Hopp til innhold

Karriera truleg over for ØIF-spelar

Andreas Kjølner Hansen avgjer i løpet av dei neste vekene om han vil halde fram som handballspelar. Før nyttår rauk han akillessena i kamp mot Runar.

Andreas Kjølner Hansen, ØIF

TRULEG SLUTT: Andreas Kjølner Hansen vert truleg tvinga til å leggje handballen på hylla på grunn av ein akillesskade. Her sit han med beinet høgt kort tid etter at han pådrog seg skaden i vinter. (Arkvifoto)

Foto: Sander Heggheim/NRK

– Det ser trist ut i forhold til å spele handball. Legane har fråråda meg sterkt i forhold til å spele. Eg kan risikere å få varige mèn. Eg har framleis lyst til å gå på ski om tre år. Skal eg gjere det kan eg ikkje risikere at akillesen ryk på nytt, seier Andreas Kjølner Hansen til NRK.

ØIF Arendal-spelaren har allereie røke akillesen to gonger. Før skaden i vinter var han ein av klubben sine viktigaste spelarar.

– Eg vil ikkje seie at eg legg opp endå. Men sesongen er over og eg har gitt eitt signal til klubben om at dei mest truleg ikkje skal rekne med meg neste sesong. Så får dei la meg få to veker til å tenke meg om, seier han.

Det er tydeleg at Kjølner Hansen står overfor eit vanskeleg val.

– Handball betyr veldig mykje for meg og eg har lyst til å drive med handball. Det vil jo vere mogleg å sjå seg rundt om det er mogleg å trene eit lag, eller iallefall drive med noko innanfor handball. Då vert det litt lettare å slutte som spelar, seier han.

Alt frå sluttspelet i Drammen
Paulsen på årets lag
Vildalen glad karriera er over
Urutinert ØIF-mannskap tapte
ØIF Arendal tapte bronsefinalen
18-åring fekk gjennombrotet i tap
ØIF langt nede etter tap

BILETE:
ØIF Arendal - Elverum
ØIF Arendal - Fyllingen

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,58 kr
Dyrest kl. 20 2,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %