Hopp til innhold

Nektar å røpe ulvejeger

Jaktlaget, som nyleg skaut ein ulv i Froland, torer ikkje å seie kven som skaut ulven. Jaktlaget fryktar ubehaglege etterspel for jegeren.

Ulv skutt i Froland.

DAUD: Jaktleiar Geir H. Moe (t.v) og Øyvind Froland vil ikkje røpe kven som skaut ulven i Froland.

Foto: Olav Svaland/Frolendingen

– Det var 40 menneske på jaktlaget søndag. Vi er samde om at vi ikkje skal røpe namnet på jegeren, seier Øyvind Froland til Agderposten.

– Kvifor ikkje?

– Jo, det skal eg seie deg, for det har eg opplevd mange gonger. Vi vil skåne jegeren mot ubehaglege telefonar i ettertid, seier Geir H. Moe, som har jakta i ei årrekkje.

Video e82320b4-cf74-41ee-a808-414f4db055bb.jpg

VIDEO: Sjå video av den felte ulven.

Har blitt skjelt ut

Det var søndag ettermiddag den 40-45 kilo tunge hannulven vart felt i Froland. Eit jaktlag på 40 personar skaut ulven, som var sjuk og hadde skabb. Dette var den andre ulven som vart skoten på Sørlandet i løpet av kort tid. I haust vart ein ulv skoten i Lyngdal.

Sjølv har Moe fleire gonger blitt skjelt ut av menneske, som meiner dyr har like stor rett til å leve som menneske.

– I dette spørsmålet påstår ofte både jegarane og ulveforsvararane at dei vert personleg angripne. Det er ein primitiv måte å føre debatt som Noah ikkje ynskjer. Men jegrane må tole å bli kritisert offentleg, meiner veterinær Siri Martinsen i Noah som jobbar for dyr sine rettar.

Høglydt gruppe

– Jegrane har både rovvilnemnder og eit lovverk over der igjen som gir jegarane lisens og lovleg rett.

– Er jegarane eigentleg rett adresse for kritikken?

– Det er ei høglydt pressgruppe som står bak ynskje om å skyte rovdyr, og jegarane er ofte ein del av dei. Det fråtek naturlegvis ikkje politikarane det ansvaret dei har, men dersom ikkje jegrane hadde stillt opp, ville ikkje Norge kunne føre den utrydningsfiendtlege politikken vi faktisk gjer, seier Martinsen til avisa.

Video Reagerer på ulvefelling

VIDEO: Rovdyrforkjempar Arne Flor reagerar på at ulven blei jakta på, før dei fekk anledning til å klage på fellingsvedtaket.

Glad for felling

Det er delte meiningar om ulven, som vart skoten, var eit streifdyr eller om den hadde slått seg ned i Froland.

– Ulven markerer revir ved å lette på beinet og pisse til sida. Vi såg fleire døme på at den hadde pissa rett ned,m en og så eit døme på at den hadde markert. Om det er nok til å seie at den har slutta å vere streifdyr og byrja å slå seg ned, kan eg ikkje seie, seier Moe.

Ordførar i Froland, Sigmund Pedersen, er glad for at ulven vart felt fordi den hadde skabb.

– Den må ha hatt det frykteleg kaldt utan pels, seier han.

– Sjølv om vi ikkje har sett teikn til at den har etablert seg med make og ungar, kan ein ikkje akkurat seie at den berre streifar gjennom området her, seier ordføraren.