lite augeblikk, ein sesong, seier ho.

Svenske Josefin Taljegård (26) er ein anna utøvar som er i den «eldre» båsen, og som «skil seg» ut nettopp fordi ho òg får OL-debuten i tjueåra.

– Eg tykkjer det er kjedeleg at det er slik, nettopp fordi eg tykkjer sjølv at no når eg har modnast litt meir, så er det kjekkare med kunstløp. Eg er rolegare, tryggare psykisk, og presterer betre i konkurranse fordi eg klarar å handtere nervane mine betre, seier Taljegård til NRK.

2022 Winter Olympics, day 8, Figure skating, Sweden, Press Event

ERFAREN: Svenske Josefin Taljegård fekk debuten i OL tysdag.

Foto: MATHIAS BERGELD / BILDBYRÅN

Kort karriere

Det norske skøyteforbundet tykkjer ingenting om at unge utøvarar får stille i seniorklassen, og har levert eit forslag om å auke aldersgrensa til 17 år for å delta i meisterskap. Det forslaget blei levert allereie tilbake hausten 2019, men utsett på grunn av koronapandemien.

Det har dei gjort med omsyn for å beskytte utøvar si fysiske og mentale helse, og Det internasjonale skøyteunionen (ISU) skal behandle dette på kongressen i sommar.

– Det kan ikkje vere slik. Det er på veg til å øydelegge sporten vår. Vi har utøvarar som er døgnfluger, seier internasjonal dommar og ekspert Lise Røsto Jensen til NRK og held fram:

– Vi ser dei 48 månadar og så kjem det nokre nye. Reglementet legg ikkje til rette for ei lang karriere.

Etter at CAS lét russiske Kamila Valijeva delta i den individuelle konkurransen tysdag, og brukte den unge alderen som ei årsak til det, meiner Røsto Jensen at forslaget om ei auka grense står mykje sterkare.

– Når alderen blir brukt som argument i CAS, betyr det at utøvarane har ulike spelereglar basert på alder. Det er det mange som har vanskar med å forstå.

Ingen samanheng

Camilla Gjersem er fullstendig einig med skøyteforbundet. Ho er tidlegare norsk kunstløpar og meinar at noverande reglement kan utnyttast og bidra til rovdrift på unge utøvarar.

Camilla Gjersem

LAGT OPP: Camilla Gjersem.

Foto: Lise Åserud / NTB

– Ein kan ikkje bruke unge utøvarar i kampen om medaljen. Det er ikkje bra verken fysisk eller mentalt, og med tanke på den belastninga som blir påført born, seier ho til NRK og held fram:

– Regelsystemet er inkonsekvent når det opnast for at born kan delta i konkurranse, men ikkje vere underlagt dei same reglane. Det er ingen samanheng og er uheldig.

PS! ISU publiserte i førre veke den oppdaterte agendaen til Kongressen. Der har Den internasjonale unionen sjølv lagt inn ein forslag om å auke aldersgrensa.

– Dei tek problemet på alvor. Det er vi veldig glade for å sjå, og då er det store sjansar for at forslaget går gjennom, avsluttar Røsto Jensen.

Les også Paret slo tilbake med OL-gull og verdsrekord etter puppeglipp: – Ein vakker revansje

Papadakis og Cizeron

Siste nytt

  • City herjet mot Brigthon - Foden hylles etter måldobbel

    Phil Foden storspilte og stjal showet da Manchester City vant 4-0 borte mot Brighton i Premier League.

    Etter storseieren uten Erling Braut Haaland skiller det bare ett poeng opp til serieleder Arsenal, som har én kamp mer spilt. Søndag gjester Pep Guardiolas menn Nottingham Forest.

    Oscar Bobb ble sittende på benken hele kampen.

    City fikk en fantastisk start på kampen da Kevin De Bruyne stanget et innlegg fra Kyle Walker rett i krysset etter bare 17 minutter.

    Ni minutter senere doblet Phil Foden gjestenes ledelse da han slo et frispark via muren og i mål.

    Briten var imidlertid ikke ferdig der. Med ti minutter igjen av omgangen satte han inn sitt andre etter at Brighton rotet det til i forsvar. Bernardo Silva snappet opp ballen og spilte den til City-juvelen, som banket inn 3-0-målet.

    Det var Fodens 50. Premier League-scoring, som fikk en legende til å logge seg på:

    – Er Phil Foden årets spiller? spurte tidenes toppscorer i Premier League, Alan Shearer, på X.

    Etter hvilen fortsatt City målfesten da Julian Alvarez banket inn returen på et skudd fra Walker.

    – Dette er ordentlig stygt for Brighton, men for et signal til resten av verden og Premier League, utbrøt Viaplay-kommentator Eivind Bisgaard Sundet.

    I forkant av målet ropte også vertene på straffe etter at Pascal Gross gikk i bakken i en duell med Rodri. Dommeren vinket imidlertid spillet videre.

    – Jo, dommer. Og jo, VAR. Det er klar og tydelig straffe til Brighton, skrev Viaplay-ekspert Lars Tjærnås på X.

    Det ble også det nærmeste Brighton kom et mål, og de må dermed se seg fornøyd med 11.-plass på tabellen.

    (NTB)

    Bpk8eLb85F0
    Foto: AP
  • Botheim matchvinner etter at «Tokki» mistet hodet

    Tokmac «Tokki» Nguen mistet de siste sju minuttene av storkampen mellom Djurgården og Malmö etter at han fikk rødt kort. Så ble Erik Botheim helten på overtid.

    – Det var en kjempetøff kamp med høy temperatur. Vi visste at det var marginer som ville avgjøre det, sa Botheim til Discovery og fortsatte:

    – Det er dritdeilig. Overtidsscoring borte mot Djurgården, får man noe deiligere enn det?

    Kampen tok fyr i sluttminuttene med en nordmann på hvert sitt lag i hovedrollene.

    I 82. spilleminutt på stillingen 0-0 var Nguen på vei gjennom, men ble stoppet av Malmö-forsvarer Derek Cornelius.

    Cornelius jublet hemningsløst over Nguen, som svarte med å løpe ned canadieren og fikk raskt det røde kortet.

    – Jeg spurte linjedommeren hvorfor jeg fikk rødt, og da sa han at jeg slo. Det er helt feil, sier Nguen ifølge TT og forklarer:

    – Det første instinktet var å jage ballen, men så sto han der. Han provoserte meg, og jeg gikk med på det.

    Det skulle vise seg å bli skjebnesvangert for vertene, for tre minutter på overtid stanget Botheim inn matchvinnerscoringen for Malmö. (NTB)

    Fotboll, Allsvenskan, Djurgården - Malmö FF
    Foto: BILDBYRÅN
  • Arne Slot: – Jeg vil til Liverpool

    Feyenoord-trener Arne Slot legger ikke skjul på ønske om å bli Jürgen Klopps etterfølger som Liverpool-manager.

    – Det er ingen hemmelighet at jeg vil til Liverpool, iser Slot til ESPN like før Feyenoords kamp mot Go Ahead Eagles torsdag kveld.

    – Feyenoord og Liverpool er i forhandlingssamtaler. Jeg venter på hva som kommer ut av det. Jeg er selvskikker, og venter på at klubbene skal komme til enighet, fortsetter Slot.

    Nederlenderen har de siste dagene blitt sterkt koblet til Liverpool-jobben når Klopp forsvinner etter sesongen.

    Den nederlandkse storavisen De Telegraaf har skrevet at Feyenoord kan kreve opptil 15 millioner euro for Slot, som har en kontrakt med klubben som går ut sommeren 2026.

    Liverpool-kaptein Virgil van Dijk har snakket varmt om landsmannen som en potensiel manager.

    – Jeg synes han spiller på en måte og med en sånn filosofi at han kunne vært Liverpool-manager. Vi får se. Neste år kan vi fokusere på det, sa van Dijk til nederlandske Viaplay onsdag.

    Arne Slot
    Foto: Russell Cheyne / Reuters

Sendeplan

Kl. Program Kanal