Hopp til innhold

Paulsen på årets lag

ØIF Arendal-spelaren Sondre Paulsen (21) kom med på årets lag i eliteserien.

Sondre Paulsen, ØIF Arendal

PÅ ÅRETS LAG: Sondre Paulsen (20) sine prestasjonar denne sesongen var så gode at han kom med på årets lag i eliteserien.

Foto: Sander Heggheim/NRK

Kantspelaren har hatt ein fenomenal sesong i raudt og svart. Prestasjonane i eliteserien denne sesongen var gode nok til å komme med på årets lag.

Paulsen vedgår at det har gått over all forventning denne sesongen. Prestasjonane har vore så bra at landslagssjef Robert Hedin gav Paulsen sjansen på landslaget.

Trudde på landslagspause

- Eg var ferdig med juniorlandslaget i fjor sommar og tenkte at det ville bli stille og roleg på den fronten ei tid framover. Men så fekk eg moglegheit på A-landslaget i løpet av sesongen. Det gav absolutt meirsmak, seier 21-åringen til NRK.

- No må eg berre jobbe knallhardt for å få sjansen på landslaget igjen, seier han.

- Eg forventar at eg skal setje ballen i mål og vert skuffa om eg ikkje gjer det. Eg må heilte tida vere på tå-hev og jobbe. Det går ikkje å slappe av, seier kantspelaren.

Landslagssjefen imponert

Landslagssjef Robert Hedin er imponert over 21-åringen.

- Han gjorde det veldig bra på landslagssamlinga. Så eg håpar han held fram utviklinga. I tillegg har Erlend Egeland og Eirik Heia Pedersen vore på samling. Eg håpar vi kan få fram nokre landslagsspelarar i Arendal i tida som kjem, seier Hedin til NRK.

Følgjande spelarar kom med på årets lag:
Keeper: Jonas Degnbol, Drammen
Høgre kantspelar: Sondre Paulsen, ØIF Arendal
Høgre bakspelar: Kent Robin Tønnesen, Haslum
Linjespelar: Joakim André Hykkerud
Midtre bakspelar: Jac Karlsson, Runar
Venstre bakspelar: Svend Magnus Pettersen, Fyllingen
Venstre kanspelar: Magnus Jøndal, Follo

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,58 kr
Dyrest kl. 20 2,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,7 kr 25 min.
  • Dusje 6,4 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %