Hopp til innhold

Paret slo tilbake med OL-gull og verdsrekord etter puppeglipp: – Ein vakker revansje

Franske Guillaume Cizeron og Gabriella Papadakis fekk endeleg OL-gullmedaljen dei så lenge har venta på. På andre forsøk lykkast det, med eit skotsikkert kostyme.

Papadakis og Cizeron

KJENSLER: Guillaume Cizeron og Gabriella Papadakis etter fridans-programmet på Capital Indoor Stadium i Beijing.

Foto: ANNE-CHRISTINE POUJOULAT / AFP

– Dei siste fire åra har berre handla om å vinne den gullmedaljen. I hovudet vår var det ingen anna moglegheit, seier Guillaume Cizeron til NRK.

Det ferske gullvinnarparet i isdans fekk sin søte revansje etter den ubehagelege opplevinga under OL i Pyeongchang, og tok dessutan ny verdsrekord i disiplinen.

136,15 poeng fekk paret totalt, snautt seks poeng bak den høgaste moglege poengsummen på 141,8.

Førre OL var nemleg partnar Papadakis sitt største mareritt.

«Garderobefeil»

I konkurransar skjer det titt og ofte at det blir problem med utstyret. Når klede raknar eller blir øydelagt, og eksponerer utøvaren sin kropp utan vilje, blir det kalla ein «garderobefeil». På engelsk heiter det «wardrobe malfunction».

I rytmedans-konkurransen tilbake i 2018, hekta handa til Cizeron seg fast i øvre del av kjolen til Papadakis og rakna stykket som var festa rundt halsen hennar.

Det førte til at kjolen eksponerte delar av overkroppen til Papadakis, og det prega naturlegvis prestasjonen og poengsummen i konkurransen.

Isdans består av to konkurransar, der rytmedans er kvalifiseringa til fridans-konkurransen. Poengsum frå begge konkurransane er gjeldande.

– Det var rimeleg distraherande, har Cizeron sagt om hendinga.

Enda verre var det for partnaren, som måtte oppleve å bli blotta mot hennar vilje på internasjonal TV.

– Det var mitt verste mareritt, seier Papadakis.

Her kan du sjå bilete av situasjonen. NRK har valt å ikkje dele dei mest intime bileta.

Cizeron og papadakis

DRAMATISK: Her ser du halssmykket til Papadakis, som lausna.

Cizeron og Papadakis

HJELP: Her prøver Cizeron å fikse kjolen.

Cizeron og Papadakis

LAUS: Øvre del av kjolen blei mykje lausare enn den burde vere, i ein konkurranse med mykje rørsler og hopp.

Cizeron og Papadakis

OPEN: Halsfestet spratt opp.

Fekk sin revansje

På grunn av den vesle skandalen, fekk det franske paret ein lågare poengsum enn venta i rytmedans, og sjølv om dei vann fridansen, blei poengsummen for låg for å hamle opp med gullvinnarane Tessa Virtue og Scott Moir.

Sidan har alt handla om den eine gullmedaljen.

– Vi hadde ikkje ein bra oppleving den gongen. Vi var veldig skuffa over å ikkje ha prestert på vårt beste. Og vi ville ha revansje og vise at vi kunne skøyte på vårt beste. Det er ein vakker revansje, seier Papadakis til NRK.

Papadakis og Cizeron

JUBEL: Det franske kunstløp-paret då gullet blei deira.

Foto: WANG ZHAO / AFP

– Var du redd for at historia skulle gjenta seg?

– Eg tenkte ikkje så mykje på det, men det er sant at eg sjekka kjolen litt. Men eg stolte på at det ikkje kunne skje igjen. Eg hadde tru på universet, skjebnen og følte at dette var for oss, seier Papadakis vidare.

Aldri skjedd før

No blir kunstløp-paret hylla av konkurrentar og ekspertar. Paret leverte to plettfrie konkurransar og kom derifrå med ein forbetra verdsrekord.

– Dei har flytta grensene i denne idretten. Dei imponerer ikkje berre fysisk, men også på det kunstnariske. Dei er umenneskelege, seier amerikanske Jean-Luc Baker til NRK.

Figure Skating - Ice Dance - Free Dance

HØGT NIVÅ: Jean-Luc Baker og Kaitlin Hawayek hamna på 11.-plass.

Foto: EVGENIA NOVOZHENINA / Reuters

Bronsevinnar Madison Hubbell veit ikkje kvar ho skal starte på spørsmålet om nivået til det franske paret.

– Dei er blant dei største kunstnarane idretten vår har sett på lang tid. Eg veit denne veka har vore stressande for dei. Ein kjenner på mykje press når ein allereie har vunnet sølv, seier Hubbell til NRK.

Pallen i isdans 2022.

MEDALJØRAR: Amerikanske Madison Hubbell og Zachary Donohue (bronse), russiske Victoria Sinitsina og Nikita Katsalapov (sølv) og Guillaume Cizeron og Gabriella Papadakis (gull).

Foto: ANNE-CHRISTINE POUJOULAT / AFP

I tillegg fekk gullvinnarane 26 tiarar av 45 moglege frå dommarane. Internasjonal dommar og ekspert Lise Røsto Jensen er skaka over det høge nivået.

– Det har aldri skjedd før. Dette er noko av det beste vi har sett nokosinne. Dei har tatt isdans-greina eit hakk vidare, seier Jensen til NRK.

Ho forstår at paret hadde store ønsker om gull etter glippen i 2018.

– Det var nok kostymedesignaren som tapte det gullet, seier ho.

Les også Russisk kunstløpar trua med å forlate intervju etter dopingspørsmål

Store profilar

Cizeron og Papadakis hadde gode kort på hand etter å ha sett verdsrekord med 90.83 i rytmedans laurdag, og fekk dermed gå ut sist i friløpet måndag.

Paret er kjend for å hanke inn medaljar, og er ein av dei største para i kunstløp. Dei har vunne EM fem gonger og blitt verdsmeistrar fire gonger.

No fekk dei endeleg den etterlengta OL-gullmedaljen, etter at dei enda på sølvplass som følge av den rakna kjolen i Pyeongchang i 2018.

Om dei blir å sjå i neste OL, er usikkert.

Figure Skating - Ice Dance - Rhythm Dance

NY REKORD: Rytmedansen laurdag imponerte dommarane.

Foto: EVGENIA NOVOZHENINA / Reuters

Sportsnyheter

Ville jubelscener etter norsk superstafett: – Hva skjedde nå??

For første gang på 100 år er et norsk lag klare for OL på en lagøvelse i friidrett. Etter målgang ble ankerkvinne Henriette Jæger «overfalt» av lagvenninnene.

Siste nytt

  • Ventetiden over for PSV Eindhoven – tok sitt første ligagull på seks år

    PSV sikret sitt første seriemesterskap i nederlandsk fotball siden 2017/18-sesongen da Sparta Rotterdam ble beseiret med 4-2 søndag.

    Etter seieren skiller det nemlig 12 poeng ned til regjerende seriemester Feyenoord på 2.-plass, med bare tre kamper igjen av sesongen.

    Tobias Lauritsen spile hele kampen for Sparta Rotterdam, mens Joshua Kitolano ikke var i troppen grunnet en skade.

    Ligagullet var PSVs 25. i æresdivisjonen. Bare Ajax har flere ligatitler med sine 36 triumfer. (NTB)

    Luuk de Jong
    Foto: AFP
  • Jensen-dobbel ikke nok for Real Sociedad

    Synne Jensen noterte seg for to scoringer, men Real Sociedad tapte likevel 3-4 borte mot Levante i spansk kvinnefotball søndag.

    Scoringene var Jensens 12. og 13. for sesongen, hvilket sender henne hun opp på delt 4.-plass på toppscorerlisten, fem mål bak Caroline Graham Hansen på topp.

    Real Sociedad ligger på 9.-plass på tabellen og er helt akterutseilt i kampen om europaspill neste sesong. Det skiller 22 poeng opp til Atlético Madrid på 3.-plass, som innehar den siste kvalifiseringsplassen til Champions League. (NTB)

    Synne Jensen
    Foto: Annika Byrde/NTB / NTB
  • Norsk stortap i åpningskampen i J17-EM

    England ble flere hakk for store i den første kampen i gruppespillet i J17-EM søndag.

    Allerede etter elleve minutters spill ledet England 2-0 og hadde etter det god kontroll på kampen.

    Like etter pause scoret Lola Brown Englands tredje mål, et mål som også ble kampens siste. Dermed endte kampen 3-0 til England.

    J17-EM arrangeres i Sverige. Norge spiller mot Frankrike på onsdag, før gruppespillet avsluttes mot Sverige på lørdag.

    Norge J17

Sendeplan

Kl. Program Kanal