Hopp til innhold

Fyrer laus før lokaloppgjer: – Vi hatar Arendal

Stemninga er sett før lokalderbyet mellom Kristiansand Topphåndball og ØIF Arendal i eliteserien i handball.

– Vi har veldig mykje respekt for dei utanfor banen, men på banen er det null respekt. Vi hatar Arendal, seier Håkon Pettersen, som spelar i Kristiansand Topphåndball

– Eg har ikkje opplevd å slå Arendal så mange gonger, men dei gongene vi har gjort det er det jævlig «digg», seier han.

Onsdag kveld tek Kristiansand imot rivalen på heimebane.

Der blir det fulle tribunar og eit Kristiansand-lag, som har trua på at dei kan tukte storebror i aust.

Kven trur du vinn kampen?

Vil slå Kristiansand

– Arendal er eit berg og dalbane-lag. Dei kan tape mot dårlege lag og vinne mot gode lag. Forhåpentlegvis klarer vi det denne gangen, seier Pettersen.

Før kampen er det ikkje mykje som skil dei to klubbane på tabellen.

ØIF ligg på 4.-plass, medan Kristiansand ligg på 7.-plass. Men det er berre eitt poeng som skil dei to laga.

På bana møter Pettersen kameraten Jørg William Fiala Gjermundnes. ØIF-spelaren gler seg til å møte Kristiansand.

– Vi skal ut å ta to poeng uansett. Koste kva det koste vil. Så enkelt er det, seier han.

– Typisk Arendal. Koste kva det koste vil. Dei har dobbelt budsjett av oss og ligg berre eitt poeng føre oss på tabellen med ein kamp meir spelt. Så vi får sjå, kontrar Pettersen.

Jørg William Fiala Gjermundnes

Jørg William Fiala Gjermundnes i ØIF-drakta i ein kamp mot Elverum tidlegare. Onsdag tek han på seg drakta igjen. Då er veslebror Kristiansand motstandar.

Foto: Geir Olsen / NTB

– Håpar vi er like gode vener etter kamp

Det er Kristiansand-spelaren som er friskast i kommentarane før kamp. Men Gjermundnes i ØIF er glad for at naboen i vest spelar i eliteserien.

Kristiansand var nær ved å rykke ned til 1. divisjon førre sesong.

– Det er jo desse kampane som er dei kjekkaste. For oss er det utruleg gøy at Kristiansand er der oppe. Vi håper dei blir der oppe i lang tid framover, seier han.

Onsdag kveld får vi svaret på kven som er best i Agder.

– Eg håpar vi er like gode vener etter kamp, seier Pettersen.

– Vi får prøve, svarar Gjermundnes.

Så spørst det om dei klarer nettopp det.

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,58 kr
Dyrest kl. 20 2,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %