Hopp til innhold

Superveteranen ordna nytt Vipers-gull

Ho har ei merittliste få kan matche i handballen. Laurdag sikra Katrine Lunde seg nok ein tittel, då Vipers Kristiansand slo Storhamar i cupfinalen.

Katrine Lunde

Sjå jubel og reaksjonar etter at Vipers vann cupfinalen i Oslo spektrum.

– Vi jobbar framleis med femårskontrakt med Katrine, ler Vipers-trenar Ole Gustav Gjekstad.

– Vi får sjå når dei kjem med det. Det er berre noko dei seier, ler Katrine Lunde i intervjusona etter cupfinalen.

38-åringen stod nemleg fram då lagvenninne hennar trengde det som mest.

Framover kladda det for sørlendingane, som har hatt sju spelarar av spelarane sine borte i ein månad på grunn av EM i handball.

Men i motsett ende ordna Lunde balanse i rekneskapen.

– Ho tek nokre viktige redningar når dei snik seg innpå, seier Gjekstad.

Men sigeren kosta. Storhamar gjekk ut i hundre og leia dei 15 første minutta i Oslo spektrum. Vipers kan takke keeperen sin for at dei ikkje hamna lengre bak enn to mål.

Sjå intervju med Vipers-trenar Ole Gustav Gjekstad.

Avgjorde kampen

Dei siste 20 minutta av første omgang drog sørlendingane ifrå, og gjekk til pause i leiinga 14-9 til stor jubel hos dei rosakledde supporterane på tribunen.

Men kampen var langt ifrå over. Som i første omgang, gjekk dei knallhardt ut i andre omgang. Sju minutt ut i omgangen var Heidi Løke og Storhamar berre eitt mål bak.

Men så var det denne Lunde då. Igjen varta ho opp med redningar som avgjorde kampen i Vipers sin favør.

– Premiehylla mi blir aldri full. Då bygger vi berre ut, så det er ikkje noko problem, ler Lunde.

Sjå intervju med Vipers-spelar Katrine Lunde.

Høgdepunkt i kø

Dei siste 15 minutta av kampen vart nesten ein rein parademarsj for sørlendingane. Vipers vann til slutt 31-25.

Dermed kan trenar Ole Gustav Gjekstad innkassere sin første tittel i Vipers etter at han tok over klubben i haust.

Kristiansandsklubben toppar i tillegg eliteserien, og er klar for mellomspelet i Meisterligaen. Der skal dei mellom anna møte storklubben Györ på nyåret.

Kristiansandsordførar Harald Furre var sjølv tilstades på tribunen under cupfinalen. Ordføraren såg kampen saman med statsminister Erna Solberg, og lovar no cupfest i Kristiansand.

– Dette må vi feire, seier han.

Sjå intervju med Kristiansand-ordførar Harald Furre og Vipers-spelar Henny Reistad.

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 15 1,62 kr
Dyrest kl. 08 2,15 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,7 kr 25 min.
  • Dusje 6,5 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %