Hopp til innhold

No skal Vipers bli best i Europa

Vipers Kristiansand vann rubbel og bit i Noreg førre sesong, og tok bronse i meisterligaen. No vil sørlendingane til topps i Europa.

Vipers Kristiansand

BRONSEJUBEL: Her jublar Vipers Kristiansand for bronse i meisterligaen under sluttspelet i final four i Budapest. I framtida vil klubben stå øvst på pallen i europas gjevaste klubbturnering.

Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix

– Førre sesong går nesten ikkje å kopiere. Men vi må legge lista høgre. Det betyr at vi skal stå på toppen i meisterligaen. Om det er om eitt, to eller tre år vil tida vise, seier dagleg leiar i Vipers, Terje Marcussen.

Det er snart ti år sidan sørlendingen kom inn i klubben og sa at Vipers skulle overta handballtrona i Noreg.

Den gong var det ikkje mange som tok han seriøst. Men no er situasjonen ein heilt annan.

Vipers

GULL: Vipers Kristiansand jublar for sluttspelgullet etter å ha slått Storhamar over to kampar i vår.

Foto: Geir Olsen / NTB scanpix

Gull og grøne tal

Dei to siste sesongane har Vipers vore fullstendig overlegne her heime. Gull i serie, cup og sluttspel. Førre sesong krona laget sesongen med bronsemedalje i meisterligaen.

– Det hadde nok kanskje ikkje gått like fort om ikkje Larvik hadde fått økonomiske utfordringar. Men har du ein god plan og eit godt opplegg, så er det fullt mogleg, seier han.

Det er ikkje berre sportsleg klubben har fossa fram dei siste åra. Også økonomisk har Vipers grunn til å juble. Då Marcussen kom inn hadde klubben ei omsetning på 3-4 millionar kroner i år. I år er talet over 22 millionar kroner.

I tillegg viser rekneskapen overskot dei siste åra.

– Pengar er greit å ha både når du spelar Monopol og i bedriftssamanheng. Det gjer moglegheiter til handlefridom. Det merkar vi no.

Terje Marcussen, Vipers

KAPTEINEN: Terje Marcussen er kjend for mange påfunn. Her er han utkledd som flykaptein der han tok imot supporterar på veg til Budapest i mai, der Vipers til slutt tok bronse i meisterligaen.

Foto: Sander Heggheim / NRK

Løke vil ikkje snakke om meisterligaen

Før denne sesongen har Vipers sikra seg landslagsstjerna Heidi Løke, som ikkje vil snakke om meisterligagull endå.

– Vi skal alltid ha trua. Men eg trur ikkje vi skal snakke så mykje om meisterligaen endå. Vi får sjå korleis det går frå start. Så får vi iallefall ha som mål å komme vidare til mellomspelet, seier Løke.

– Viss folk trur det er ei enkel greie å komme til final four, må dei tru om igjen. Dei skal slite for å klare det i år i alle fall, seier NRKs handballekspert Peder Langfeldt.

I tillegg til Løke er Byåsen-keeper Andrea Austmo Pedersen henta inn. Begge får sentrale roller denne sesongen.

Løke i strekposisjonen der Vipers mangla ein spelar frå øvste hylle i fjor. Pedersen får ei nærast umogleg oppgåve då ho skal erstatte langtidsskadde Katrine Lunde.

Heidi Løke på Vipers-trening

FRÅ GULT TIL ROSA: Førre sesong spelte ho mot Vipers Kristiansand for Storhamar. Denne sesongen spelar Heidi Løke i Vipers Kristiansand. Der håpar ho på nye gullmedaljar.

Foto: Per-Kåre Sandbakk / NRK

Lang skadeliste

Det einaste usikkerheitsmomentet før sesongstart er skadesituasjonen. For Lunde er langt ifrå den einaste på skadelista:

  • Stjerneskotet Henny Reistad er ute i flere månader grunna ein skade i ryggen.
  • Hanna Yttereng har operert handa og går klipp av haustsesongen.
  • Karoline Olsen er ute på ubestemt tid grunna ein skulderskade.
  • Sunniva Andersen har vore gjennom ein operasjon i foten og er ikkje tilbake før seinare i haust.
  • Josefine Intelhus var ute heile fjorårssesongen med korsbandskade og er endå ikkje klar.

– Det er dessverre ein del av sporten. Men vi har eit godt nok lag til å vinne alt her heime, seier Løke.

– På trening har vi dei to beste laga i Noreg. Så blærete har eg aldri vore før. Det er sikkert ikkje bra å seie, ler Marcussen.

Håndball. Mesterligaen kvinner, finalehelg i Budapest.

UTE: Katrine Lunde misser truleg heile sesongen på grunn av korsbandskade. Skaden pådrog ho seg i bronsefinalen i meisterligaen.

Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix
null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,58 kr
Dyrest kl. 20 2,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %