Hopp til innhold

Kleppe om Frp-striden: – Politisk «Big Brother»

Tidlegare Frp-topp Vidar Kleppe trur partiet risikerer å miste stortingsmandatet i Aust-Agder på grunn av intern strid i partiet.

Vidar Kleppe i fylket

Vidar Kleppe vart suspendert frå Frp i 2001, og valde til slutt å trekke seg. No trur han at Frp risikerer å miste eit stortingsmandat på grunn av striden i Aust-Agder Frp.

Foto: Svein Sundsdal / NRK

– Dei opptrer omtrent som i Big Brother. Dei ekskluderer, suspenderer og stemmer kvarandre ut, seier Kleppe til NRK.

– Dei som tapar på dette er dei som er interessert i å drive politisk arbeid til det beste for folket på Sørlandet. Skal dei ha fred og ro bør dei melde seg ut, seier han.

To ulike grupperingar i Aust-Agder Frp krev eksklusjon av totalt 17 medlemmer. Kravet kjem etter at fylkesstyret ekskluderte to partimedlemmer måndag kveld.

Styret grunngjev dette med handlingar og offentlege utsegn som dei vurderer som grove brot på partivedtektene.

Sa ja til fylkessamanslåing

Striden starta i desember då Åshild Bruun-Gundersen vart Aust-Agder Frp sin toppkandidat til stortingsvalet neste haust.

Noverande stortingsrepresentant Ingebjørg Godskesen vart dermed vraka.

Same månad skulle fylkestinget ta stilling til fylkessamanslåing. Då valde den nye toppkandidaten å stemme for samanslåing saman med fylkesleiar Peter A. Busch og nestleiar Chim A. Kjølner.

Helge André Njåstad, Frp

Helge André Njåstad er leiar i organisasjonsutvalet i Frp

Foto: NRK

Dei gjekk dermed imot fylkespartiet sitt standpunkt i saka. Kritikarar kravde difor nytt nominasjonsmøte, som skal haldast i februar.

– Vi likar sjølvsagt ikkje ein slik situasjon. Men det er naturleg i ein nominasjonsprosess at det kan vere ulike kandidatar og ulike preferansar. Det er heilt normalt. Så er det normalt at når vala er tekne, så legg ein det bak seg og går vidare, seier leiar i organisasjonsutvalet i Frp, Helge Andre Njåstad.

Vidar Kleppe trur partiet vert skadelidande på grunn av den interne striden.

– Det kjem aldri noko godt ut av dette. Det tek lang tid å bygge opp truverd og tillit. Men du verda som raskt det er å bygge ned, seier Kleppe, som sjølv vart suspendert frå Frp i 2001.

Kleppe var inne i sin andre stortingsperiode og valde til slutt å trekke seg. Han var med på å starte opp partiet Demokratene, der han i dag sit i bystyret i Kristiansand.

Bruun-Gundersen

Striden i Aust-Agder Frp starta i desember då Åshild Bruun-Gundersen vart vald til partiets toppkandidat før valet til hausten.

Foto: Svein Sundsdal / NRK

– Risikerer å miste stortingsmandat

Den tidlegare Frp-politikaren trur striden kan gå hardt utover Frp ved stortingsvalet til hausten.

– Eg trur, sjølv om du skal vite i politikken, så trur eg Frp i Aust-Agder risikerer å miste sitt stortingsmandat, seier han.

– På nasjonalt plan vil det bety at Frp får svekka sin posisjon når det gjeld innflytelse frå Sørlandet, seier Kleppe, som går hardt ut mot fylkesstyret i Aust-Agder Frp.

Han meiner ein slik strid er eit uttrykk for kamp om posisjonar, verv og om partiets sjel framover, og kva fraksjonar som skal ha styringa.

– Skal vere stor takhøgd

Leiar i organisasjonsutvalet i Frp, Helge Andre Njåstad, meiner det er viktig å sjå framover.

– Det skal alltid vere stor takhøgd i eit parti og konkurranse om posisjonar. Det er heilt naturleg, og det ser vi i andre parti, seier han.

– Så er det viktig at vi har evne til å legge ting bak oss og evne til å sjå framover. Det trur eg vert utfallet av dette, at vi får sjå eit offensivt Frp, som kjempar for å sikre eit mandat i fylket ved valet til hausten, seier Njåstad.

NRK har ikkje lukkast med å komme i kontakt med leiinga i partiet lokalt og Kleppe sine utsegn. Dei har ikkje ønska å kommentere striden i partiet i dag.

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,58 kr
Dyrest kl. 20 2,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,7 kr 25 min.
  • Dusje 6,4 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %