Hopp til innhold

Maren Walvik Johnsen (29) er død

Etter at ho sjølv fekk feiltolka celleprøven, kjempa Maren for å verne unge kvinner mot livmorhalskreft.

Maren Walvik Johnsen (27) fikk sjokkbeskjeden i desember. Det hun trodde var ufarlige endringer i menstruasjonen etter vaksinering, var kreft.

Maren Walvik Johnsen delte ope om livmorhals-sjukdommen sin med heile Noreg.

Foto: Privat

Maren Walvik Johnsen sovna stille inn med familien rundt seg i går, skriv TV 2.

Walvik Johnsen oppdaga i 2021 at ho hadde livmorhalskreft, og har delt opent om sjukdommen.

– Det er med stor sorg og blødande hjarte eg dessverre må melde at min og vår alles kjære Maren døydde frå oss i går ettermiddag, skriv faren Kjetil Johnsen på Facebook.

I «Noreg bak fasaden» på TV 2 har Maren tidlegare fortalt om celleprøva hennar som blei feiltolka. Noko som gjorde at livmorhalskreften ikkje vart oppdaga før det var for seint.

Ho døydde av sjukdommen 29 år gamal.

Feiltolka prøve

NRK intervjua Maren i januar 2022. Då hadde ho nyleg hatt sin første cellegiftkur.

– Eg trudde ikkje det kunne vere kreft. Mange snakka om blødingsendringar etter vaksinen, og det var lett å tenkje at dette ville gå over, fortalde Maren den gongen.

Før sjokkbeskjeden i 2021 trudde ho blødingsendringar ho hadde, kom av koronavaksinen. Ho har sidan ho fekk kreft oppmoda andre jenter som opplever dette til å sjekke seg.

Som 25-åring tok ho sin første celleprøve. Men celleprøva hennar vart feiltolka.

Kreften vart ikkje oppdaga før to år seinare, og då hadde han spreidd seg.

Maren var innstilt på å bli frisk igjen, men ho fekk seinare beskjed om at kreften hadde spreidd seg til lymfesystemet. Kreften var uhelbredelig.

Les også Livmorhalskreft: Norge er verst i Norden

Celleprøve fra livmorhalsen som viser forstadier til livmorhalskreft.

Fekk vaksinen for seint

Marens årskull fekk ikkje tilbod om å få HPV-vaksinen på barneskulen. HPV er hovudårsaka til livmorhalskreft.

Jenter i 7. klasse fekk tilbod om å ta HPV-vaksinen i 2009. Aldersgruppa 1991–1996 fekk ikkje tilbod før i 2016 til 2019.

Da var det allereie for seint for mange, fordi vaksinen berre fungerer før man får ein HPV-infeksjon.

Maren fekk ikkje HPV-vaksinen før i 2016.

Ettersom ho allereie var seksuelt aktiv var det for seint, som ho fortalde på sin Instagram-profil.

Ho har tidligere fortalt at om ho fekk vaksinen på 7. trinn, ville ho truleg ikkje fått livmorhalskreft.

Les også Dette bør du vite om livmorhalskreft

Overlege ved Ålesund sjukehus, Camilla Jøsok Nybø viser frem avdelinga for patologi. Der analyserer de celleprøvene som kommer inn.

Ville skape økt bevisstheit

Noreg fekk bli kjent med Maren, som er frå Arendal, gjennom TV 2-programmet «Noreg bak fasaden», der ho open fortalde om historia hennar.

Ho har vore opptatt av at norske myndigheiter må ta eit større ansvar for å overvinne sjukdommen.

Maren meinte blant anna Noreg burde bytte vaksinen som brukast mot virusgruppa HPV.

Då ho fekk beskjed om at celleprova var heilt fin, blei ein ny analyse tatt som viste at prøven blei feiltolka, og at kreften skulle vore oppdaga.

Feiltolking av celleprøver har no ført til at man no skal tilby alle kvinner ein HPV-test.

For Maren kom den nye test-metoden for seint, sjølv om ho fortalde til kanalen at det var ein viktig seier.

– Maren var ein inspirator for mange, også for meg. Husk at Maren ønsker vi skal feire livet og minna, alt det morosame – det som gir oss glede, skriv faren på Facebook.

Maren blir biset i Oslo etter eiget ønske, der ho budde dei siste ti åra.

Les også HPV-kreft øker blant menn: – Jeg hadde tatt vaksinen

Vegard Knauserud (23) er aktiv i studentsamfunnet i Hamar

Siste nytt fra NRK Sørlandet

Båtulykke i Tvedestrand

23 år gammel mann omkom – båten ligger på ti meters dyp

Inger Brokka de Ruiter sammen med sønnen Elias. I bakgrunnen sitter faren hennes Bjørn Davidsen.

Sliter med å få tak i medisiner til sine nærmeste

null
Spiller nå
Høydeskrekk i Fjæreheia 01:33
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 13 0,9 kr
Dyrest kl. 19 0,97 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,4 kr 25 min.
  • Dusje 3,8 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,5 kr En vask
  • Varmeovn 0,9 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Jun 2023 – jun 2024
    + 4,9 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 5,2 %