Hopp til innhold

Reknar med stor rovdyrerstatning

Tilsaman har rovdyr gjort skade for 2,3 millionar kroner på Agder i haust. Det er registrert over 1000 åtak på sauer og lam berre i Vest-Agder.

Ulv skutt i Lyngdal

ULV: Det ligg an til å bli store erstatningar etter ulveherjingane på Agder i haust. Onsdag vart denne ulven felt i Lyngdal. (Arkivfoto)

Foto: Jaktlaget/Kjell Magne Larsen

Onsdag ettermiddag vart ulven, som truleg står bak, skoten i Lyngdal. Det var ein vaksen hannulv som vart felt.

777 lam

– I Evje, Hornnes, Bygland og Åseral er det store tap som kan førast tilbake til ulveskader. I tillegg har vi sett at ulven kan flytte seg ut til sida og vi har hatt skader både i Hægebostad, Kvinesdal og no sist i Lyngdal, seier viltforvaltar i Vest-Agder Fylkeskommune, Tor Punsvik til NRK.no.

Det er snart ti år sidan det sist vart utbetalt så store erstatningsbeløp etter rovdyrskader på bufe.

Berre i Vest-Agder er det dokumentert åtak på 325 sau og 777 lam. Ulven som vart felt onsdag står truleg bak dei fleste åtaka, men viltforvaltaren utelukkar ikkje at det kan vere meir ulv i området.

Kan vere fleire ulvar

– Statens naturoppsyn har ansvaret for dokumentasjon og vurdering av bestandsforhold. Dei har ikkje konkludert med at det er meir enn eitt individ, seier han.

– Men dei er opne for at det kan vere det. Førebels har ein ikkje funne DNA som tyder på meir enn ein ulv, seier Punsvik.

Naturvernforbundet i Vest-Agder reagerer, ikkje uventa, sterk på at det er felt ulv på Sørlandet.

Naturvernar reagerer sterkt

– Moglegheita til å forsvare ulv vert heilt illusorisk og heilt utan betydning. Jakt vert sett i verk umiddelbart, både skadefellingslag og lisensjakt, slik at klageadgangen til organisasjonane og klagegrunnlaget er heilt verdilaust, skriv fylkessekretær, Peder Johan Pedersen i ei pressemelding.

– Naturvernforbundet meiner denne skadefellingsjakta var heilt unødvendig. Vi krev av lisensjakt på ulv vert stoppa umiddelbart, skriv han.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Sjimpanser på påskeeggjakt 00:55
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 23 1,14 kr
Dyrest kl. 07 1,48 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 5,9 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,7 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Feb 2023 – feb 2024
    + 6,3 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 5,5 %