Hopp til innhold

Audnedal sa ja til kommunesamanslåing

Måndag kveld vart det klart at fleirtalet av innbyggjarane i Audnedal kommune er for ei eventuell kommunesamanslåing med Lyngdal og Hægebostad.

Ordfører Reidun Bakken

Ordførar i Audnedal, Reidun Bakken, er godt nøgd med kveldens resultat etter folkeavstemminga i kommunen.

Foto: Privat

Etter at dei 848 avgitte stemmene i folkeavstemminga var talte opp, kom det fram at eit fleirtal på 59 prosent av innbyggjarane i Audnedal vil at kommunen skal gå vidare med intensjonsavtalane saman med Lyngdal og Hægebostad.

Ordførar i Audnedal, Reidun Bakken, er nøgd med resultatet.

– Eg er veldig glad for det resultatet. Kommunen hadde jobba fram den intensjonsavtalen, og synest den var veldig god for kommunen. Difor er eg glad for at innbyggjarane også gav si tilslutning til den.

346 personar, eller 41 prosent, stemte nei til forslaget.

Resultatet av kveldens folkeavstemming skal behandlast i formannskapet i Audnedal på torsdag.

Resultatet vil bli vektlagt

– Eg er veldig letta over at det var eit så tydeleg resultat, og at vi ikkje blei ståande med nokre få stemmer som vippa den eine eller den andre vegen.

Ordføraren seier resultatet vil ha mykje å seie for arbeidet framover.

– Når det er så tydeleg forskjell på ja- og nei-stemmene så vil det bli lagt stor vekt på. Eg er godt nøgd med ei valoppslutning på 65 prosent.

Lyngdølane har allereie stemt, medan innbyggjarane i Hægebostad skal stemme i mars. Det kan by på utfordringar om innbyggjarane i Hægebostad seier nei.

– Det kan bli vanskeleg for Lyngdal 3-alternativet i alle fall, då Lyngdal 2 ikkje er eit alternativ. Viss dei skulle seie nei, så må vi tenkje nytt.

Forventa stor oppslutning

Før folkeavstemminga sa Bakken at ho forventa at innbyggjarane ville dra til stemmelokalet på rådhuset for å avgi si stemme.

– Eg har ei forventning om at innbyggjarane har forstått viktigskapen av dette, og at mange vil avgi si stemme.

Kommunen passerte 1760 innbyggjarar 4. februar i år. Tanken er å bli ei storkommune med 13 000 innbyggjarar i 2020 som heiter Lyngdal, der rådhuset skal ligge.

Nei frå Åseral

Fleire innlandskommunar har forsøkt å få til eit samarbeid.

Audnedal ønskte at kraftkommunen Åseral skulle vere med i eit samarbeid og eventuell kommunesamanslåing. Men åsdølane sa nei til samanslåing i september i fjor.

– Det blei jobba mykje med midtre Agder-prosjektet. Men det stranda då åsdølane sa nei til samanslåing. Mange innbyggjarar her i Audnedal ønska å slå seg saman med kraftkommunen for dei har jo bra med pengar, seier Bakken.

Ho er klar på at kommunen må slå seg saman med Lyngdal for at innbyggjarane i framtida skal få den tenesta dei har krav på.

– Det er mykje debatt om dette temaet i kommunen no, fortel KrF-ordføraren.

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,58 kr
Dyrest kl. 20 2,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %