Hopp til innhold

Ny rapport sår tvil om DNA-bevisa frå Baneheia

Den nye sakkunnige for Gjenopptakingskommisjonen har gått gjennom DNA-bevisa i dobbeltdrapssaka. Han konkluderer med at han ikkje ville presentert funna for retten.

Viggo Kristiansen og Baneheia

FELT AV DNA-BEVIS: Viggo Kristiansen vart dømt til 21 år i forvaring for valdtekt og drap på to småjenter i Baneheia i mai 2000. No slår ein ny sakkunnig tvil om bevisa.

Foto: NRK/NTB-Scanpix

Gjenopptakingskommisjonen oppnemnde i desember 2019 rettsgenetikar Frederik Torp Petersen ved Rettsmedisinsk institutt i København som ny sakkunnig for DNA-bevisa i Banehei-saka.

Konklusjonen i rapporten er no klar, og viser at Retsgenetisk Afdeling i København ikkje ville rapportert DNA-analysane som bevis i ei straffesak.

– Må gjenopnast

No krev forsvararen til Viggo Kristiansen, Arvid Sjødin, at saka må gjenopnast.

– Ingen skal trenge å forsvare seg mot uriktige DNA-analysar i retten. Då må det gå gale. Viggo Kristiansen har no eit rettkome krav om å få saka si gjenopna for ny behandling, skriv Sjødin i ei pressemelding.

Han får støtte av DNA-eksperten Ragne Farmen:

– Rapporten er nesten identisk med den eg skreiv i 2008 på oppdrag frå forsvararane den gong. Rapporten seier at ingen av desse resultata skulle vore brukte som bevis i ei straffesak, seier Farmen til TV 2.

Forvaring og fengsel

Det er 20 år sidan Stine Sofie Sørstrønen (8) og Lena Sløgedal Paulsen (10) vart valdtekne og drepne i Baneheia i Kristiansand. Viggo Kristiansen og Jan Helge Andersen vart dømde til høvesvis 21 år i forvaring med 10 års minstetid og 19 år i fengsel for ugjerningane mot dei to jentene.

Andersen tilstod, og har i dag sona dommen sin, medan Kristiansen heile tida har nekta straffskuld. Han har sidan november 2017 venta på at Kommisjonen for gjenopptaking av straffesaker skal behandle den sjette søknaden hans. Behandlinga starta mot slutten av 2019.

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,58 kr
Dyrest kl. 20 2,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,7 kr 25 min.
  • Dusje 6,4 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %