Hopp til innhold

18-åring fekk gjennombrotet i tap

18 år gamle David Rui vart kåra til banas beste og fekk sitt store gjennombrot i semfinale-tapet mot Fyllingen i sluttspelet.

David Rui, ØIF Arendal

GOD: ØIF Arendal-spelaren David Rui spelte ein kjempekamp i semifinale-tapet mot Fyllingen. Ungguten scora seks mål.

Foto: Sander Heggheim/NRK

– Det var veldig gøy. Det losna skikkeleg for min eigen del i dag. Eg har fått mykje speletid av Leif. Men eg skulle gjerne sett at vi vann i dag slik at vi kunne ha spelt finale i staden for bronsefinale i morgon, seier ØIF-spelaren David Rui til NRK.

18-åringen scora seks mål i 30-33 tapet for Fyllingen. Før sesongen var ikkje talentet ein gang i A-troppen.

– Kult

– Det var veldig kult at eg lukkast slik eg gjorde. Dersom eg trenar hardt og står på trur eg at eg kan nå så langt eg vil, seier Rui.

Veteran Kjetil Øygarden er full om lovord om ungguten.

– Det er det som er så gledeleg. Lyspunkta er at det er ein lokal unggut som kjem opp. Ein skulle tru at han hadde spelt 50 slike kampar. Han spelar sin livs kamp, seier Øygarden til NRK.

Stolt veteran

– Eg er så stolt over arbeidet som er gjort i klubben og at vi satsar på unge lokale gutar. Det viser seg at det gjev resultat. Han var outstanding i dag, seier Øygarden.

I morgon får Rui moglegheit til å følgje opp den gode innsatsen. Då spelar ØIF Arendal bronsefinale mot anten Runar eller Elverum.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,6 kr
Dyrest kl. 18 1,95 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %