Hopp til innhold

ØIF langt nede etter tap

ØIF Arendal-trenar Leif Gautestad var langt nede etter 30-33 tapet mot Fyllingen i semifinalen i sluttspelet i handball.

Leif Gautestad, ØIF Arendal

SKUFFA: ØIF-trenar Leif Gautestad var særs skuffa over 30-33-tapet mot Fyllingen i semifinalen i sluttspelet.

Foto: Sander Heggheim/NRK

– Det er klar eg er skuffa. Vi reiste til Drammen for å slå Fyllingen og spelar ein jamn kamp med dei. Men det er ikkje lett å vinne når dei har banas beste i målvakta si, seier ØIF Arendal-trenar, Leif Gautestad til NRK.

Gautestad sine menn klarte aldri å få overtaket på Fyllingen sin keeper. I tillegg hadde ikkje ØIF Arendal ein super dag på jobben.

– Veldig lei meg

– Vi har vore betre enn det vi viste i dag. Vi spelar ein ok kamp, og det er ikkje nok mot Fyllingen. Fleire av dei sentrale spelarane har for dårleg utteljing på skotforsøka sine. Spesielt bakspelarane var under pari, seier ein tydeleg skuffa Gautestad.

Veteranen Kjetil Øygarden har bestemt seg for å leggje opp etter denne sesongen. Også han var særs skuffa over å ikkje få moglegheit til å spele finale i morgon.

– Eg hadde veldig lyst til å vinne saman med laget. Vi hadde tidenes moglegheit til å komme til ein finale i sluttspelet. Det er lenge sidan eg har vore så lei meg, for eg følte at vi gav dei match heilt til det stod att fem minutt, seier Øygarden til NRK.

ØIF Arendal deppar

DEPPA: André Jørgensen, (f.v), Kjetil Øygarden og trenar Leif Gautestad deppar etter semifinale-tapet mot Fyllingen.

Foto: Sander Heggheim/NRK

Trur på Runar

– Det var utruleg bittert. Vi har trent mot dette lenge, men i dag mangla det lille ekstra. Eg er skuffa no. Det var finale vi hade lyst til å spele i morgon, seier Øygarden.

Seinare i kveld møter Runar Elverum i den andre semifinalen. ØIF Arendal møter taparen i det oppgjeret i bronsefinale i morgon.

– Det tek vi som det kjem. Mitt tips er at det vert Runar. Dei har vi bra tak på, men kvar kamp lever sitt eige liv. Vi hadde stor tru på at vi skulle vinne i dag, og det gjekk ikkje. I morgon er det ny kamp og ein heilt ny situasjon, seier veteranen.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
NRK Forklarer: Baneheia-saken 01:05
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,05 kr
Dyrest kl. 21 1,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,7 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %